Spørretimespørsmål fra Kjersti Toppe (Sp) til helse- og omsorgsministeren

Om regjeringa vil fremje ein opptrappingsplan for habilitering og rehabilitering i 2016, korleis satsinga vil bli finansiert, og korleis regjeringa vil sikre utbygging av kompetanse og kapasitet i kommunane og spesialisthelsetenesta

Datert: 31.03.2016
Besvart: 06.04.2016 av helse- og omsorgsminister Bent Høie

Kjersti Toppe (Sp)

Spørsmål

Kjersti Toppe (Sp): I budsjettproposisjonen for 2016 varsla regjeringa at den tar sikte på å fremje ein opptrappingsplan for habilitering og rehabilitering i 2016. Helse- og omsorgsdepartementet fekk i 2014 innspel frå Helsedirektoratet til ein slik opptrappingsplan, som bygde på innspel frå brukar- , fag, og interesseorganisasjonar.
Vil regjeringa fremje ein slik opptrappingsplan i 2016, korleis vil satsinga bli finansiert, og korleis vil regjeringa sikre utbygging av kompetanse og kapasitet i kommunane og spesialisthelsetenesta?


Les hele debatten