Muntlig spørsmål fra Torgeir Knag Fylkesnes (SV) til finansministeren

Om at regjeringa ikkje ser fellesskapet sine interesser, og kvifor Ulltveit-Moe-utvalet blei sett ned i utgangspunktet, som er enstemmig i at det er rett og rimeleg med ei skattlegging som gjer at superprofitten som laksenæringa i dag nyt, kjem kystsamfunna og fellesskapet til gode

Datert: 06.11.2019
Besvart: 06.11.2019 av finansminister Siv Jensen

Torgeir Knag Fylkesnes (SV)

Spørsmål

Torgeir Knag Fylkesnes (SV): På oppdrag frå regjeringspartia, saman med Arbeidarpartiet og Kristeleg Folkeparti, blei det starta ei utgreiing av korleis ei skattlegging av grunnrenta i havbruksnæringa skal utformast.

Dette er jo den næringa som går best i heile landet, og som opplever superprofitt med utgangspunkt i bruk av fellesskapet sine fjordar og kystar. Ulltveit-Moe-utvalet er einstemmig i at det er rett og rimeleg med ei skattlegging som gjer at superprofitten som laksenæringa i dag nyt, kjem kystsamfunna og fellesskapet til gode. NHO, LO, kommunar og professorar er einstemmige i at næringa nyt godt av Noregs fantastiske havområde, og fellesskapet får marginalt tilbake for det. Det har no blitt ei gåvepakke frå fellesskapet som har akkumulert enorme rikdomar på nokre få hender.

Ueinigheita i utvalet er om korleis skattlegginga skal utformast. Eg synest begge modellane kan fungere; det viktigaste for SV er at rikdom frå fellesskapet sine ressursar skal kome kystsamfunna og fellesskapet til gode. Våre felles naturressursar skal aldri få lov til å bli ei mjølkeku berre for dei få – dei skal kome alle til gode. Det er akkurat sånn vi har gjort det med olja og vasskrafta.

Men regjeringspartia ser ikkje fellesskapet sine interesser, heller ikkje i denne saka, dei forsvarer ikkje interessene til barn og ungdom og eldre som dagleg merkar på kroppen effekten av dårleg kommuneøkonomi med dårlege tilbod og låg bemanning. Dei forsvarer verken vanlege folk sine interesser eller kystsamfunna sine interesser. Derimot forsvarer dei milliardærane sine interesser. Endå ein gong er det den økonomiske eliten som skal få ein stadig større del av kaka. Til og med Dagens Næringsliv støttar innføring av grunnrenteskatt, ei avis som ikkje akkurat kan kallast eit sosialismens talerøyr. Dei seier at å skattleggje den ekstraordinære profitten i desse selskapa ikkje er kommunisme, men marknadsøkonomi i praksis.

Så statsråd Siv Jensen: Kvifor blei dette utvalet sett ned i utgangspunktet?


Les hele debatten