Spørretimespørsmål fra Jenny Klinge (Sp) til eldre- og folkehelseministeren

Om statsråden vil ta initiativ til eit møte med klesbransjen for å drøfte tiltak angåande storleiksmerking på klede, med bakgrunn i et folkehelseperspektiv

Datert: 08.02.2018
Besvart: 14.02.2018 av eldre- og folkehelseminister Åse Michaelsen

Jenny Klinge (Sp)

Spørsmål

Jenny Klinge (Sp): Somme kleskjeder har få eller ingen klede i store storleikar. Dei største kleda i sortimentet er merka til dømes XL, sjølv om desse plagga i andre butikkar ville hatt ein mindre storleik. Folk som hentar seg klede i ein storleik dei vanlegvis brukar, kan difor oppleve at plagget er altfor lite. I eit folkehelseperspektiv bør særleg unge kunne forhalde seg til forståeleg merking som ikkje verkar deprimerande.
Vil statsråden ta initiativ til eit møte med klesbransjen for å drøfte tiltak angåande storleiksmerking på klede?


Les hele debatten