Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Innstilling frå utanrikskomiteen om endringar på statsbudsjettet for 2004 under kapittel administrerte av Utanriksdepartementet

Innhold

Til Stortinget

I denne proposisjonen vert det foreslått enkelte endringar i løyvingane under Utanriksdepartementet sitt budsjett for 2004.

Innanfor programområde 02 Utanriksforvaltning vert det foreslått endringar på kap. 116 Deltaking i internasjonale organisasjonar, jf. meirforbruk under post 70 og reduksjon under post 71.

På budsjettet for ODA-godkjend utviklingshjelp under programområde 03 vert det gjort framlegg om omfordeling av 148,622 mill. kroner.

Det vert òg gjort framlegg om å redusere bistandsramma med 45 mill. kroner grunna lågare utgifter til flyktningar i Noreg, godkjend som utviklingshjelp.

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Haakon Blankenborg, leiaren Thorbjørn Jagland, Jens Stoltenberg og Gunhild Øyangen, frå Høgre, Julie Christiansen, Inge Lønning, Oddvard Nilsen og Finn Martin Vallersnes, frå Framstegspartiet, Morten Høglund og Christopher Stensaker, frå Sosialistisk Venstreparti, Kristin Halvorsen og Bjørn Jacobsen, frå Kristeleg Folkeparti, Jon Lilletun og Lars Rise, og frå Senterpartiet, Åslaug Haga, viser til endringane som vert føreslåtte på statsbudsjettet for 2004 på Utanriksdepartementet sitt område. Komiteen sluttar seg til dei føreslåtte endringane med dei årsaktilhøva som går fram av proposisjonen.

Komiteen har elles ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

I

I statsbudsjettet for 2004 vert det gjort følgjande endringar:

Kap.

Post

Formål

Kroner

Utgifter:

116

Deltaking i internasjonale organisasjonar

70

Tilskot til internasjonale organisasjonar, blir auka med

82 000 000

frå kr 731 093 000 til kr 813 093 000

71

Finansieringsordninga under EØS-avtalen, kan overførast,blir redusert med

68 000 000

frå kr 68 000 000 til kr 0

143

Utanriksstasjonane

1

Driftsutgifter, blir redusert med

20 000 000

frå kr 362 796 000 til kr 342 796 000

150

Utviklingshjelp til Afrika

78

Regionbevilgning for Afrika, kan overførast,blir auka med

31 380 000

frå kr 978 000 000 til kr 1 009 380 000

160

Sivilt samfunn og demokratiutvikling

72

Demokratistøtte/parti og media, kan overførast, blir redusert med

2 500 000

frå kr 10 000 000 til kr 7 500 000

75

Internasjonale ikkje-statlege organisasjonar og nettverk, kan overførast, blir auka med

6 500 000

frå kr 110 000 000 til kr 116 500 000

162

Overgangsbistand (gap)

70

Overgangsbistand (gap), kan overførast, blir auka med

30 000 000

frå kr 404 400 000 til kr 434 400 000

163

Nødhjelp, humanitær hjelp og menneskerettar

71

Humanitær hjelp og menneskerettar, kan overførast,blir auka med

50 000 000

frå kr 1 191 500 000 til kr 1 241 500 000

166

Tilskot til ymse hjelpetiltak

70

Ymse tilskot, kan overførast,blir redusert med

19 384 000

frå kr 22 600 000 til kr 3 216 000

167

Flyktningtiltak i Noreg, godkjend som utviklingshjelp (ODA)

21

Spesielle driftsutgifter, blir redusert med

150 996 000

frå kr 918 400 000 til kr 767 404 000

171

Multilaterale finansinstitusjonar

70

Verdsbanken, kan overførast,blir redusert med

742 000

frå kr 584 000 000 til kr 583 258 000

71

Regionale bankar og fond, kan overførast, blir auka med

742 000

frå kr 564 000 000 til kr 564 742 000

72

Samfinansiering via finansinstitusjonane, kan overførast,blir auka med

30 000 000

frå kr 315 500 000 til kr 345 500 000

II

Stortinget sitt vedtak IV, Andre vedtak, Utanriksdepartementet, pkt. 12 Bruk av opptente rentemidlar, i den samla oppstillinga av Stortinget sitt spesifiserte bevilgningsvedtak for 2004, jf. Blå bok, blir oppheva.

III

Bruk av opptente rentemidlar

Stortinget samtykker i at opptente renter på tilskot som er betalt frå Noreg til multi-bi-prosjekt, samarbeidsprosjekt, stat-til-stat-bistand, støtte til internasjonale og lokale ikkje-statlege aktørar kan nyttast til tiltak som blir avtalt mellom Utanriksdepartementet og den enkelte mottakar.

Oslo, i utanrikskomiteen, den 8. desember 2004

Thorbjørn Jagland

leiar

Lars Rise

ordførar