Skriftlig spørsmål fra Bjørn Lødemel (H) til miljø- og utviklingsministeren

Dokument nr. 15:1845 (2010-2011)
Innlevert: 29.08.2011
Sendt: 30.08.2011
Besvart: 06.09.2011 av miljø- og utviklingsminister Erik Solheim

Bjørn Lødemel (H)

Spørsmål

Bjørn Lødemel (H): Konfliktnivået i rovviltforvaltninga har vore sterkt aukande. Viktige føresetnader i forliket frå 2004 om delt målsetting og at områder som hadde sterk rovviltbelastning skulle avlastast har mislukkast. For å rette på dette har Høgre vore ein sterk pådrivar for å få på plass viktige formuleringar om at forvaltninga skal bygge på respekt for eigedomsretten, enkeltmenneske og lokalsamfunn sin livskvalitet i det nye forliket.
Kva konkret vil statsråden gjere for å endre kurs i rovviltforvaltninga slik at dette blir ivareteke?

Begrunnelse

Høgre har jobba lenge for å få ein betre rovviltpolitikk. Allereie i 2007 hadde Høgre framlegg i Stortinget om ei grundig evaluering av rovviltforliket frå 2004. Regjeringa har ikkje følgt opp viktige føresetnader frå forliket, og det har vore aukande konfliktar. Ein forfeila rovviltpolitikk truar og fortrengjer i dag landbruket mange stadar.
Høgre var sterk pådrivar for å få på plass formuleringane om at rovviltforvaltninga skal bygge på respekt for eigedomsretten, enkeltmenneske og lokalsamfunn sin livskvalitet. Grunnen til det er at dagens rovviltforvaltning ikkje tek slike omsyn, og at vi ser at dette er ein av hovudgrunnane til at konfliktnivået aukar.
Folk som bur i rovviltbelasta områder opplever rovviltforvaltninga som arrogant og firkanta med god grunn. Det kan stillast store spørsmålsteikn med DN si handtering av rovviltforvaltninga, og deira tolking av regelverket. Todelt målsetting skulle legge til rette for at det kunne vere både beitedyr og rovdyr i same område. Dette har vore ein fiasko mange stadar.
Eit godt døme på at eigedomsretten blir sett til side er saka til en sauebonde i Grue. Her går rettar og næringsgrunnlag tapt på grunn av at rovvilt gjer det umogeleg å halde fram med sauehald. Han blir i tillegg nekta støtte til omstilling. Dette står i sterk kontrast til det som står i forliksteksten, og det må ryddast opp i dette omgåande.
Dei formuleringane som er vist til og som Høgre fekk på plass i det nye forliket skal vere eit sterkt signal om kursendring i rovviltpolitikken. Vi er uroa over det som kjem fram i media om liten vilje til endring frå forvaltninga si side. Derfor ser vi fram til eit godt og utfyllande svar frå statsråden.

Erik Solheim (SV)

Svar

Erik Solheim: I den politiske plattformen for flertallsregjeringen sa Regjeringen at hovedtrekkene i stortingsforliket om rovviltpolitikken fra 2004 skulle videreføres, og den todelte målsettingen om å ivareta både rovvilt og beitenæring står fast. Dette videreføres og styrkes i det nye forliket som alle stortingspartiene stod bak i juni 2011.
Jeg mener at den beste måten å sikre at forvaltningen av rovvilt bygger på respekt for eiendomsretten, enkeltmenneske og lokalsamfunn sin livskvalitet er å styrke den regionale forvaltninga, fortsette satsningen på konfliktdempende og forebyggende tiltak, videreføre satsningen på informasjon om rovdyr og rovdyrs adferd samt å sørge for at uttak av rovvilt, både skadefelling og lisensfelling og kvotejakt blir mer effektiv. Alle disse punktene er omfattet av det nye rovviltforliket. Miljøverndepartementet jobber nå i samarbeid med Direktoratet for naturforvaltning, fylkesmennene og Rovviltnemndene med å følge opp forliket i den praktiske forvaltningen.
Utfordringen er å forvalte både rovvilt og beitedyr på en slik måte at konfliktnivået senkes til et akseptabelt nivå. Jeg tror at oppfølgingen av det nye rovviltforliket vil bidra til dette.