Kjell Ingolf Ropstad (KrF): OED har til behandling ei klagesak knytt til bygging av ny 420 kV kraftlinje frå Skåreheia i Birkenes kommune til Holen i Bykle kommune. Eg er kjend med at Statnett har hatt linjeutbygginga ute på anbod før det er gitt konsesjon på prosjektet. Dette opplyser m.a. Setesdølen 13.04.07. Den lokale "Aksjon for miljøtilpassa kraftlinje i Setesdal" hevder òg at det byggast vegar og er starta hogging av tømmer.
Kva meiner statsråden om Statnett sitt arbeid?
Begrunnelse
Stortinget har i St.meld. nr. 21 (2004-2005) lagt sterke miljøføringar på Setesdal Vesthei/Ryfylkeheiene for å ivareta villreinens leveområdar. Heiområda er beite- og kalvingsplass for villreinen. Stammen har gått kraftig tilbake dei seinare åra hovudsakeleg på grunn av kraft- og vegutbygging. Ei kraftlinje med dei dimensjonane Statnett har planer om, vil kunne bli ein endå større barriere for villreinen og også skade anna vilt.
Det er med andre ord eit svært sårbart område Statnett tenker å bygge kraftlinja på. Derfor er det viktig at handsaminga av saka blir gjort på ein god måte.
Fylkestinget har gått mot at konsesjon blir gitt for føring av kraftlinja. Dei råda Regjeringa til å velje andre alternativ. Men Statnett har så langt av økonomiske grunner ikkje gått med på å legge kabelen i jord, eller i isterande tunnel.
I eit så stort prosjekt som det er snakk om her, med så store investeringar, vil det etter forholda vere ein liten kostnad å legge kabelen under jorda.
Eit slikt vedtak må nemleg ikkje bare legge økonomiske omsyn til grunn. Statsråden må sjå til ei skikkeleg behandling, som sikrar at miljøomsyna blir ivaretatt.