Åge Starheim (FrP): Eg viser til vedlagte resolusjon som vart vedteken på fylkesårsmøte i Sogn og Fjordane FrP den 22.01.12. Resolusjonen omhandlar manglande openheit i Helse Førde og trugsmål mot tilsette, som på pasientane sine vegne seier i frå om uheldige hendingar ved lokalsjukehuset på Nordfjordeid.
Vil statsråden, som den øvste ansvarleg for helseføretaka, sjå på nemnde forhold i Helse Førde, og syte for at leiinga i føretaket oppfører seg korrekt overfor sine tilsette?
Begrunnelse
Følgjande resolusjon vart vedteken på fylkesårsmøte i Sogn og Fjordane FrP:
”Manglande demokrati i helseføretaka.
Sogn og Fjordane FrP meinar at den personhetsen som no foregår i Helse Førde må ta slutt.
Det kan ikkje vere slik at når legar, ut i frå si legegjerning og kompetanse, påpeikar feil og manglar som leiinga i føretaket har bestemt så kjem leiinga med trugsmål om oppseiing.
Den usemje som rår mellom leiinga i Helse Førde og enkelte legar går på at dimensjoneringa av avdelingar ved sjukehuset på Nordfjordeid ikkje er i tråd med dei føresetnadane som står i Nasjonal Helseplan.
Føretaksmøte har pålagt Helse Førde å syte for at ved sjukehuset på Nordfjordeid skal det vere indremedisinsk akuttberedskap og anestesi.
Leiinga i Helse Førde har bestemt å redusere antal overvåkningsplassar ved sjukehuset på Nordfjordeid frå seks til to plassar. Dei to overvåkningsplassane skal då gå til reduksjon av dei femten sengane som føretaksleiinga har oppretta. Dette viser seg å vere alt for lite.
Overlege NN ved medisinsk avdeling ved sjukehuset på Nordfjordeid har sendt bekymringsmelding til leiinga i Helse Førde om at dette kunne gå ut over pasientsikkerheita. Når så overlege NN ikkje får gjennomslag frå leiinga i helseføretaket, tok NN saka opp med media, for å legge press på leiinga i Helse Førde. Dette gjorde overlege NN i lojalitet overfor pasientane.
Sogn og Fjordane FrP ber Helseministeren om å gripe inn overfor leiinga i Helse Førde, både for det som gjeld styreleiar, adm. direktør og fagsjef, slik at tilsette kan få seie i frå utan at dei vert trua med oppseiing. Den hersketeknikken som rår i Helse Førde overfor eigne tilsette må det øyeblikkeleg verte slutt på.
Sogn og Fjordane FrP ber stortingsrepresentant Åge Starheim om snarast å ta dette opp i eit skriftleg spørsmål til Helseministeren.”