Spørretimespørsmål fra Fredric Holen Bjørdal (A) til kommunal- og moderniseringsministeren

Om kor mange av tilsette i departement og direktorat som er menneske med funksjonsnedsettingar, med bakgrunn i rekord i talet på statsbyråkratar

Datert: 31.03.2016
Besvart: 06.04.2016 av kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner

Fredric Holen Bjørdal (A)

Spørsmål

Fredric Holen Bjørdal (A): Før stortingsvalet lova Høgre og Framstegspartiet krig mot veksten i byråkratiet. Gjer ein opp status etter to og eit halvt år med Høgre/Framstegspartiet-regjering, er det tydeleg at den krigen aldri vart noko av. Det er sett ny norsk rekord i talet på tilsette i departement og direktorat, med over 1 500 nye statsbyråkratar sidan regjeringsskiftet i 2013.
Kor mange av desse er menneske med funksjonsnedsettingar?


Les hele debatten