Olje- og energidepartementet gjer i proposisjonen framlegg til
lov om fornybar energiproduksjon til havs (havenergilova), og det
vert presentert eit framlegg for ein strategi for utvikling av næringsliv
og energiressursar knytt til havbasert fornybar energi. Framlegget
svarer til framlegget i Ot.prp. nr. 107 (2008–2009) Om lov om fornybar
energiproduksjon til havs (havenergilova), som blei satt fram for
Odelstinget i den førre sesjonen.
Framlegg til lov om fornybar energiproduksjon til havs skal gi
det rettslege rammeverket for å gi konsesjonar og på annan måte
regulere forhold knytt til planlegging, utbygging, drift og nedlegging
av anlegg for produksjon av fornybar energi og anlegg for omforming
og overføring av elektrisitet til havs. Lovframlegget er basert
på arealvurderingar med tilhøyrande prosedyre for konsekvensutgreiingar.
Regjeringa vil at Noreg skal utviklast vidare som ein miljø-
og klimavennleg energinasjon, og å vere leiande innanfor utviklinga
av miljøvennleg energi. Ein viser til Stortingets handsaming av
St.meld. nr. 34 (2006–2007) Norsk klimapolitikk. Som del av ein klimaavtale
der òg andre industriland tek på seg store pliktar, var partane
i klimaforliket einige om at Noreg skal ha eit forpliktande mål
om karbonnøytralitet seinast i 2030. Det inneber at Noreg skal sørgje
for utslippsreduksjonar svarande til norske utslepp i 2030. Satsing
på energieffektivisering, varme og elektrisitet frå fornybare energikjelder
er sentrale element i regjeringas klimapolitikk. Det er mogleg å auke
energiproduksjonen monaleg, og energien kan nyttast meir effektivt.
Samanlikna med andre land har Noreg ein spesiell energisituasjon.
– Noregs elektrisitetsproduksjon er basert på fornybar energi, og
det er framleis god tilgang på fornybare energiressursar på land
som kan takast i bruk, og som er rimelegare enn havbasert fornybar
energi. Regjeringa meiner likevel det er viktig at Noreg medverkar
til å utvikle konkurranseevna for havbasert energi, og ein visar
til at det er fire element i dette: Kompetanse, fornybare energiressursar
til havs, infrastruktur og regulerbar vasskraft.
Regjeringa vil prioritere arbeid med å utfylle regelverket slik
at alle vesentlege forhold er avklart når det er aktuelt å opne
havareal for konsesjonssøknader. I første omgang vil ein særleg
prioritere arbeid med arealvurderingar, tryggleiksspørsmål og kvalifikasjonskrav
til konsesjonærar. Det vises til at det vil straks bli sett i gang
eit arbeid med å vurdere havareal som kan vere eigna for utbygging
av vindkraft til havs, og dermed for eventuell avgjerd om opning
for konsesjonssøknader.
Utviklinga av fornybar energiproduksjon og infrastruktur til
havs må sjåast i samanheng med utviklinga av overføringsnettet på
land. Moglege løysningar for infrastruktur vil inngå i vurderinga
av havareal som kan vere eigna for utbygging av vindkraft til havs.
Eit framtidig kraftnett i Nordsjøen kan bli utvikla stegvis, for
eksempel ved at kablar frå vindkraftanlegg i havet til lands over
tid blir knytt saman i eit meir omfattande nett. I samband med dette
vil det vere ein vesentleg fordel om val av teknologiske løysingar
blir harmoniserte slik at det er lagt til rette for ei seinare samankopling.
Framlegget til ei havenergilov legg til rette for ei stegvis utvikling
av kraftnett til havs.
Departementet viser til at spørsmål om føresegner om den økonomiske
reguleringa av produksjon og overføring, mellom anna regelverk knytt
til nettregulering, vil krevje nærare utgreiingar for å sikre at ei
slik regulering blir føremålstenleg utforma. Man vil prioritere
høgt å utarbeide slikt regelverk, slik at lovføresegner og forskrifter
ligg føre i god tid før det er aktuelt med store investeringar innan
lova sitt verkeområde. Man meiner vidare det er viktig at kostnadene
ved slik nettutbygging blir gjort synlege for produsentar og andre
som tek avgjerder.
Departementet viser og til at ei vidareutvikling av norsk regulerbar
vasskraft kan medverke til å leggje til rette for utbygging av vindkraft
og annan uregulerbar fornybar energiproduksjon. Ei vidareutvikling
av norsk regulerbar vasskraft må skje innan miljømessig forsvarlege
rammer, og miljøkonsekvensane må vurderast opp mot nytten av tiltaka.
Ein viser til at NVE no gjennomfører arbeid med å vurdere korleis
vasskrafta sine reguleringseigenskapar kan utviklast vidare på ein
miljømessig forsvarleg måte. Vidare viser ein til at forskingsinnsatsen
òg skulle bli styrkt ved at det i 2009 blei etablert eit forskingssenter
der samspelet mellom vass- og vindkraft og miljøverknader av vasskraftreguleringar
vil vere sentrale forskingstema.
Behovet for å redusere utsleppa av klimagassar frå energiproduksjon
utan å svekkje forsyningstryggleiken kan bli ein vesentleg faktor
i å utvikle ei meir klimavennleg energiforsyning i Nord-Europa og
i andre land med høvelege havareal. Ei årsak til dette er at tilgjengeleg
areal for produksjon av fornybar energi på land er avgrensa, og
det teoretiske potensialet for fornybar energiproduksjon til havs
er svært stort.
Utbygging av havbasert energi i stor skala vil medføre vesentlege
utfordringar og krav til internasjonal koordinering. EU-kommisjonen
har i 2008 gjeve ei fråsegn om ein handlingsplan for havbasert vindenergi,
som er ein del av EUs oppfølging av den framlagte energi- og klimapakken
frå januar 2008, og der fornybardirektivet inngjekk. EUs mål er
at 20 prosent av energibruken kjem frå fornybar energi i 2020. Fornybardirektivet
inneber at landa skal ta på seg nasjonale mål og levere handlingsplanar
for gjennomføringa av måla.
Departementet viser til at vindkraft til havs har eit svært stort
ressursgrunnlag i Noreg. Teknologistatus, teknologiutfordringar
og høva framover til å utvikle ulike teknologiar for havbasert fornybar
energi, med særleg merksemd på vindkraft til havs, er presentert
i proposisjonen. Andre teknologiar for fornybar energi til havs
som er omtala er knytt til bølgje- og tidvasskraft og saltkraft.
Teknologi for havbasert kraftproduksjon er framleis i ein tidleg
fase, og det er eit stort potensial for kostnadsreduksjonar. Ein
viser til at det fram til og med 2008 var installert totalt 200
vindturbinar fordelte på 18 vindkraftverk i Noreg, og totalt har
om lag 1300 MW vindkraft motteke endeleg konsesjon i Noreg. Om lag
430 MW av desse er sette i drift. Om lag 870 MW har fått endeleg
konsesjon, men er ikkje sette i drift eller er under byggjing.
Viktige utviklingsområde dei næraste åra er utviklinga av store
vindkraftverk tilpassa tøft klima på land og til havs, med sterk
vind, turbulent vind, ising og kaldt klima. Auka bruk av kraftelektronikk,
ny generatorteknologi, betre system for styring og kontroll, og
vidare utvikling mot lettare konstruksjonar (materialteknologi)
vil medverke til reduserte kostnader. Betre vindvarslingsteknikkar
kan auka verdien av vindenergien ved å varsle vindtilhøva for eksempel
6 til 48 timar på førehand.
Det er i proposisjonen gjort rede for investeringskostnader og
kostnader knytt til drift og vedlikehald for vindkraftproduksjon
på land og til havs.
Regjeringa meiner både styresmakter og næringslivet vil ha nytte
av betre kunnskap og kompetanse om dei samfunnsmessige premissa
som ligg til grunn for at nye energiløysingar vert utvikla og tekne i
bruk. Fagmiljøa innafor feltet må styrkast, og det må stimulerast
til nærare samarbeid.
Norsk vindkraftbransje er i ein oppstartfase, og regjeringa meiner
det er nødvendig å utvikle teknologi, kunnskap, kapasitet i nett
og generell bransjekompetanse for å leggje grunnlaget for ein framtidig
storskala norsk vindkraftproduksjon. Dette krev auka investeringar
og auka innsats.
For å få til dette er erfaring frå landbasert vindkraft nødvendig,
og man vil sjå til at det blir gjort ein grundig analyse av dei
førebelse erfaringane med til drift av norske landbaserte vindkraftverk.
Energi som skal matast inn i eit kraftnett må tilpassast normer,
standardar og kapasitetsgrenser i nettet. Vindkraft til havs har
ein fordel i forhold til landbasert vindkraft, ved at vinden er
meir stabil. Det gjeld særleg langt til havs. Men vindkraft til
havs har andre utfordringar knytt til kabelteknologi under vatn og
transport av kraft over lange avstandar. I tillegg til at det må
leggjast overføringskablar på havbotnen, må det etablerast omformaranlegg
til havs.
Vindkraftproduksjon til havs har kjenneteikn som medfører at
det er særskilt påkravd at dette står sentralt i vurderinga. Det
finst knapt infrastruktur for overføring av kraft til havs, og vurdering
av forhold knytt til slik infrastruktur må gå hand i hand med vurdering
av havareal for vindkraftproduksjon. Etablering av slik infrastruktur
er dyrt, og overføring av krafta medfører krafttap. Investeringskostnader
og krafttap avheng av overføringsavstand, overføringskapasitet og
spenningsnivå, og om elektrisiteten blir overførd som likestraum
eller vekselstraum.
Utfordringane knytt til stabilitet i kraftsystemet og forsterking
av linjenett på land kan påverke dei fysiske høva til å mate vindkraft
frå norske havområde inn i andre land sine kraftsystem, og dermed
omfanget av framtidig utbygging i norske havområde. Det kan òg ha
betyding for kor framtidig utbygging i norske havområde bør lokaliserast,
og dermed for arbeidet med arealavgrensing.
I forslaget til havenergilov er det lagt opp til at etablering
av fornybar energiproduksjon til havs i utgangspunktet berre kan
skje etter at staten har opna nærare bestemte geografiske område
for søknader om konsesjon. I medhald av lovforslaget skal det gjennomførast
konsekvensutgreiing før opning av areal i statleg regi.
Norske havområde dekkjer eit svært stort areal, og det tekniske
potensialet for fornybar energi i norske havområde er derfor svært
stort. Ei konsekvensutgreiing i statleg regi må avgrensast til areal
som ut frå ei heilskapleg vurdering kan synast mest aktuelle for
utbygging. Før konsekvensutgreiingar kan setjast i verk, må det
såleis gjerast eit arbeid med arealavgrensing. Den skal ta utgangspunkt
i ei vurdering av tekniske og økonomiske forhold som vil vere avgjerande
for kor vidt utbygging vil vere aktuelt. Dette inkluderer blant
anna vindressursar, havdjup, kraftoverføring, forsynings- og marknadsmessige
forhold.
Miljøforhold og andre arealbruksinteresser til havs må vidare
vurderast i arealavgrensinga. I proposisjonen er omtala dei viktigaste
faktorane – biologisk mangfald, visuelle verknader, kulturminne,
fiskeri, sjøtransport, petroleumsverksemd og forsvarsinteresser.
Det er òg gjeve ei omtale av heilskaplege forvaltningsplanar for
norske havområde.
Forholdet mellom arealavgrensing, strategisk konsekvensutgreiing
og prosjektspesifikke konsekvensutgreiingar er drøfta i proposisjonen,
og det er gjeve ein omtale av korleis arbeid med arealavgrensing
og konsekvensutgreiingar er lagt opp i Danmark og Storbritannia.
Vidare er det beskrive korleis departementet vil setje i verk arbeid
med arealavgrensing og konsekvensutgreiing utanfor grunnlinjene.
Arealvurderingane for vindkraft til havs må sjåast i samanheng
med lokalisering og vidareutvikling av regulerbar vasskraft og utvekslingskapasitet.
I tillegg til innmating i kraftsystemet på land i Noreg eller
utlandet, kan vindkraft til havs òg medverke til å forsyne petroleumsinstallasjonar
med elektrisitet. Fordi vindkraft ikkje er regulerbar kan ikkje
dette vere den einaste kraftforsyninga til slike installasjonar.
Det vil vere nødvendig med annan krafttilgang i tillegg, anten i
form av gassturbinar eller ved tilknyting til kraftsystemet på land.
I ei arealvurdering vil det vere relevant å vurdere tekniske, kostnadsmessige
og andre forhold knytt til slike løysingar.
Eventuelle miljøkonsekvensar av etablering og drift av offshore
vindkraft forventes i hovedsak for miljøverdier lokalt i nærområdene
til anleggene og eventuelle skader på enkeltindivider. Det er imidlertid
en del usikkerhet knyttet til konsekvenser av offshore vindkraft
for sjøfugl. Usikkerheten er relatert til kollisjonsrisiko for lokale
og trekkende fugler, samt eventuelle barriereeffekter. Med hensyn
til fisk og sjøpattedyr er det noe manglende kunnskap om eventuelle
adferdsmessige virkninger av støy fra vindturbinene.
St.meld. nr. 8 (2005–2006) Helhetlig forvaltning av havområdene
utenfor Lofoten (forvaltningsplanen) peika ikkje ut særskilde område
for vindkraft. Planen nemnde heller ikkje særskilde område der vindkraft
utan vidare er uaktuelt.
Departementet viser til at det i utgangspunktet er eit potensial
for konflikt mellom energiproduksjon til havs og fiskeriverksemd.
Etableringar av vindkraftverk eller bølgjekraftverk kan, avhengig
av storleik og plassering, hindre fiske dersom installasjonane blir
plasserta i fiskeområde. Ved etablering av botnfaste vindturbinar
er det område grunnare enn 100 meter som er aktuelle. Slike bankar
kan samtidig vere viktige område for fiske, og arealkonflikt med
fiskeflåten kan oppstå. Dialog med fiskerinæringa vil såleis vere
ein viktig del av ein prosess for å identifisere eigna område for
havbasert vindkraft.
Sjøkablar vil føre energien frå vind- eller bølgjekraftverk til
havs inn til land. I område der det er fare for at reiskap skal
setje seg fast i straumkablane, kan kabelen anten gravast ned eller
dekkjast over med stein. Nedgravne kablar vil medføre små problem
for fisket.
Ein visar og til at dersom verkeområdet til havenergilova blir
utvida i dei indre farvatn, vil potensialet for arealkonflikt med
akvakulturverksemd auke. I vurderinga av moglege areal for energiproduksjon til
havs må det takast omsyn til noverande og framtidige område med
potensial for akvakultur.
Departementet vil setje i gang arbeid med å vurdere havareal
som kan vere eigna for utbygging av vindkraftanlegg. Norske havområde
er store og ei konsekvensutgreiing av heile det norske havarealet vil
vere svært ressurs- og tidkrevjande. Ein skal først gjere ei avgrensing
av kva havområde som skal omfattast av ei strategisk konsekvensutgreiing,
deretter skal strategisk konsekvensutgreiing gjennomførast i medhald
av lovforslaget. Avhengig av utviklinga i teknologi, kostnader,
etterspørsel, kunnskapsutvikling mv. vil det i åra framover vere
aktuelt å gjennomføre fleire slike rundar for å opne areal for søknadar.
Arbeidet med arealavgrensing skal ta utgangspunkt i at havområde
som er venta å vere mest aktuelle for utbygging på grunnlag av faktorar
som vindressursar, havdjup, kraftoverføring, forsynings- og marknadsmessige
forhold. Dette tilseier at det er særleg relevant å vurdere område
i den sørlege delen av Nordsjøen. For andre norske havområde (midtre
og nordlege del av Nordsjøen, Norskehavet og Barentshavet) kan utbygging
av eit kraftnett til havs liggje lengre fram i tid. Vindkraft til
havs i desse områda må tilknytast nettet på land, og ei slik utbygging
må vurderast opp mot utbygging av fornybar elektrisitetsproduksjon
på land.
Mange stader langs kysten er det avgrensingar i overføringsnettet,
og ei utbygging av vindkraft til havs med ilandføring kan då redusere
høva til å auke fornybar elektrisitetsproduksjon på land. Dette
kan endrast, blant anna ved ei eventuell framtidig utbygging av
petroleumsverksemd. I ei vurdering av elektrifisering av slike anlegg
kan kostnadsbiletet endrast, og havbasert kraftproduksjon vil då
vurderast opp mot landbasert kraftproduksjon. Forholda er annleis
i Midt-Noreg, med underskot på kraft og avgrensingar i overføringsnettet.
Utanfor kysten er det her òg havareal som er eigna for botnfaste
installasjonar. Ei eventuell utbygging til havs skal likevel vurderast
opp mot at det ligg føre betydelege planer for utbygging av landbasert
kraftproduksjon i området og forsterking av overføringsnettet.
Departementet finn det føremålstenleg at man òg gjennomfører
vurderingar av utvalte havområde nord for sørlege Nordsjøen som
synest særleg aktuelle for framtidig utbygging, og at man inkluderer
havareal innafor grunnlinja.
Vidare skal ein gjere ei særskilt vurdering av tekniske, økonomiske
og andre relevante forhold vedrørande utbygging av vindkraft til
havs i tilknyting til eksisterande og nye petroleumsinstallasjonar
i alle havområda.
Departementet viser til at ei gruppe samansett av medlemer frå
ulike direktorater (direktoratgruppe) skal leggje fram resultat
av det vidare arbeidet andre halvår 2010. Det kan bli aktuelt å
gjennomføre strategisk konsekvensutgreiing for utvalte havareal
i 2011. Status og plan for det vidare arbeidet vil bli lagt fram
for Stortinget ved oppdatering av strategien i 2012.
Framlegg til havenergilov vil mellom anna gje grunnlag for å
handsame energianlegg utafor grunnlinjene. Vindkraftanlegg og andre
fornybare energikjelder som er lokaliserte i sjø innafor grunnlinjene, blir
i dag konsesjonshandsama etter energilova.
Ein visar til at NVE i samråd med departementet har utarbeidd
kriterium for korleis sakene bør prioriterast. Formålet er å leggje
til rette for snøggare handsaming av dei mest realistiske prosjekta,
samtidig som planlegginga av dei minst realistiske prosjekta kan
bli avslutta. Dette kan over noko tid medverke til snøggare utbygging
av vindkraft og redusert konfliktnivå.
Departementet meiner det er føremålstenleg at NVE inntil vidare
ikkje prioriterer å handsame nye meldingar om større vindkraftprosjekt
innafor grunnlinjene. NVE skal likevel framleis gi høg prioritet
til handsaming av mindre prosjekt som er ledd i utvikling og utprøving
av teknologi.
Tekniske og kostnadsmessige forhold ved overføringssamband mellom
havbasert elektrisitetsproduksjon og forbruk på land og prinsippa
for ei føremålstenleg utbygging av overføringskapasiteten er presentert
i proposisjonen. Vidare er det gjeve ei oversikt over planar og
prosjekt for havvind i andre land rundt Nordsjøen som kan vere aktuelle
for tilknyting til eit eventuelt nett til havs. Ein visar til at overføringsnettet
til utanlandet gjer det mogleg å utveksle kraft med nabolanda og
slik halde ein høg forsyningstryggleik med mindre total produksjonskapasitet.
Departementet meiner at det er nødvendig å få på plass nokre
prinsipp for infrastrukturen som gjer utvikling mogleg i den første
fasen, og man vil arbeide vidare med dei prinsippa som bør gjelde.
Nærare avklaringar og prinsipp vil bli presenterte i den vidareutvikla
nasjonale strategien for fornybar energi til havs.
Overføringsnettet til havs vil på sikt kunne sjåast på som ein
heilskap der kablar for alle former for fornybar kraftproduksjon
til havs og elektrifisering av petroleumsverksemda inngår. I den
tidlege fasen vil enkeltkablar bli utbygde etter behov. Vurdering
av behovet og utbygging av utanlandskablar må halde fram uavhengig
av utviklinga av vindkraft til havs.
Overføringsnettet til havs vil skilje seg frå det på land ved
at det blant anna har ein annan funksjon og i større grad blir nytta
til eksport. Nettkundar på land skal ikkje dekkje kostnadene for
eit overføringsnett til havs. Aktøren pliktar ved tilkopling til
overføringsnettet på land, å halde seg til dei vilkåra som gjeld
for kraftmarknaden og tilknyting til overføringsnettet.
Ein meiner vidare at det førebels ikkje er nødvendig å ta standpunkt
til om nett- og systemverksemda knytt til havenergi bør samlast
i eitt selskap. Dette spørsmålet vil ein komme tilbake til ved framlegginga
av oppdatert strategi. Ved etablering av ein eventuell systemoperatør
til havs vil det vere naturleg å vurdere om Statnett skal få utvida
si rolle til også å omfatte systemoperatør til havs.
Ved eit framtidig overføringsnett til havs der for eksempel både
forbrukarar og produsentar kan vere tilknytta den same kabelen,
vil det òg vere behov for utforming av eit regelverk for tariffering.
Det vil i den samanhengen vere naturleg å vurdere føremålstenleg
utforming av tarifferingsprinsipp.
Det er i dag ikkje noko fullstendig konsesjonslovverk for etablering
av vindkraftanlegg utafor grunnlinjene. Enkelte slike anlegg vil
truleg kunne falle inn under petroleumslovgivinga. Andre lover som
tek vare på spesielle interesser kan i noko grad òg komme inn, utan
at dette dekkjer heilskapen i ei etablering av vindkraftanlegg til
havs. Omsynet til effektive og føreseielege prosessar for etablering
av fornybar energiproduksjon med tilhøyrande infrastruktur tilseier
at det blir lagt opp til ein heilskapleg og koordinerande konsesjonsprosess
for nye energiproduksjonsanlegg til havs.
Regjeringa vil ved lovforslaget leggje til rette for utvikling
av ny fornybar energiproduksjon til havs, og å ha samfunnsmessig
kontroll med arealbruk og produksjons- og overføringsanlegg. Den
foreslåtte havenergilova skal regulere planlegging, utbygging, drift
og nedlegging av anlegg for fornybar energiproduksjon og anlegg
for omforming og overføring av elektrisk energi til havs.
Det er foreslått ei føresegn som slår fast at retten til å utnytte
fornybare energiressursar til havs tilhøyrer staten.
Forslaget inneheld ei føresegn om opning av areal med sikte på
tildeling av konsesjon til fornybar energiproduksjon. Føresegna
sikrar at planlegging og utbygging av fornybar energiproduksjon
og overføringsanlegg skjer i eit heilskapleg perspektiv der alle relevante
interesser og tilhøve blir vurderte.
Lovforslaget fastset konsesjonsplikt for å byggje, eige og drive
anlegg for fornybar energiproduksjon og anlegg for omforming og
overføring av elektrisk energi til havs. I konsesjonen kan det stillast
vilkår som tek vare på omsynet til mellom anna energiforsyning,
miljø, tryggleik, næringsverksemd og andre interesser ved utbygging,
drift og nedlegging av slike anlegg. Lovforslaget inneheld òg andre
føresegner som tek vare på desse omsyna.
Lovforslaget inneheld førebels ikkje føresegner om økonomisk
regulering av selskapa. På eit seinare tidspunkt vil føresegner
om fleire av dei forholda som er omtalte under bli tekne inn i lov
eller forskrift.
Lovforslaget gir departementet heimel til å bestemme at delar
av lova i enkelte tilfelle kan gjelde for ikkje-fornybar elektrisitetsproduksjon
til havs. Dette kan for eksempel vere aktuelt ved eventuell planlegging
av storskala gasskraftverk til havs for leveransar til kraftsystemet
på land.
Lovforslaget inneheld føresegner om systemansvar som skal handtere
den fortløpande drifta av eit framtidig kraftsystem til havs.
Departementet har funne det nødvendig å ha lovføresegner som
slår fast sentrale prinsipp, men som samtidig er fleksible slik
at det er mogleg raskt å kunne regulere ulike problemstillingar
som oppstår. Dette inneber at loven må utfyllast med forskrifter.
Over tid kan det vere nødvendig å revidere lovverket i takt med
utviklinga.
I arbeidet med lovforslaget har departementet òg vurdert føresegner
knytt til nettregulering, marknadsplass, funksjonelt og selskapsmessig
skilje mellom produsent og nettoperatør, kraftforsyningsberedskap mv.
Desse spørsmåla krev nærare utgreiingar for å sikre at ei slik regulering
blir utforma på ein føremålstenleg måte. Man vil prioritere å utarbeide
eit slikt regelverk, slik at lovføresegner og forskrifter ligg føre
i god tid før det er aktuelt med store investeringar innan lova
sitt verkeområde.
Det er i proposisjonen gjeve rede for gjeldande rett innafor
havenergiområdet og om forholdet til folkeretten. Folkerettslege
rammer for kyststatane sin jurisdiksjon i tilliggjande havområde
følgjer av folkerettsleg sedvane og av traktatar Noreg er bunde
av, så som Havrettskonvensjonen av 1982.
Man viser til at norsk sjøterritorium omfattar området innanfor
12 nautiske mil utanfor grunnlinjene, jf. lov om norsk territorialfarvann
og tilstøtende sone frå 2003. Innanfor denne grensa har den norske
staten høve til reguleringar som er nesten like omfattande som på
land.
Forslaget til formålsføresegn legg opp til at energiproduksjon
til havs skal skje etter ei avveging av samfunnsmessige målsetjingar
og at energianlegg blir planlagde, bygde og disponerte slik at omsynet
til energiforsyning, miljø, næringsverksemd og andre interesser
blir teke vare på.
Energianlegg skal planleggjast, byggjast og disponerast slik
at omsynet til energiforsyning, miljø, tryggleik, næringsverksemd
og andre interesser blir teke vare på. «Miljø» er i denne samanhengen
eit samleomgrep for alle miljøtema, under dette naturvern, biologisk
mangfald, klima, kulturminne og kulturmiljø. Denne forståinga av
omgrepet er i samsvar med miljøforvaltninga av i dag.
Departementet foreslår at lova utan vidare skal gjelde generelt
i territorialfarvatnet utanfor fastlandet og på kontinentalsokkelen.
Kongen kan vidare bestemme at føresegner i lova skal gjelde for
soner oppretta i medhald av lov om Norges økonomiske sone og for
sjøterritoriet og indre farvatn ved Svalbard og Jan Mayen.
Departementet meiner delar av havenergilova kan gjerast gjeldande
i dei indre farvatna òg, ein foreslår ei tilføying i verkeområdeføresegna
som opnar for å utvide det stadlege verkeområdet til dei indre farvatna.
I energilova er foreslått ei tilføying som opnar for å ikkje bruke
einskilde føresegner i saker som blir handsama etter havenergilova.
Departementet foreslår ei føresegn som gir anledning til å setje
heile eller delar av lova til side i forskrift eller vedtak. Føresegna
kan nyttast der tiltak omfatta av § 1-2 første ledd kan handsamast
etter anna lovverk, typisk for energianlegg som utgjer en integrert
del av petroleumsverksemda, skipsfart eller tilsvarande.
Det er ikkje føreslått å opne for generelt å nytte lova på ikkje-fornybar
energiproduksjon til havs.
Etablering av fornybar energiproduksjon til havs kan i utgangspunktet
berre finne stad etter at staten har opna nærare bestemte stadlege
område for søknader om konsesjon. Formålet er å sikre staten kontroll med
at planlegging og utbygging av fornybar energiproduksjon med tilhøyrande
infrastruktur skjer i eit heilskapleg og langsiktig perspektiv,
der alle relevante interesser og forhold blir høyrde og vurderte
i ein tidleg fase. Det vil òg leggje til rette for at den påfølgjande
konsesjonsprosessen blir meir føreseieleg. Tal, storleik og lokalisering
av utlyst areal må vurderast som ledd i ein kartleggings- og konsesjonsprosess.
Departementet finn at vedtak om opning av areal er ei så vidtgåande
avgjerd for samfunnet at myndet bør liggje hos Kongen i statsråd.
Ved opning av areal vil det elles normalt følgje ein tidsfrist
for innsending av konsesjonssøknad. Har det ikkje komme inn søknader
ved utgangen av fristen, står styresmaktene i utgangspunktet fritt
til å vurdere om området bør lysast ut på nytt.
Nettanlegg vil bli omfatta av den arealplanlegginga lovforslaget
legg opp til. Nettkapasitet, høve til avsetning og andre forhold
knytte til nett vil ha betyding for kva område det er aktuelt å
vurdere for opning. Departementet finn det ikkje nødvendig å slå fast
at nettanlegg generelt skal omfattast av reglane om opning av areal.
Nettanlegg til havs vil berre bli planlagt når det er trong for
overføring av elektrisk energi.
Departementet foreslår nærare føresegner om retten til å søkje
om og få konsesjon for energianlegg til havs, og lovforslaget opnar
blant anna for at det kan etablerast ei form for prekvalifisering
eller for at gjennomføringsevne blir lagt vekt på ved handsaming
av søknad om konsesjon. Regionale verknader må òg vurderast.
Staten skal stå for kartlegging og opning av areal. Departementet
foreslår at det overfor konsesjonæren kan stillast tidsfristar for
ulike steg i utviklinga av prosjektet, og at det kan fastsetjast
sanksjonar ved avvik. Konsesjonsstyresmakta kan ved avvik trekkje konsesjonen
tilbake. Konsesjonen kan i slike høve gis til annan aktør på nærare
gitte vilkår.
Departementet legg til grunn at konsesjon for energianlegg etter
lova kan givast for inntil 30 år, konsesjonstida skal gjelde frå
anlegget blir sett i drift. Lovframlegget opnar for fornying av
konsesjonen ved utløp av konsesjonstida, og konsesjonær kan søkje
om forlenga konsesjon.
I konsesjonsprosessen må det vurderast kor vidt konsesjonæren
skal få einerett på å utnytte det aktuelle havarealet til fornybar
energiproduksjon, eller om departementet på visse vilkår skal kunne
gi konsesjon til annan part til å installere supplerande produksjon
innan området.
Lovframlegget gir heimel til å kunne fastsetje vilkår om tilrettelegging
for eller tilkopling til andre anlegg eller system innan verkeområdet
for lova.
Lovframlegget inneheld føresegner om konsekvensutgreiingar, som
skal vere ein del av ein open og offentleg prosess der blant anna
utgreiingsprogrammet blir sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn.
Kva omfang konsekvensutgreiingar skal ha før ei opning, er ikkje
regulert i detalj i lovforslaget.
Lovframlegget føreset at eventuelle konsekvensar for fiske blir
vurderte før areal blir opna for konsesjonshandsaming. Ein har føresegner
som svarar til føresegnene i petroleumsloven, og foreslår at tilsvarande
ordning som for petroleumsverksemd blir etablert for verksemd som
blir omfatta av denne lova.
Departementet viser til at ei arealavgift kan sjåast på som leige
for bruk av areal, og kan bidra til framdrift i planlegging og utbygging.
Ei arealavgift kan òg medverke til at areal blir effektivt utnytta.
Departementet legg til grunn at arealavgift ikkje er aktuelt i ein
innleiande fase i utvikling og etablering av vindkraft til havs
i Noreg, men man finn det likevel rett å ta inn heimel for å kunne
innføre arealavgift seinare.
Det er teke inn ei presisering i lovteksten om at arealavgift
kan påleggjast ved tildeling av konsesjon eller seinare.