Muntlig spørsmål fra Geir Pollestad (Sp) til statsministeren

Om det er akseptabelt at politiet lèt vera å gripa inn mot alvorleg kriminalitet av omsyn til manglande etterforskingskapasitet og svake budsjett, med bakgrunn i alvorleg narkotikakriminalitet i Bergen

Datert: 16.11.2016
Besvart: 16.11.2016 av statsminister Erna Solberg

Geir Pollestad (Sp)

Spørsmål

Geir Pollestad (Sp): VG og andre medium har dei seinaste dagane fortalt om ein tilstand i Bergens-politiet som er så vanvettig at det er nesten ikkje mogleg å tru. Politiet har ikkje moglegheit til å gripa mot alvorleg narkotikakriminalitet, og bakmennene går fri. Justisministeren i regjeringa og hans parti snakka ofte før valet om at ein skulle senda kriminelle utlendingar på første fly ut av landet. Realiteten i Bergen no er at politiet følgjer etter narkolangarar med narkotika på bussen, og dei er usynlege vitne.

Statsministeren forsøkjer i dagens VG å gjera dette til eit spørsmål om behandlingstid for varsel og varslingssaka. Det er viktig nok, det, men statsministeren tek med det merksemda vekk frå den grunnleggjande leiings- og byråkratikrisa som er i politiet. I konsulentanes verd vert det formulert slik i kriminalitetsanalysen:


«Ressurssituasjonen per nå tilsier at en har liten mulighet til å initiere nye store saker i politidistriktet.»

I den verkelege verda er det dei kriminelle som bestemmer kor mange store saker det er. Det er ikkje eit vedtak som politiet har moglegheit til å styra over.

Mitt spørsmål er: Meiner statsministeren at det er akseptabelt at politiet lèt vera å gripa inn mot alvorleg kriminalitet av omsyn til manglande etterforskingskapasitet og svake budsjett?


Les hele debatten