Innstilling frå familie-, kultur- og administrasjonskomiteen om pensjonar frå statskassa

Dette dokument

  • Innst. S. nr. 151 (2001-2002)
  • Kildedok: St.prp. nr. 46 (2001-2002)
  • Dato: 25.04.2002
  • Utgiver: Familie-, kultur- og administrasjonskomiteen
  • Sidetall: 1

Til Stortinget

Samandrag

I samsvar med § 75 bokstav i) i Grunnlova legg departementet med dette fram for Stortinget ei liste over dei pensjonane som gjeld mellombels, og som ikkje blei reviderte av det førre Stortinget.

Heile summen av pensjonar som blei utbetalt i 2001 var på kr 16 478 065. Det er løyvd kr 26 156 000 på kap. 1541 post 1 Pensjonar frå statskassa, på statsbudsjettet for 2002.

For enkjer/enkjemenn gjeld pensjonen så lenge dei er ugifte.

Departementet nemner ei sak særskilt:

"Arbeids- og administrasjonsdepartementet tilrår at Prinsesse Astrid, fru Ferner blir gitt ein pensjon frå fylte 70 år."

Tilråding frå komiteen

Komiteen har ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

Stortinget samtykker i at det vert gjeve pensjon frå Statskassa i samsvar med fremlagt forslag i St.prp. nr. 46 (2001-2002).

Oslo, i familie-, kultur- og administrasjonskomiteen, den 25. april 2002

Sonja Irene Sjøli

leiar

May Hansen

ordførar

Trond Giske

sekretær