Muntlig spørsmål fra Knut Arild Hareide (KrF) til statsministeren

Om kva for tankar statsministeren gjer seg når EU-domstolen no slår fast at datalagringsdirektivet er ulovleg, og me held på med å implementere eit ulovleg direktiv

Datert: 09.04.2014
Besvart: 09.04.2014 av statsminister Erna Solberg

Knut Arild Hareide (KrF)

Spørsmål

Knut Arild Hareide (KrF): Eg synest statsministeren svarte veldig godt på det førre hovudspørsmålet. Ho var oppteken av menneskerettane, borgaranes rettar og av å vere prinsipiell. Det er ikkje berre statsminister Erna Solberg som er det. Det er òg EU-domstolen, fordi han er så tydeleg no og slår fast at datalagringsdirektivet er ulovleg.
EU-domstolen seier at direktivet inneber eit svært omfattande og særleg alvorleg inngrep i den grunnleggjande retten til respekt for privatlivet og til beskyttelse av personopplysningar.
Det er ikkje kvar dag at EU-domstolen slår fast at eit direktiv bryt med borgaranes grunnleggjande rettar. Dette er eit direktiv der staten blir gitt moglegheit til å lagre all informasjon om kvar og når enkeltmenneske brukar mobiltelefon, sender e-postar eller søkjer på nettet – altså eit særdeles omfattande og overvakande direktiv som no EU-domstolen slår fast er ulovleg.
Det er ein grunnleggjande rett at eit samfunn ikkje skal overvake utan grunn.
Statsministeren har kjent veldig godt til dei alvorlege klagane mot dette direktivet, for dei har vore kjende over lang, lang tid. Det var endåtil eit delt Høgre, så sjølv i dei eigne gruppemøta til Høgre har desse opplysningane kome fram.
Kva for tankar gjer statsministeren seg når EU-domstolen no slår fast at me held på med å implementere eit ulovleg direktiv?


Les hele debatten