Utanriksdepartementet viser i proposisjonen
til at fellesskapsramma for samarbeid for å fremje berekraftig
byutvikling formelt vart vedteken i EU 27. juni 2001. Fellesskapsramma
skal gjelde i tidsrommet 1. januar 2001 til 1. januar 2004, og er
meint å skulle støtte opp om dei verkemidla som
alt finst på området. Budsjettet for ordninga
er sett til 14 mill. euro samla for fireårsperioden 2001-2004,
som tilsvarar om lag 112 mill. kroner.
Det er opna for at EFTA/EØS-statane
kan ta del i fellesskapsramma. Slik deltaking har som føresetnad
at protokoll 31 i EØS-avtala blir endra. Ettersom ordninga
går over fleire år, vil norsk deltaking gjere
det naudsynt med løyvingsvedtak, og det er difor naudsynt med
samtykke frå Stortinget til deltaking i avgjerda i EØS-komiteen.
Med sikte på at Noreg skal ta del i fellesskapsramma så snøgt
som råd, må ein innhenta samtykke frå Stortinget
før det er teke avgjerd i EØS-komiteen. Denne
avgjerda er venta før årsskiftet 2001-2002.
Utanriksdepartementet viser i proposisjonen
til at målet med avgjerda om å inngå ei
avtale om ei felles ramme for samarbeidet om berekraftig byutvikling,
er å medverke til å styrkje dette området
gjennom å gje støtte til samarbeidsprosjekt som
involverer ikkje berre lokale styresmakter i byane, men også næringsliv
og folk flest. Vidare visast det til at Miljøverndepartementet
vurderer at deltakinga i fellesskapsramma vil vere i tråd
med norske interesser. Programmet vil vere eit godt supplement til
vår nasjonale innsats, og deltakinga vil truleg stadfeste
at internasjonalt samarbeid på området berekraftig
byutvikling kan gje vinstar.
Det er i proposisjonen gjort greie for:
– Nærare
om programmet
– Konstitusjonelle tilhøve
– Avgjerda i EØS-komiteen
– Administrative, økonomiske,
budsjettmessige og rettslege konsekvensar
Departementet viser til at norsk deltaking i
den framlagde fellesskapsramma for samarbeid krev ingen lov- eller
forskriftsendringar. Fellesskapsramma har eit samla budsjett på 14
mill. euro over fire år (om lag 112 mill. kroner). Ved
deltaking vil den norske løyvinga bli på om lag
500 000 kroner per år. Utgiftene vil bli dekte over budsjettet
til Miljøverndepartementet, kap. 1463 post 1.
Europaparlaments- og rådsavgjerda og
utkast til avgjerd i EØS-komiteen i uoffisiell norsk omsetjing følgjer
som trykte vedlegg til proposisjonen.
Utkast til innstilling har vore forelagt utenrikskomiteen
til uttale, som ikkje har merknader til innstillinga.
Komiteen har ingen merknader,
viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere
slikt
vedtak
Stortinget samtykker i at Noreg tek del i ei
avgjerd i EØS-komiteen om endring av protokoll 31 i EØS-avtala
om deltaking for EFTA/EØS-statane i ei fellesskapsramme
for samarbeid for å fremje berekraftig byutvikling.
Oslo, i energi- og miljøkomiteen, den 21. november 2001
Bror Yngve Rahm
leiar |
Inger S. Enger
ordførar |
Øyvind Vaksdal
sekretær |