Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Om statsråden vil ta initiativ til ei vurdering av forlenging av Jobergtunnelen langs Granvinsvatnet, med bakgrunn i at 200 meter av riksveg 13 mellom Granvin og Voss, ei av hovudferdselsårene for indre Hordaland, raste ut i vatnet
Datert: 19.05.2016 Besvart: 25.05.2016 av samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen
Kjersti Toppe (Sp): 200 meter av riksveg 13 mellom Granvin og Voss raste ut i vatnet onsdag 27. april. Vegen er ei av hovudferdselsårene for indre Hordaland, og blant dei viktigaste aust-vest-sambanda mellom dei to største byane i Norge. Lokalt er det no eit stort ynskje om å få vurdert lang tunnel som permanent løysing langs Granvinsvatnet. I svar til Stortinget har regjeringa ikkje svara tydeleg på om forlenging av Jobergtunnelen vil verte vurdert som eit alternativ.Vil statsråden ta initiativ til ei slik vurdering?