Spørsmål
Birgit Oline Kjerstad (SV): Kvinner i landbruket er langt frå likestilte med andre kvinner når det gjeld svangerskap og fødsel. Ordningane er kompliserte, kunnskapen om arbeidssituasjonen for bønder er liten i kommunane og i Nav, og dagsatsane rekk gjerne ikkje lenger enn til at 1/3 av jobben er gjort. Husdyr kan ikkje settast på pause, og difor må mange inn att i jobb lenge før svangerskapsperioden er over.
Kva gjer statsråden for å få på plass fungerande ordningar for svangerskap og fødsel i landbruket?