Innstilling frå kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen om tilleggsløyvingar på Fiskeridepartementet sitt budsjett for 1994.
Dette dokument
- Innst. S. nr. 36 (1994-1995)
- Kildedok: St.prp. nr. 12 (1994-95)
- Dato: 10.11.1994
- Utgiver: kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen
- Sidetall: 1
Tilhører sak
Innhold
Til Stortinget.
I samband med omlegging frå netto- til bruttoføring av all oppdragsverksemd ved Havforskingsinstituttet gjer departementet framlegg om å øke kap. 1020 med 14 mill. kroner og kap. 1021 med til saman 24,5 mill. kroner mot ei tilsvarande øking under inntektskapitla. 1,5 mill. kroner gjeld økt fangst- og ressursforsking under instituttet.
Komiteen har ikkje merknader til dette, syner til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere slikt
Løyvingane på statsbudsjettet for 1994 vert endra slik:
Kap. 1020 |
Havforskingsinstituttet |
21 | Særskilde utgifter, vert auka med | kr 14.000.000 |
frå kr 72.500.000 til kr 86.500.000 |
Kap. 1021 |
Drift av forskingsfartøya |
21 | Særskilde utgifter, vert auka med | kr 24.500.000 |
frå kr 2.500.000 til kr 27.000.000 |
Kap. 4020 |
Havforskingsinstituttet |
03 | Oppdragsinntekter, vert auka med | kr 14.000.000 |
frå kr 60.000.000 til kr 74.000.000 |
Kap. 4021 |
Drift av forskingsfartøya |
01 | Oppdragsinntekter, vert auka med | kr 24.500.000 |
frå kr 2.500.000 til kr 27.000.000 |
Oslo, i kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen, den 10. november 1994. |
Jon Lilletun, | Jørgen Holte, | Siri Frost Sterri, |
leiar. | ordførar. | sekretær. |