Skriftlig spørsmål fra Bjørn Lødemel (H) til miljø- og utviklingsministeren

Dokument nr. 15:1833 (2010-2011)
Innlevert: 26.08.2011
Sendt: 29.08.2011
Besvart: 02.09.2011 av miljø- og utviklingsminister Erik Solheim

Bjørn Lødemel (H)

Spørsmål

Bjørn Lødemel (H): I avisa Glåmdalen laurdag 20. august uttalar rådgjevar for avdelinga for naturforvaltning i MD at det ikkje blir fremja forslag om naudverje for hund før første halvår 2012. Det står i sterk kontrast til det som kom fram under forhandlingane om eit nytt rovviltforlik på Stortinget i sommar. Hovudhensikta med gjere vedtak på Stortinget før sommaren var at forliket skulle settast i verk straks.
Kva vil statsråden gjere for å følgje opp Stortinget sine intensjonar og få på plass naudverje for hund?

Begrunnelse

I rovviltforliket heiter det at naudverjebestemmelsane skal endrast slik at rovvilt kan avlivast for å beskytte hund ved direkte angrep av rovdyr. Forlikspartane skal takast med på råd før lovforslaget blir fremja for Stortinget. Eg kan ikkje sjå at det er kome noko spørsmål om råd frå MD, og det er svært beklageleg. Denne saka burde vore klar når Stortinget møtast i oktober.
Naudverje for hund har vore tema ved fleire høve. Seinast ved handsaminga av den nye naturmangfaldslova. Det er såleis eit tema som er vel kjent i regjeringa, og det hadde vore svært enkelt å gjennomføre om det hadde vore evne og vilje til å gjere det. Det er svært skuffande at det ikkje er gjort meir frå regjeringa si side for å sette i verk denne delen av forliket.
For mange hundeeigarar er det svært vanskeleg å kunne nytte hund både som jaktkamerat og som turvenn når ulven truar. Det er heilt uhaldbart at det skal vere slik. Det er mange eksempel på at ulv drep hundar den kjem i kontakt med, og det må vere ein menneskerett å kunne forsvare hunden sin om den blir angripen.
På strekninga mellom Halden og Trysil blir det rapportert om stadig fleire angrep og drap på hundar. På Bokerød i Østfold vart ein hund drepen av ulv heime på tunet på garden. Det var barna i familien som fann hunden. Ulven hadde gått forbi tidlegare på dagen, og dei hadde prøvd å skremme den bort. Likevel kom ulven tilbake og drap hunden.
Mange stadar kan ein ikkje gjennomføre jakt med hund på grunn av faren for ulveangrep. Den 11. oktober 2010 vart det drepen ein elghund i Halden, 10 meter frå eigaren. Han hadde gevær, og skaut varselskot for å skremme ulven. Likevel vart hunden drepen.
Naudverje for hund vil ha minimal verknad for bestanden av ulv. Det syner erfaring blant anna frå Sverige. Argumenta om at hundar blir brukte som påskot for å felle ulv er useriøse. Det vitnar om kunnskapsløyse og manglar rot i verkelegheita.
Den nye rovviltforliket som vart vedteke av eit samla Storting viser til at det skal leggast vekt på respekt for eigedomsretten, enkeltmenneske og lokalsamfunn sin livskvalitet. Ein hund er eit viktig familiemedlem, og naudverje for hund må på plass omgåande for å følgje opp denne forliksteksten.

Erik Solheim (SV)

Svar

Erik Solheim: Jeg viser til spørsmål til skriftlig besvarelse nr. 1833 fra representanten Bjørn Lødemel.
Spørsmålet gjelder endring av nødvergebestemmelsen i naturmangfoldloven, som følge av rovviltforliket som ble inngått i Stortinget 17. juni i år.
Innledningsvis vil jeg si at jeg er opptatt av at rovviltforliket skal følges opp raskt. Jeg vil i denne forbindelse vise til at en forskriftsendring som følge av rovviltforliket allerede er gjennomført. Endringen trådte i kraft i juli. En rask endring var mulig fordi det dreide seg om en forskriftsendring, og fordi høring ikke var påkrevd etter forvaltningslovens bestemmelser.
En innføring av adgang til å felle rovvilt under direkte angrep på hund krever imidlertid en lovendring. Konkret er det naturmangfoldloven som må endres. Det gjelder en rekke prosedyrer for gjennomføring av lovendringer som gjør at en slik prosess tar noe tid. Det må også innberegnes tid til konsultasjon med Stortinget før lovforslaget fremmes, i tråd med rovviltforliket. På denne bakgrunn er det Miljøverndepartementets vurdering at det neppe er realistisk at forslag til lovendring fremmes for Stortinget før tidlig i 2012.