Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Prinsipper for tallgrunnlag m.m. i jordbrukspolitikken

Meld. St. 10 (2024-2025), Innst. 197 S (2024-2025)

Vedtak 556

Stortinget ber regjeringen snarest mulig sette ned et offentlig utvalg som skal vurdere inntektene i jordbruket i forhold til inntektene til sammenlignbare næringsdrivende.

Vedtak 557

Stortinget ber regjeringa våren 2025 kome med framlegg til jordbrukskonto, med verknad frå og med inntektsåret 2025.

Vedtak 558

Stortinget ber regjeringa leggje til grunn følgjande målsetting om produksjon av økologisk mat: Eit produksjonsmål der 10 pst. av det totale jordbruksarealet skal vere økologisk innan 2032, kombinert med verkemiddel som stimulerer til auka omsetnad av og etterspurnad etter økologisk mat i marknaden.

Vedtak 559

Stortinget ber regjeringa våren 2025, i «Nasjonal strategi for økologisk jordbruk», kome med framlegg til korleis ein kan auke etterspurnaden etter økologisk mat gjennom ulike konkrete tiltak som legg til rette for auka etterspurnad både frå private og det offentlege. Det skal mellom anna vurderast om det er tiltak i Danmark og Sverige som kan nyttast i Noreg. Det skal vere eit særleg fokus på at norsk økologisk produksjon skal kunne møte ein auka etterspurnad.

Vedtak 560

Stortinget ber regjeringa ha ei kraftig prioritering av Nord-Noreg i jordbruksoppgjeret 2025.

Vedtak 561

Stortinget ber regjeringa leggje til grunn at normeringsfaktoren, avsetning til investeringar i avskrivbar eigenkapital og samanlikningsgruppe ligg fast i talgrunnlaget slik det vart nytta ved jordbruksoppgjeret 2024, men at timetalet per årsverk i jordbruket vert redusert med 50 timar til 1 700 timar i to like trinn med verknad for kalenderåra 2026 og 2027.

Vedtak 562

Meld. St. 10 (2024–2025) – Prinsipper for tallgrunnlag m.m. i jordbrukspolitikken – vert lagd ved møteboka.