Skriftlige spørsmål og svar

Liste over skriftlige besvarelser. Skriftlige spørsmål er en kort spørsmålsform, og er ikke gjenstand for debatt i Stortinget.

Avgrens utvalget

Finn spørsmål til skriftlig besvarelse etter

Sogn og Fjordane (41 - 60 av 74)
  • Skriftlig spørsmål fra Olve Grotle (H) til samferdselsministeren

    Dokument nr. 15:977 (2023-2024)

    Innlevert: 19.01.2024

    Sendt: 19.01.2024

    Besvart: 23.01.2024 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

    Eg viser til regjeringa si innføring av tolkinga av rammene for midlertidig persontransportkabotasje ret før jul m.v. 1.1.24. Dei fleste planane for sesongen 2024 var allereie lagde då Samferdselsdepartementet offentleggjorde si endring. Normalt må nyanskaffingar bestillast seinast august/september for påfølgjande sesong. Samtidig er det stor mangel på bussjåførar. Korleis meiner statsråden norsk reiseliv og turbussnæringa skal sikre nok kapasitet neste sesong, og vart denne konsekvensen av forslaget utgreidd i forkant?
  • Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til klima- og miljøministeren

    Dokument nr. 15:965 (2023-2024)

    Innlevert: 19.01.2024

    Sendt: 19.01.2024

    Rette vedkommende: Energiministeren

    Besvart: 26.01.2024 av energiminister Terje Aasland

    Kan klima- og miljøministeren gi ei oversikt over kva mediemerksemd vedtaket om leiting etter og utvinning av havbunnsmineral i Noreg har skapt internasjonalt og korleis norsk utanriksteneste vurderer at vedtaket kan påverke Noreg sitt omdømme som «grøn eksportnasjon», er regjeringa enig med EU-kommisjonen i at utvinning av havbunnsmineral ikkje må skje før tilstrekkeleg konsekvensutgreiing og forskning er på plass og kva signal har regjeringa fått direkte frå EU på vedtaket i Stortinget om å opne for havbunnsmineral?
  • Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til landbruks- og matministeren

    Dokument nr. 15:923 (2023-2024)

    Innlevert: 16.01.2024

    Sendt: 16.01.2024

    Besvart: 24.01.2024 av landbruks- og matminister Geir Pollestad

    Tine har fått dispensasjon til å bruke «Nyt Norge»-merket på sine yoghurtprodukt sjøl om dei i tida framover vil bli produsert delvis på tysk mjølk. Kva meiner landbruksministeren om ei slik utvatning av Nyt Norge-merkevara, og kva oversikt har departementet over omfanget av andre dispensasjonar som i framtida må bli innvilga til andre produsentar for andre produkt delvis produsert på utanlandske råvarer, av omsyn til prinsipp om likebehandling?
  • Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til kommunal- og distriktsministeren

    Dokument nr. 15:911 (2023-2024)

    Innlevert: 14.01.2024

    Sendt: 15.01.2024

    Besvart: 19.01.2024 av kommunal- og distriktsminister Erling Sande

    Auka bruk av desentraliserte/staduavhengige arbeidsplassar vart gitt som ei ny fellesføring frå regjeringa til alle statlege verksemder i tildelingsbreva for 2023, med krav om rapportering ved årsslutt. Kor mange statlege verksemder har rapportert om høvesvis auka, uendra eller mindre bruk av desentralisert arbeidsstad i 2023, kor stor auke har det samla vore i desentraliserte stillingar i statlege etatar i 2023 og kor mange staduavhengige stillingar i staten har blitt utlyst i løpet av 2023?
  • Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til klima- og miljøministeren

    Dokument nr. 15:857 (2023-2024)

    Innlevert: 08.01.2024

    Sendt: 08.01.2024

    Besvart: 11.01.2024 av klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen

    Vil klima- og miljøministeren oppmode Ap/Sp-leia Stad kommune og andre kommunar som planlegg å bygge ut myrområde for å gjennomføre offentlege byggeprosjekt om å stoppe planane om nedbygging av myr og gjennomføre utbyggingane på andre måtar, jamfør forslag frå Miljødirektoratet i desember 2023 om nasjonalt forbod mot nedbygging av myr og NRK si avdekking i januar 2024 av det enorme omfanget av ukontrollert nedbygging av sårbar natur i Noreg?
  • Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til digitaliserings- og forvaltningsministeren

    Dokument nr. 15:837 (2023-2024)

    Innlevert: 05.01.2024

    Sendt: 05.01.2024

    Besvart: 12.01.2024 av digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne O. Tung

    Kva trur digitaliserings- og forvaltingsministeren er årsaka til at det førebelse utkastet til EU si nye forordning om Kunstig intelligens (AI Act) er merka som ikkje relevant for EØS, og korleis vil regjeringa i tida framover arbeide opp mot EU for å kompensere for at Noreg gjennom sjølvpålagt utanforskap i dei folkevalde organa som formar den digitale framtida i Europa ikkje deltar i dei politiske prosessane knytt til utforming av AI Act og andre forordningar om digitalisering som Noreg uansett må implementere i vårt lovverk?
  • Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til arbeids- og inkluderingsministeren

    Dokument nr. 15:834 (2023-2024)

    Innlevert: 05.01.2024

    Sendt: 05.01.2024

    Besvart: 12.01.2024 av arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna

    Vil statsråden ta initiativ til å modernisere og forenkle regelverket for å ferde ut HMS-kort på bygge- og anleggsplassar i tråd med den teknologiske utviklinga, slik at bedrifter ikkje må bestille nye fysiske kort kvart andre år, men heller kan søke om godkjenning og få oppdatert elektronisk godkjenning for same tidsrom utan å måtte bestille nye fysiske HMS-kort?
  • Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til fiskeri- og havministeren

    Dokument nr. 15:803 (2023-2024)

    Innlevert: 31.12.2023

    Sendt: 02.01.2024

    Besvart: 09.01.2024 av fiskeri- og havminister Cecilie Myrseth

    Kan fiskeri- og havministeren garantere at Kystverket no har fått alle nødvendige avklaringar frå departementet for å kunne lyse ut Stad Skipstunnel på anbod i løpet av 1. halvår 2024 med sikte på kontraktsinngåing og ev. nytt vedtak i Stortinget om kostnadsramme 2. halvår 2024 og byggestart for prosjektet i 2025, og kva er årsaka til at fiskeri- og havministeren ikkje vil møte ordføraren i Stad kommune som er vertskapskommune for prosjektet?
  • Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til helse- og omsorgsministeren

    Dokument nr. 15:796 (2023-2024)

    Innlevert: 25.12.2023

    Sendt: 02.01.2024

    Besvart: 10.01.2024 av helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol

    Vil helseministeren sørge for at pasientar med lipødem, som i all hovudsak er kvinner, får lik hjelp og refusjon av utgifter til nødvendig helseutstyr over heile landet, og er helseministeren samd i at forskingsinnsatsen knytt til lymfødem og andre kroniske sjukdommar som medfører mykje smerte og spesielt rammar kvinner må aukast monaleg i åra framover?
  • Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til helse- og omsorgsministeren

    Dokument nr. 15:763 (2023-2024)

    Innlevert: 19.12.2023

    Sendt: 20.12.2023

    Besvart: 21.12.2023 av helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol

    Regjeringspartia fekk i Stortinget 18/12 fleirtal med røystene til Ap, Sp og Høgre for å gi regjeringa/ helsebyråkratiet ein varig og generell heimel i smittevernlova til å setje folk i langvarig karantene og isolasjon ved utbrot av smittsame sjukdomar. Alle øvrige parti røysta imot. Regjeringa varsla samtidig at det snart vil kome ein heilskapleg revisjon av regelverket om helseberedskap og smittevern, der heimelen som no er gitt kan bli endra. Når vil Stortinget få seg forelagt ein slik heilskapleg revisjon av regelverket?
  • Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til finansministeren

    Dokument nr. 15:753 (2023-2024)

    Innlevert: 18.12.2023

    Sendt: 19.12.2023

    Besvart: 05.01.2024 av finansminister Trygve Slagsvold Vedum

    Eg syner til mine tidlegare spørsmål Dok. nr. 15:868, 15:991 og 15:1051 (2022-2023). Kan finansministeren gi ei oppdatert oversikt over kor mange personar med høg formue som har flytta høvesvis inn til og ut av Noreg så langt i 2023 samanlikna med åra før, og samla netto skattepliktig formue for desse personane?
  • Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til utenriksministeren

    Dokument nr. 15:709 (2023-2024)

    Innlevert: 14.12.2023

    Sendt: 15.12.2023

    Besvart: 02.01.2024 av utenriksminister Espen Barth Eide

    Regjeringa har nyleg bestemt at den nye etaten for eksportkontroll skal lokalisert til Oslo-regionen (Fornebu). Kan utanriksministeren legge fram den skriftlege vurderinga som vart gjort i lokaliseringssaka, slik at Stortinget får innsyn i kva kriteria som vart brukt i vurderinga av lokalisering av den nye etaten og korleis dei ulike kandidatane (Fornebu, Bergen og Sandefjord) vart vurderte etter desse kriteria?
  • Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til helse- og omsorgsministeren

    Dokument nr. 15:701 (2023-2024)

    Innlevert: 14.12.2023

    Sendt: 14.12.2023

    Besvart: 21.12.2023 av helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol

    Korleis skal norske MS-pasientar bli sikra lik tilgang til stamcellebehandling gjennom den individuelle unntaksordninga, og er statsråden enig i at eit gruppeunntak kan vere eit alternativ for å sikre alle pasientar lik tilgang til same behandling?
  • Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til klima- og miljøministeren

    Dokument nr. 15:656 (2023-2024)

    Innlevert: 10.12.2023

    Sendt: 11.12.2023

    Besvart: 14.12.2023 av klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen

    Miljødirektoratet sende i juni 2023 over til Klima- og miljødepartementet tilråding om å etablere Stad marine verneområde i kommunane Stad og Kinn i Vestland fylke i tråd med tilrådinga frå Statsforvaltarn. Forslaget har brei støtte frå mellom anna berørte kommuner og bygder, og frå fiskerinæringa i Nordfjord. Når kan ein vente avgjerd i Klima- og miljødepartementet om etablering av Stad marine verneområde i tråd med tilrådinga frå Miljødirektoratet?
  • Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til olje- og energiministeren

    Dokument nr. 15:655 (2023-2024)

    Innlevert: 10.12.2023

    Sendt: 11.12.2023

    Besvart: 18.12.2023 av olje- og energiminister Terje Aasland

    Fjaler kommune i Vestland har utvikla industriområdet Lutelandet på 1 000 mål med djupvasskai samlokalisert med eit vindkraftverk. Det er bygd ut linjekapasitet og vindkraftverket leverer straum inn på nettet, men industriområdet kan ikkje bli tatt i bruk fordi Statnett seier nei til å koble industriprosjekt på Lutelandet på nettet. Kva vil statsråden gjere for å løyse situasjonen for ein kommune som har tatt ansvar for å bygge ut meir fornybar kraft, ein situasjon som også kan bremse viljen andre stader til å bygge ut ny kraft?
  • Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til kommunal- og distriktsministeren

    Dokument nr. 15:554 (2023-2024)

    Innlevert: 29.11.2023

    Sendt: 29.11.2023

    Besvart: 06.12.2023 av kommunal- og distriktsminister Erling Sande

    Regjeringa har nyleg bestemt at den nye etaten for eksportkontroll skal lokaliserast til Oslo-regionen (Fornebu, 35 minutts spasertur frå Oslo sentrum). Kan kommunal- og distriktsministeren gjere greie for kvifor Bergen vart valt vekk som lokaliseringsalternativ, og korleis denne avgjerda heng saman med regjeringa sine retningsliner om at nye statlege arbeidsplassar som hovudregel skal plasserast utanfor hovudstadsområdet?
  • Skriftlig spørsmål fra Olve Grotle (H) til kunnskapsministeren

    Dokument nr. 15:533 (2023-2024)

    Innlevert: 26.11.2023

    Sendt: 27.11.2023

    Besvart: 01.12.2023 av kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun

    Kva er status for søknaden om godkjenning av programfaget, klima- og miljøfag, og kva vil statsråden gjere for å sikre ei snarleg avklaring på søknaden?
  • Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til helse- og omsorgsministeren

    Dokument nr. 15:532 (2023-2024)

    Innlevert: 26.11.2023

    Sendt: 27.11.2023

    Besvart: 04.12.2023 av helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol

    Er det riktig forstått at helseministeren ikkje har sørga for at samfunns- og næringsanalyser og konsekvensvurdering av samla samfunnsberedskap i Nord-Noreg inngår i beslutningsgrunnlaget for ein ny sjukehusstruktur i Nord-Noreg der det no blir tilrådd sentralisering av institusjonar og tenestetilbod, kan statsråden garantere at regjeringa vil sørge for at slike analyser og vurderingar blir gjort i den vidare prosessen og at eit slikt samla beslutningsgrunnlag blir lagt fram for Stortinget for vurdering og avgjerd?
  • Skriftlig spørsmål fra Aleksander Øren Heen (Sp) til klima- og miljøministeren

    Dokument nr. 15:517 (2023-2024)

    Innlevert: 23.11.2023

    Sendt: 24.11.2023

    Besvart: 01.12.2023 av klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen

    Regjeringa har iverksett eit stort arbeid for å gjere ei heilt naudsynt forbetring av villrein sine kår i Noreg. Kan statsråden gjere greie for kva kunnskap som ligg til grunn for behovet for ny politikk, og kva prosessar ein ser føre seg framover både retta mot lokalbefolkning, brukarinteresser og Stortinget?
  • Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til arbeids- og inkluderingsministeren

    Dokument nr. 15:495 (2023-2024)

    Innlevert: 20.11.2023

    Sendt: 20.11.2023

    Besvart: 27.11.2023 av arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna

    1. april tredde nye innleigereglar i kraft. Frå 1/1-2024 blir regelverket stramma inn ytterlegare, men det er enno på mange område uavklart korleis dei nye reglane skal tolkast, spesielt for sjølvstendige konsulentar anten som enkeltpersonføretak eller som einaste tilsett i eige AS. Kan statsråden avklare om det vil vere mogleg å leige seg ut som konsulent under dei nye reglane, og vil dei som har AS med ein enkelt tilsett og enkeltmannsføretak også få fritak frå regelverket eller må dei registrere seg som bemanningsforetak?