Sak nr. 17 [23:12:09]
Referat
(450)
Representantforslag fra stortingsrepresentantene Audun Lysbakken,
Solfrid Lerbrekk, Karin Andersen, Kari Elisabeth Kaski og Arne Nævra
om å gi trygdeoppgjøret fullverdig behandling i Stortinget, for
å vise landets eldre den respekten de fortjener (Dokument 8:233
S (2017-2018))
Presidenten: Denne
saka er føreslått send arbeids- og sosialkomiteen, bortsett frå
forslag 1 og 3, som vert føreslått handsama etter forretningsordenens
§ 39 andre ledd bokstav e. Det vil seia at det skal avvisast.
Representanten Torgeir Knag Fylkesnes
har bedt om ordet.
Torgeir Knag Fylkesnes (SV) [23:13:30 ]: SV er ueinig i presidentskapets
vurdering og ber om at forslaget, Dokument 8:233 S for 2017–2018,
blir behandla etter forretningsordenens § 39 c.
Kari Henriksen (A) [23:13:59 ]: Arbeiderpartiet vil tilkjennegi
at vi støtter presidentskapets vurdering og vil derfor støtte det
som ligger i referatet.
Svein Harberg (H) [23:14:27 ]: Vi vil også fra Høyre tilkjennegi
at vi støtter både at forslag 1 og 3 avvises, og at det oversendes
til komité, slik presidentskapet foreslår, og anbefaler Høyres gruppe
å stemme for det.
Helge André Njåstad (FrP) [23:14:37 ]: Også Framstegspartiet
støttar presidentskapet si innstilling om å avvisa det som er føreslått
avvist, og behandla i komité det som er føreslått, og anbefaler
Framstegspartiets gruppe å stemme slik.
Nils T. Bjørke (Sp) [23:15:16 ]: Senterpartiet støttar presidentskapet
si innstilling.
Abid Q. Raja (V) [23:09:57 ]: Venstre støtter også presidentskapets
innstilling og vil anmode Venstres representanter å stemme for den.
Hans Fredrik Grøvan (KrF) [23:15:05 ]: Kristelig Folkeparti
støtter presidentskapets innstilling.
Presidenten: Då
har partia – alle har iallfall hatt høve til det – gjort greie for
korleis dei stiller seg til presidentskapet sitt forslag, og ein
kan då votera over om punkta 1 og 3 skal tas under handsaming. Presidentens
forslag er altså at begge vert avviste, då Stortinget har teke stilling
til dette tidlegare i sesjonen, jf. forretningsordenens § 38 femte
ledd.
Votering:
Forslaget frå presidenten vart
vedteke med 90 mot 8 røyster.
(Voteringsutskrift kl. 23.16.39)
Presidenten: SV
har bedt om at punkt 2 vert handsama etter forretningsordenen § 39 c,
dvs. utan komitéhandsaming, mens presidenten sitt forslag er at
saka vert send til arbeids- og sosialkomiteen. Presidenten går ut
frå at dei stemmeforklaringane som er gjevne, er tilstrekkelege
til at ein veit nok til å kunne gå til avrøysting over det.
Votering:
Ved alternativ votering mellom
forslaget frå presidenten og forslaget frå Sosialistisk Venstreparti
vart forslaget frå presidenten vedteke med 92 mot 8 røyster.
(Voteringsutskrift kl. 23.17.35)
2. (451)
Representantforslag fra stortingsrepresentantene Arne Nævra, Audun
Lysbakken og Karin Andersen om å sikre virksomhetsoverdragelse for de
ansatte i jernbanen (Dokument 8:232 S (2017-2018))
Enst.: Vert send transport- og
kommunikasjonskomiteen.
3. (452)
Representantforslag fra stortingsrepresentantene Audun Lysbakken
og Bjørnar Moxnes om en mangfoldig barnehagesektor der pengene går
til barnas beste (Dokument 8:231 S (2017-2018))
Enst.: Vert send utdannings- og
forskningskomiteen.
Presidenten: Dermed
er dagens kart ferdighandsama. Ber nokon om ordet før møtet vert
heva? – Møtet er slutt. Vel heim!