Muntlig spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til utenriksministeren

Om kva verkemiddel statsråden vil bruke for å medverke til ei europeisk semje om å auke innsatsen vesentleg, slik at ein finn gode løysingar på flyktningkrisa, både i Europa og i dei såkalla nærområda

Datert: 01.02.2017
Besvart: 01.02.2017 av utenriksminister Børge Brende

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Gjennom norske hjelpeorganisasjonar og media har me dei siste vekene vorte opplyst om at flyktningar har kome i ein særs prekær situasjon i Sør-Europa. Det er overfylte leirar, mangelfull vinterberedskap og fleire skal ha frose i hel. I Beograd søv om lag 2 000 unge menneske i forlatne bygningar i sentrum. Dei siste vekene har ein opplevd at minusgradene i Serbia har gått ned mot minus 20. Det vert rapportert om særs vanskelege tilhøve i fleire av flyktningleirane i Hellas. Elementære menneskelege behov som mat, varme, medisinar, hjelp ved sjukdom og tilgang til sanitære fasilitetar finst ikkje. Det vert fortalt om uverdige og inhumane tilhøve i leirane. Trass i Noreg sitt bidrag i 2016 for å avhjelpe flyktningsituasjonen i Sør-Europa ser me at prosessane er svært trege. Over 60 000 menneske sit fast i Hellas, ifølgje Flyktninghjelpen, og over 7 000 i Serbia, ifølgje Leger Uten Grenser.

Det er bra at regjeringa no følgjer opp våre forpliktingar og endeleg har fått fortgang i relokalisering av flyktningar. Det må likevel seiast at regjeringa har brukt lang tid på å kome i gang. Det er viktig at Noreg raskt oppfyller sin kvote av EUs relokaliseringsprogram.

Her i Stortinget er det brei semje om at Noreg må styrkje innsatsen i nærområda til flyktningane. Det kviler eit stort ansvar på Noreg og resten av verdssamfunnet for å medverke til å skape framtidshåp for dei som er ramma av den største flyktningkrisa etter den andre verdskrigen. På kort sikt handlar det om å sikre tilstrekkeleg naudhjelp, slik at dei humanitære behova til flyktningar og migrantar vert dekte. Dei langsiktige løysingane handlar om å skape gode og trygge nok omgjevnader i nærområda, slik at ein ikkje vert tvinga ut på den farefulle ferda over Middelhavet.

Sett i lys av dette: Kva verkemiddel vil statsråden bruke for å medverke til ei europeisk semje om å auke innsatsen vesentleg, slik at ein finn gode løysingar på flyktningkrisa, både i Europa og i dei såkalla nærområda?


Les hele debatten