Muntlig spørsmål fra Jenny Klinge (Sp) til justis- og beredskapsministeren

Om statsråden deler synet til PST om at dei ikkje treng å varsle om bruk av falske basestasjonar til å overvake eller stoppe mobiltrafikk i Noreg

Datert: 18.03.2015
Besvart: 18.03.2015 av justis- og beredskapsminister Anders Anundsen

Jenny Klinge (Sp)

Spørsmål

Jenny Klinge (Sp): Det er til justisministeren igjen, ja, så han treng ikkje å gå så langt.

Sommaren 2013 vedtok Stortinget at politiet og Politiets sikkerheitsteneste fekk utvida fullmakter til å bruke falske basestasjonar til å overvake eller stoppe mobiltrafikk i Noreg. Frå Stortinget si side var det ein føresetnad at politiet og PST skulle varsle tilsynsmyndigheitene kvar gong dei sette opp basestasjonar, bl.a. for å forhindre at mobilovervaking får uheldige konsekvensar.

Politiet vart gjeve høve til å bruke omstridde verkemiddel, fordi ein hadde tillit til at dette kom til å bli handtert på ein god måte. Eg registrerer likevel at sjefen for PST har uttalt til media at varslingsplikta er i strid med føresegnene om teieplikt, og at dei ikkje ser nokon grunn til å varsle om verkemiddelbruken. Slike utsegner kan ein forstå som at PST ser bort frå Stortinget sine intensjonar.

Dette er ei svært alvorleg sak. Overvaking av menneske er eit av dei mest inngripande tiltaka som ein kan setje i verk, og på mange område er det nødvendig med godkjenning frå domstolen. Når vi no får kjennskap til at PST nærast skaper sitt eige rom på sida av lova, er det òg krevjande å vere lovgjevar.

I Aftenposten 10. mars i år vart justisministeren stilt følgjande spørsmål:

«Deler du PSTs forståelse av at de ikke har trengt å varsle?»

Statsråden gav følgjande svar:

«Det må du nesten ta med PST.»

Svaret manglar meining. Eg gjev derfor justisministeren høve til å svare Stortinget her og no, og leggje meining i svaret: Deler statsråden synet til PST om at dei ikkje treng å varsle om denne forma for verkemiddelbruk?


Les hele debatten