Muntlig spørsmål fra Kjersti Toppe (Sp) til statsministeren

Om statsministeren er einig i statsråd Høies syn på kvar det skal drivast akuttkirurgi i åra framover for å utvikla pasientane si helseteneste

Datert: 14.01.2015
Besvart: 14.01.2015 av statsminister Erna Solberg

Kjersti Toppe (Sp)

Spørsmål

Kjersti Toppe (Sp): Statsråd Høie heldt sjukehustalen sin 7. januar. Då presenterte han pasientane si helseteneste. Ho skal verta tryggare og betre.

Statsråden oppfordra til ein viktig debatt om kva for sjukehus som skal tilby akuttkirurgi. Statsråd Høie meiner at akuttkirurgi krev eit pasientgrunnlag på 60 000–80 000. Sjukehus med eit mindre pasientgrunnlag enn 20 000–30 000 må leggjast ned. Regjeringa sin modell for pasientane si helseteneste viser seg altså å innebera ei sterk sentralisering av det akutte helsetilbodet, der halvparten av norske sjukehus vil mista kirurgisk akuttberedskap eller verta lagde ned – trass i at pasientane sjølve, ifølgje Nasjonalt kunnskapssenter sine gjennomgangar, er svært fornøgde med det lokale sjukehustilbodet sitt.

Mitt spørsmål til statsministeren er: Er statsministeren einig i statsråd Høies syn på kvar det skal drivast akuttkirurgi i åra framover for å utvikla pasientane si helseteneste?


Les hele debatten