Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

Stortinget - Møte torsdag den 24. april 2014 kl. 10

Dato:
President: Sylvi Graham

Sak nr. 8 [16:07:46]

Interpellasjon fra representanten Jenny Klinge til justis- og beredskapsministeren:
«Når store hendingar og ulukker rammar oss, er samhandling mellom naudetatar ein føresetnad for at folk skal få god og rask hjelp. Politi, brann- og helsevesen, forsvar og frivillige organisasjonar må i mange samanhengar handle i lag. På skadestader må dei opptre saman på eit slikt vis at ressursane blir nytta best mogleg og at arbeidet skjer effektivt. Aktørane i desse ulike etatane har svært forskjellig grunnutdanning, men felles for alle er at dei har som oppgåve å hjelpe folk. I krisearbeidet må dei kvar for seg ha klårt definerte roller, forstå rollene til kvarandre, samt kommunisere og samarbeide godt. Då er det viktig at denne tematikken har vore sentral i grunnutdanninga til naudetatane, samstundes som det er gode moglegheiter til etter- og vidareutdanning i dei aktuelle emna. Ein er kjend med at det blir arbeidd med å etablere eit felles studium på tvers av naudetatane.
Vil statsråden sørgje for at eit slik studium raskt blir etablert?»

Talere