Ved avgjerd i EØS-komiteen nr. 139/2001
av 9. november 2001 vart det vedteke å endre vedlegg XX
til EØS-avtala til òg å omfatte europaparlaments-
og rådsforordning (EF) nr. 1980/2000 av 17. juli
2000 om ei revidert fellesskapsordning for tildeling av miljømerke.
Europaparlaments- og rådsforordninga tok til å gjelde
i EU 17. juli 2000.
Avgjerda i EØS-komiteen vart teken
med atterhald for samtykke frå Stortinget, ettersom gjennomføringa
i norsk rett gjer det naudsynt med lovendring, jf. § 26 andre
leddet i Grunnlova og artikkel 103 i EØS-avtala. Gjennom
denne proposisjonen vert Stortinget bede om å gje samtykke
til godkjenning av avgjerda i EØS-komiteen. Fristen for å melde
frå til EØS-komiteen om godkjenning av avgjerda
i EØS-komiteen er 9. mai 2002.
EU har sidan 1992 hatt ei ordning med miljømerking av
produkt. Forordninga om dette vart innlemma i EØS-avtala
og gjennomført i norsk rett i 1998 ved ei endring i merkelova
(ny § 6 a).
Føremålet med forordning var å skape
ei heilskapleg og effektiv miljømerkeordning. Gjennom informasjon om
korleis produkta verkar inn på miljøet, skulle
brukarane verte i stand til å gjere gode miljøval.
Dette ville òg kunne stimulere til produksjon og marknadsføring av
dei produktalternativa som har ein minst negativ innverknad på miljøet.
Næringsmiddel, drikkar og lækjemiddel er ikkje
omfatta av ordninga.
I medhald av forordninga skulle kvar stat peike
ut eit organ med ansvar for å ta hand om oppgåver
i samband med ordninga.
På same måte som den nordiske
miljømerkeordninga "Svanen" er det valfritt å nytte
seg av det europeiske miljømerket.
Den nye forordninga medfører at lovteksta
må endrast, slik at det i merkelova vert vist til den nye
forordninga (forordning (EF) nr. 1980/2000) i staden for den
gamle (forordning (EØF) nr. 880/92). Lovframlegget
vil verte lagt fram for Stortinget i ein eigen odelstingsproposisjon.
Barne- og familiedepartementet går
inn for at Stiftinga Miljømerking i Noreg framleis skal
vere det rette organet med ansvar for det europeiske miljømerket. Skjerpa
krav i den reviderte forordninga til informasjon om og marknadsføring
av EU-miljømerket vil kunne føre til noko større
utgifter til dette føremålet. Barne- og familiedepartementet
gjer framlegg overfor Stortinget om årlege løyvingar
til verksemda til stiftinga, og yter tilskot alt etter kva midlar
som vert stilte til rådvelde for føremålet
gjennom budsjettvedtaket til Stortinget.
På noko lengre sikt vil dei klare intensjonane
om sterkare samarbeid/samordning mellom dei ulike europeiske
merkeordningane truleg få verknader for den nordiske miljømerkeordninga.
Det er likevel vanskeleg per dato å vurdere konsekvensane
av dette samarbeidet for den nordiske miljømerkeordninga.
Utenrikskomiteen har i brev 17. april 2002 uttalt at komiteen ikke har merknader til utkast til innstilling.
Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet, Eirin Faldet, Trond Giske og Torny Pedersen, fra Høyre, Afshan Rafiq, lederen Sonja Irene Sjøli og Olemic Thommessen, fra Fremskrittspartiet, Ulf Erik Knudsen og Karin S. Woldseth, fra Sosialistisk Venstreparti, Magnar Lund Bergo og May Hansen, fra Kristelig Folkeparti, Dagrun Eriksen og Ola T. Lånke og fra Senterpartiet, Eli Sollied Øveraas, er kjent med avgjørelsen i EØS-komiteen nr. 139/2001 av 9. november 2001 der det ble gjort vedtak om å endre vedlegg XX til EØS-avtalen til også å omfatte europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 1980/2000 av 17. juli 2000 om ei revidert fellesskapsordning for tildeling av miljømerke.
Godkjenningen av avgjørelsen i EØS-komiteen må ha samtykke fra Stortinget, og komiteenstøtter Barne- og familiedepartementet og Utenriksdepartementets konklusjon og tilråding.
Komiteen vil poengtere viktigheten av å bevare miljømerket "Svanens" troverdighet ved at merket ikke blir misbrukt av produsenter til produkter som ikke oppfyller de strenge kriterier som skal være til stede før merket kan tas i bruk.
Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre slikt
vedtak:
Stortinget gir samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 139/2001 av 9. november 2001 om innlemming av europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 1980/2000 om ei revidert fellesskapsordning for tildeling av miljømerke i EØS-avtala.
Oslo, i familie-, kultur- og administrasjonskomiteen, den 18. april 2002
Sonja Irene Sjøli
leder |
Torny Pedersen
ordfører |
Trond Giske
sekretær |