Muntlig spørsmål fra Hadia Tajik (A) til statsministeren

Om statsministeren er einig i at me betre løyser problema med arbeidsledigheita viss vi legg ønskjetenking til side og held oss til det tala klart seier, eller om det er slik at ho framleis meiner at dei som påpeiker openberre utfordringar, snakkar Noreg ned

Datert: 11.01.2017
Besvart: 11.01.2017 av statsminister Erna Solberg

Hadia Tajik (A)

Spørsmål

Hadia Tajik (A): Dette er fyrste spørjetime i 2017, så me får ønskja statsministeren og landet eit godt nytt år.

Statsministeren starta året med å seia at Noreg vert snakka ned. Det høyrest ikkje så bra ut. Bakgrunnen for denne utsegna er at Arbeidarpartiet har påpeikt at arbeidsledigheita har auka over tid. Frå Høgre–Framstegsparti-regjeringa tok over, har ledigheita auka med om lag 40 pst. No har me høgare ledigheit enn dei har i Tyskland og USA. Det vert heller ikkje skapt jobbar i privat sektor. Det er faktisk 17 000 færre jobbar i privat sektor no samanlikna med korleis det var for to år sidan. Noreg var på toppen når det gjaldt prosenten sysselsette, men sidan 2013 har me hatt ein klar nedgang, og no er med passerte av land som Sverige, Danmark og Tyskland. Regjeringa sjølv har konsekvent vore på etterskot, og arbeidsledigheita har fått lov til å bita seg fast på eit rekordhøgt nivå. Det er konfrontert med desse realitetane at statsministeren seier at ein snakkar Noreg ned.

Då ho sjølv var i opposisjon, sa ho riktig nok at ho ikkje var så pompøs at kritiske spørsmål var som å snakka Noreg ned. Det har ho tydelegvis vorte etter snart fire år som statsminister. Regjeringa har konsekvent bomma i spådomane sine om korleis det kjem til å gå. Ved alle korsvegane har dei undervurdert utviklinga. Dei har lova ein vekst som ikkje har kome.

Eg vil spørja statsministeren om ho er einig i at me betre løyser desse problema viss vi legg ønskjetenking til side og held oss til det tala klart seier, eller om det er slik at ho framleis meiner at dei som påpeiker openberre utfordringar, snakkar Noreg ned?


Les hele debatten