Muntlig spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til samferdselsministeren

Om statsråden kan opplyse Stortinget om kor store dei årlege kostnadene knytt til forsikringar i jernbanesektoren vert, med bakgrunn i jernbanereforma og oppretting av nye selskap som ikkje lenger kan forsikre seg sjølve, og at dei difor må kjøpe forsikring av selskap som tilbyr dette

Datert: 22.02.2017
Besvart: 22.02.2017 av samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Mitt spørsmål går til samferdsleministeren.

Jernbanereforma har som kjent medført oppretting av ei rekkje selskap. Dette har igjen medført kostnader, noko statsråden opplyste om i Meld. St. 27 for 2014–2015, om jernbanereforma, der statsråden skriv følgjande:

«I forbindelse med de organisatoriske endringene vil det oppstå kostnader knyttet til selskapsdannelser, lokaler/ flytting, informasjon, endringer av intern organisering/ arbeidsprosesser, eventuell endring av IKT-systemer, opplæring av ansatte mv.»

Så vidt eg veit, viser det seg no at desse selskapa ikkje lenger er ein del av sjølvassurandørordninga i staten. Det vil seie at dei ikkje lenger kan forsikre seg sjølve, og at dei difor må kjøpe forsikring av selskap som tilbyr dette. Når dette ikkje var ein del av opplistinga av ikkje-talfesta kostnader i meldinga, vil eg tru at det betyr at ein ikkje var kjend med at det var ei problemstilling, eller at ein ikkje ville opplyse Stortinget om det. Begge deler er i og for seg like ille.

Senterpartiet er kjend med at Bane NOR AS har gjort avtale om forsikringar som skal dekkje skade på materiell, avbrot, ansvar, byggherreforsikring, yrkesskade, cyber, styreansvar, kriminalitet, underslag og miljøansvarsforsikring. Det me derimot ikkje er kjende med, er kva kostnader desse forsikringane har. Me synest òg at det er merkeleg at statsråden ikkje tok opp problemstillinga om sjølvassurandørordninga i Meld. St. 27, om jernbanereforma.

Ein kan sjølvsagt spørje seg om statsråden var eller ikkje var kjend med at dette ville verte eit problem.

Spørsmålet mitt er: Kan statsråden opplyse Stortinget om følgjande: Kor store vert dei årlege kostnadene knytt til forsikringar i jernbanesektoren?


Les hele debatten