Muntlig spørsmål fra Hadia Tajik (A) til justis- og beredskapsministeren

Om korleis statsråden eigentleg har klart å styra i tre år utan å sikra at pengane som han gjev til politietaten, faktisk endar opp med å gå til lokal politikraft

Datert: 30.11.2016
Besvart: 30.11.2016 av justis- og beredskapsminister Anders Anundsen

Hadia Tajik (A)

Spørsmål

Hadia Tajik (A): Det vert gjort mykje bra politiarbeid rundt om i Noreg, men 2016 har òg gjeve oss mange eksempel på at bemanninga i distrikta er altfor låg. Gardermoen trua i sommar med å stengja passkontrollen. I Bergen har ein over år latt vera å beslagleggja store parti med narkotika. I sommar lét òg politiet ein full trailersjåfør frå Polen køyra 17 mil utan å stansa han, fordi dei ikkje hadde nokon patrulje å senda. I Oslo måtte det på årets budsjett verta tildelt særskilte midlar på grunn av aukande ungdomskriminalitet, som ei følgje av låg bemanning. Ein viktig grunn til dette er òg tronge budsjettrammer.

Me registrerer at statsråden sjølv er einig i at det er noko gale ein stad. Han gjekk sjølv ut i førre veke og erklærte at han kjem til å få eksterne rådgjevarar til å sjå på kor pengane vert av. Statsråden framstiller dette som eit aldri så lite mysterium.

Men kva pengane skal verte brukte til, står jo i budsjettet. For politi og påtalemyndigheit ser ein f.eks. at 1,45 mrd. kr går til pensjon, at 398 mill. kr går til løns- og prisvekst, og at ein då står igjen med 412 mill. kr, som kan gå til frie driftsmidlar til politiet. Blant anna har magasinet Politiforum fleire gonger dokumentert at desse pengane fort vert bundne opp i Politidirektoratet i staden for å gå til lokal politikraft.

Spørsmålet mitt er: Korleis har statsråden eigentleg klart å styra i tre år utan å sikra at pengane som han gjev til politietaten, faktisk endar opp med å gå til lokal politikraft?


Les hele debatten