Spørsmål
Kjersti Toppe (Sp): Annakvar veke kjem det ein ny baby til Noreg etter surrogati i USA. Internasjonale surrogatifirma etablerer seg, blant anna har eit israelsk firma oppretta eit nordisk kontor i Stockholm, med norsk nettside og informasjonsseminar i Oslo. Ifølgje bioteknologilova er det straffbart for klinikkar og helsepersonell i Noreg å tilby behandling i strid med bioteknologilova.
Kva vil regjeringa gjere for å hindre at nordmenn nyttar surrogati i utlandet, og er praksisen til surrogatifirma i Noreg lovleg?