2.4 Generelle merknader fra Venstre
Medlemen i komiteen frå Venstre viser
til at Venstre i sitt alternative statsbudsjett for 2017 foreslår
at ramme 7 settast til 431 574 556 000 kroner, som er ein reduksjon
i forhold til regjeringas forslag på 5 063 500 000 kroner.
Denne medlemen viser til
at Venstres heilskapelege forslag til statsbudsjett for 2017 tar
utgangspunkt i budsjettforslaget frå regjeringa Solberg, jf. Prop.
1 S (2016–2017), samt tilleggsproposisjonar 1–5. Konkrete endringar
på rammeområde 7 i forhold til desse dokumenta følgjer av omtale
og tabellar under.
Denne medlemen understrekar
at det i alternativt statsbudsjett er lagt opp til ein arbeids-
og sosialpolitikk som tar vare på dei svakaste, gjer det enklare
å starte eiga bedrift og gjer det lettare å komme i arbeid om man
er arbeidssøkande. Samstundes går denne medlemen inn for å
justere pensjonsytingane, særleg statleg bidrag til avtalefesta
pensjon (AFP). Dette blir gjort for å kunne frigjere skattepengane
for andre, meir sårbare grupper. Noreg går i skrivande stund gjennom
vanskelege økonomiske tider, og det er viktig at statsbudsjettet
legg til rette for auka arbeidsdeltaking til tross for låg oljepris.
Difor vil denne
medlemen styrke tilbodet for dei som har falt utanfor arbeidsmarknaden,
spesielt langtidsarbeidslause på Sør- og Vestlandet. Eit anna viktig moment
for diversifisering av ein oljeavhengig norsk økonomi og for å skape
eit reelt vekstgrunnlag, er støtta denne medlemen vil løyve
sjølvstendig næringsdrivande. Det er viktig å styrke rettane til sjølvstendig
næringsdrivande slik at det å etablere eit eige føretak ikkje blir
ein høgrisikosport berre få har råd til. Funksjonshemma, vanskelegstilte
og uføretrygda er med på å utgjere ei økonomisk utsett gruppe i
norsk samfunn. Denne gruppa ønskjer helst å delta i arbeidslivet,
og difor har denne
medlemen lagt opp til ein aktiv og inkluderande arbeidsmarknadspolitikk.
Samstundes er dette grupper som òg ofte er avhengig av statleg stønad
for å få kvardagen til å gå rundt. Difor har denne medlemen forsvart desse
og andre utsette arbeidslivsgruppers sosiale rettigheiter gjennom
alternativt statsbudsjett.
Denne medlemen meiner det
er viktig med offentlege kanalar som muliggjer eit offentleg ordskifte
rundt den norske arbeidsmarknaden og landets velferdspolitikk. Ifølgje denne medlemen fyller Magasinet
Velferd denne nøkkelrolla ved å skape eit tidsskrift som er leseleg
for den jamne borgar, og som legg til rette for meiningsutveksling
mellom beslutningstakarar, borgarar og fagekspertar. Magasinet Velferds
eksklusive fokus på norsk arbeidsmarknads- og velferdspolitikk gjer
det til eit unikt organ som bør behalde den noverande løyvinga på
1,2 mill. kroner. Denne
medlemen går difor inn for å vidareføre løyvinga til Magasinet
Velferd.
Denne medlemen er bekymra
for den økonomiske utviklinga på Sør- og Vestlandet. Det aukande
talet arbeidslause på Sør- og Vestlandet vil bli den største økonomiske
utmaninga i Noreg i 2017, og det er difor viktig at regjeringa brukar
tilgjengelege midlar med målsetjinga om å redusere arbeidsløyse
i denne delen av landet. Denne gruppa fortener nærare oppfølging
frå statens side, og difor vil denne medlemen løyve 50 mill.
kroner i øyremerka midlar til fleire stillingar for å betre oppfølginga
av dei som har stått utanfor arbeidslivet i meir enn to år på Sør-
og Vestlandet.
Denne medlemen registrerer
at Idelab i Haugesund bidrar positivt til å forhindre arbeidsløyse
i den regionen som er mest påverka av lågkonjunkturen i økonomien.
Idelab er eit solid initiativ som hjelper arbeidslause med nyetablering.
Difor er det ikkje berre eit viktig initiativ, men også eit som
er mynta på ein landsdel som for tida er i ein utfordrande økonomisk
situasjon.
Denne medlemen meiner bedriftshelsetenesta
spel ei nøkkelrolle i å førebygge dårleg helse på arbeidsplassen
i Noreg. Den førebyggande helseeffekten av bedriftshelsetenesta
er verdifull, samstundes som den kvar dag bidrar til tryggare og
betre arbeidsplassar i landet. Som eit ledd i IA-avtalen kan alle
IA-bedrifter søke om tilskot frå staten til bedriftshelseteneste. Denne medlemen ønskjer
å utvide denne ordninga til å gjelde for alle bedrifter, uavhengig
av IA-avtale.
Denne medlemen ønskjer difor
å løyve 300 mill. kroner for å utvide denne allereie vellukka ordninga
slik at den i framtida vil dekke alle bedrifter.
Denne medlemen meiner eit
av hovudformåla med kriminalomsorg må vere å gjere det mogleg for
straffedømte å komme tilbake til eit vanleg liv etter at straff
er ferdigsona. Wayback er eit unikt initiativ som med gode erfaringar
hjelper straffedømte på vegen frå fengselsliv til kvardagsliv. Denne medlemen vil
vidareføre tilskotet på 1 mill. kroner til Wayback som eit førebyggande
tiltak for å redusere sjansen for at den straffedømte fell tilbake
til ei kriminell løpebane. Løyvinga kan eventuelt også tas frå statsbudsjettets
justisramme (ramme 5).
Denne medlemen merker seg
den positive effekten etableringa av tverrfaglege einingar for å kjempe
mot arbeidslivskriminalitet har hatt på norsk arbeidsliv. Tiltaket
med felles senter i fleire av dei største byane i landet har gjort
myndigheitene betre i stand til å kjempe mot svart arbeid. Dette
har også ført til auka skatteinntekter og ein arbeidsmarknad kor
det i større grad løner seg å velje seriøst.
Denne medlemen viser til
at følgjande forslag blei fremma i forbindelse med behandlinga av
finansinnstillinga:
«Stortinget ber
regjeringa legge fram en plan for korleis man kan utbygge ordninga
med tverrfaglege einingar kor Skatteetaten, Nav, Arbeidstilsynet
og politiet arbeider samen mot arbeidslivskriminalitet.»
Denne medlemen understrekar
at det er ei utfordring å redusere talet på personar som går på
arbeidsavklaringspengar (AAP). Eit forsøksprogram kor arbeidsgivarane
har blitt gitt lønnstilskot, har vist gode resultat, og denne medlemen ønskjer
å doble talet på forsøkstilskot. Difor vil denne medlemen løyve 77 mill.
kroner med formål å doble talet på forsøk med lønnstilskot til arbeidsgivar
som tilset personar med rett til AAP frå 500 til 1 000 plassar. Dette
vil medføre ein auke i tilsegnsfullmakt på 14,8 mill. kroner.
Denne medlemen merkar seg
den innlåsande effekten av dagens ordning som seier at ein må ha vore
medlem av Statens pensjonskasse i tre år for å opparbeide rett til
tilleggspensjon.
Denne medlemen viser til
at følgjande forslag blei fremma i forbindelse med behandlinga av
finansinnstillinga:
«Stortinget ber
regjeringa på egna måte fremme ei sak om å oppheve reglene som gjer
at man må ha vært medlem av Statens pensjonskasse i tre år for å
få rett til tilleggspensjon.»
Denne medlemen merker seg
kor viktig kommunale tiltak for å førebygge og redusere barnefattigdom
er. Spesielt i vanskelege økonomiske tider som de Norge no går gjennom,
er det viktig at regjeringa sørgjer for å førebygge fattigdom blant
landets yngste. Den førebyggande effekten slike tiltak fører til,
gjer det òg til eit samfunnsnyttig formål å auke det kommunale tilskotet
for å førebygge og redusere fattigdom blant born og unge med 20
mill. kroner.
Denne medlemen har som formål
å sette folk først i statsbudsjettets rammer. Ei av dei gruppene
som er mest avhengig av statleg stønad, er dei med nedsett arbeidsevne.
For å følgje arbeidslinja denne regjeringa forfektar, er det viktig
at også dei med nedsett arbeidsevne blir gitt sjansen til å delta
i arbeidslivet. Denne
medlemen vil difor løyve 25 mill. kroner til forsøks- og utviklingstiltak
som kjem dei aktørane til gode som rekrutterer arbeidssøkande med
nedsett arbeidsevne.
Denne medlemen merker seg
at som eit resultat av lågkonjunkturen den norske arbeidsmarknaden
for tida er påverka av, har ungdomsarbeidsløysa auka betrakteleg.
Ungdomsarbeidsløysa er i fleire fylke dobbelt så høg som den blant
vaksne arbeidslause, og det er difor regjeringas ansvar å støtte
tiltak som førebygg ungdomsarbeidsløyse. Denne medlemen vil difor
løyve ytterlegare 10 mill. kroner som tilskot til tiltak som førebygg
ungdomsarbeidsløyse.
Denne medlemen meiner at
den stigande ungdomsarbeidsløysa, særleg blant ungdom med minoritetsbakgrunn,
er alvorleg. I skrivande stund står 22 689 under 30 år utanfor arbeid.
Dette er nær ein tredjedel av alle arbeidsløyse registrerte hos
Nav. Om ein òg reknar med dei unge som ikkje er registrerte hos
Nav, anslår Fafo at vi snakkar om over 100 000 personar. Denne medlemen meiner
at det offentlege i større grad må støtte opp om private initiativ
og tilbod særleg retta mot unge. Ungdom må få tilbod om jobbsøkarkurs
og rådgjeving på eit tidleg tidspunkt. Dette som et supplement til
Navs tenester meint for å førebygge arbeidsløyse. Arbeidserfaring i
ung alder fremmar ordinær tilknyting til arbeidslivet som vaksen.
Denne medlemen viser difor
til Venstres alternative statsbudsjett, kor det blir foreslått ei
løyving til å vidareføre JobbX sitt tilskot på 10 mill. kroner.
Tiltaket førebygger ungdomsledighet gjennom blant anna jobbsøkarkurs
og rettleiing.
Denne medlemen innser også
at vanskelegstilte ofte er avhengig av statleg stønad
for å kunne delta i den ordinære arbeidsmarknaden. Det har allereie
blitt hausta positive erfaringar frå lønnstilskotsordninga som gjer
det meir attraktivt å tilsette vanskeligstilte. Denne medlemen vil sjå ei
ytterlegere styrkt ordning og foreslår difor 88,5 mill. kroner for
å auke ordninga med 500 plassar.
Denne medlemen er skuffa
over at regjeringa i sitt forslag til statsbudsjett ikkje har auka
talet plassar på varig tilrettelagt arbeid (VTA). Dette er snakk
om arbeidsplassar for ei sårbar gruppe som er avhengig av statleg
stønad for å kunne delta i arbeidsmarknaden. VTA-ordninga har blitt
forsømt i fleire år, til tross for stor etterspurnad, og denne medlemen går
difor inn for å auke talet på VTA-plasser frå 9 400 til 10 000.
Dette vil medføre ein kostnad på 92,6 mill. kroner på statsbudsjettet.
Denne medlemen ønskjer å
gjere kvardagen enklare for mange uføretrygda med barn og viser
til Venstres alternative statsbudsjett, kor det blir løyva 18 mill.
kroner for å heve grensene på maksimal utbetaling av uføretrygd
inkludert barnetillegg til 99 pst. av tidlegare lønn utover regjeringas
budsjettforslag.
Denne medlemen merker seg
at små og mellomstore bedrifter er hjørnesteinen i norsk arbeidslivspolitikk.
For å legge til rette for fleire slike bedrifter er det viktig at
regjeringa gjer det lettare å begynne som sjølvstendig næringsdrivande. Denne medlemen foreslår
blant anna at sjølvstendig næringsdrivande skal kunne behalde opptent
rett til dagpengar i inntil tre år ved overgang frå lønna arbeid
til eiga verksemd. Dette vil minske terskelen for å starte eiga
bedrift som sjølvstendig næringsdrivande, og tiltaket vil neppe
ha budsjetteffekt i budsjettåret 2017. Først i 2018 kan man rekne
med påkomne utgifter på 216 mill. kroner.
Denne medlemen identifiserer
styrkinga av sjølvstendig næringsdrivandes sjukelønnsordning som
eit viktig instrument kor formålet er å gjere det lettare å etablere
ei eiga bedrift. Denne
medlemen foreslår ei opptrapping av den beståande ordninga
med rett til sjukepengar frå 65 til 80 pst. kompensasjon frå og
med 17. dag. Kostnaden for dette tiltaket vil komme på 171 mill.
kroner.
Denne medlemen meiner det
ville vert meir effektivt om arbeidsgivarane tar over finansieringsansvaret
for feriepengar. Dette vil gi eit kutt på 1,907 mrd. kroner og ein
innsparingseffekt på 675 mill. kroner tatt i betraktning at arbeidsgivarane
blir kompenserte med at deira finansieringsperiode avkortast frå
16 til 14 dagar. I tillegg kjem tilskot til bedriftshelsetenester
i alle bedrifter, ikkje berre i IA-bedrifter.
Denne medlemen merkar seg
at arbeidsgivar må kompenserast for å overta ansvaret for feriepengar.
Difor foreslår denne
medlemen å redusere arbeidsgivarens finansieringsperiode frå
16 til 14 dagar med ein kostnad på 1,23 mrd. kroner og en antatt
innsparingseffekt på 800 mill. kroner.
Denne medlemen ønskjer å
frita arbeidsgivarane for ansvaret med å betale sjukepengar for korttidssjukefråvær
i samband med svangerskap. Denne rettsbaserte ordninga vil erstatte
dagens søknadsordning, samstundes som tiltaket er eit ubyråkratisk
bidrag til likestilling i Norge. Anslagsvis vil dette bety ein 50
pst. auke i talet på arbeidsgjevarar som tar nytte av ordninga i
forhold til dei som i skrivande stund mottar refusjon basert på
søknad. Fritaket vil medføre kostnader på 67,5 mill. kroner.
Denne medlemen merkar seg
at avtalefesta pensjon (AFP) blir utbetalt til ei lita gruppe som
i snitt jobbar fulltid samstundes som dei mottar AFP. Det er ikkje
hensiktsmessig å dedisere ein betrakteleg del av statsbudsjettet
til AFP, og denne
medlemen foreslår difor å redusere, det statlege tilskotet
til AFP frå 1/3 til 1/6. Dette vil føre til innsparing av skattepengar
på 1,076 mrd. kroner.
Denne medlemen anslår også
at det alternative statsbudsjettet vil føre til mindre dagpengar
som ein konsekvens av 2 500 nye arbeidsplassar skapte som eit resultat
av dei samla postane. Resultatet vil med eit moderat anslag spare
skattebetalarene 570 mill. kroner.
Denne medlemen legg til grunn
at 500 nye plassar med lønnstilskot for personar med rett på arbeidsavklaringspengar
(AAP) vil føre til ei budsjettinnsparing på 91,8 mill. kroner.
Denne medlemen påpeiker at
reduksjon i maksimal varigheit i arbeidsavklaringspengar endrast
frå fire til tre år. Dette medfører ein netto innsparing på anslagsvis
2,2 mrd. kroner, til tross for ein antatt auke i uførepensjonskostnadene.
Denne medlemen vil også halvere
avkortinga av pensjon som blei gjennomført i 2016. Dette vil føre
til ei innsparing på 1,36 mrd. kroner.
Samla foreslår denne medlemen følgjande konkrete
endringar under rammeområde 7, Arbeid og sosial:
Kap.
|
Post
|
Føremål
|
Mill. kroner
|
601
|
70
|
Magasinet
Velferd
|
1,2
|
605
|
1
|
Oppfølging
av langtidsledige på Sør- og Vestlandet
|
50,0
|
605
|
21
|
Wayback
|
1,0
|
605
634
|
1
76
|
Dobling
av talet på forsøk med lønnstilskot til arbeidsgivarar som tilsette
personer med rett til arbeidsavklaringspengar.
|
22,0
55,0
|
605
634
|
1
76
|
Styrke
lønnstilskotsordninga
|
13,0
75,5
|
612
2655
2670
|
1
70
70
|
Halvering
av avkorting av pensjon som ble gjennomført i 2016.
|
-8,5
-297,0
-1060,0
|
621
|
63
|
Sosiale
tenester og tiltak for vanskelegstilte grupper på arbeidsmarknaden
|
20,0
|
634
|
76
|
Forsøk,
utviklingstiltak: Blant anna tilretteleggingstilskot for rekruttering
av arbeidslause med nedsett arbeidsevne
|
25,0
|
634
|
76
|
Tilskot
til tiltak som førebygger ungdomsarbeidsløyse.
|
10,0
|
634
|
76
|
Utvide
ordninga med tidsbestemt lønnstilskot for å få fleire kvinner med
innvandrarbakgrunn ut i arbeidslivet-
|
50,0
|
634
|
76
|
Tilskot
til JobbX
|
10,0
|
634
|
76
|
Tilskot
til Idelab, Haugesund
|
3,0
|
634
|
77
|
Auke
talet på plassar under ordninga varig tilrettelagte arbeidsplassar frå
9.400 til 10.000
|
92,6
|
666
|
70
|
Reduserer
det statlege tilskotet til AFP frå 1/3 til 1/6
|
-1076,0
|
2541
|
70
|
La
sjølvstendig næringdrivande behalde opptente retter til dagpengar
i inntil tre år, ved overgang frå lønna arbeid til eiga verksemd
|
0,0
|
2541
|
70
|
Mindre
dagpengar som følgje av 2500 fleire arbeidsplassar i vårt samla opplegg
|
-570,0
|
2650
|
70
|
Redusere
arbeidsgivarens finansieringsperiode frå 16 til 14 dagar.
|
1230,0
|
2650
|
70
|
Fritak
for arbeidsgivars ansvar for sjukepengar for korttidssjukefråvær tilknytt
svangerskap. Rettsbasert ordning som erstattar dagens søknadsordning.
|
67,5
|
2650
|
71
|
Styrking
av sjukelønnsordninga for sjølvstendig næringsdrivande
|
171,0
|
2650
|
73
|
Utvide
ordninga med tilskot til bedriftshelseteneste til å gjelde alle verksemder.
|
300,0
|
2655
|
70
|
Heve
grensene for maksimal utbetaling av uføretrygd inkl. barnetillegg til
99 pst. av tidlegare lønn.
|
0,0
|
2650
|
70
|
Innsparing
i arbeidsavklaringspengar som følgje av 500 fleire plassar med lønnstilskot
for personer som er i AAP-ordninga
|
-91,8
|
2650
|
75
|
La
arbeidsgivarane ta over finansieringsansvaret for feriepengar av sjukepengar.
|
-1907,0
|
2651
|
70
|
Arbeidsavklaringspengar.
Reduksjon i maksimal varigheit behaldas og det gås ut frå at overgang
til uføretrygd er lik som i dagens system (39 pst.)
|
-2250,0
|
|
|
Sum ramme 7: Arbeid
og sosial
|
-5063,5
|