Muntlig spørsmål fra Sveinung Rotevatn (V) til arbeids- og sosialministeren

Om korleis ein ligg an i arbeidet med å få på plass ein ny IA-avtale, og kva ein vil gjere for å sørgje for at avtalen vil fungere etter hensikta denne gongen

Datert: 13.11.2013
Besvart: 13.11.2013 av arbeids- og sosialminister Robert Eriksson

Sveinung Rotevatn (V)

Spørsmål

Sveinung Rotevatn (V): Spørsmålet mitt går til arbeidsministeren. Det nærmar seg jul, det nærmar seg desember, og det nærmar seg utløpet av gjeldande IA-avtale. I budsjetthøyringa til arbeids- og sosialkomiteen på måndag var det mange av partane i arbeidslivet som sterkt etterlyste at ein må få på plass ein ny IA-avtale.
Arbeid med inkluderande arbeidsliv er viktig, og ei vidareføring og forbetring av IA-avtalen kan vere ein måte styrkje det arbeidet på. Samtidig har vi fleire store utfordringar. Ei av dei er at mange av dei positive verkemidla gjennom IA-avtalen, for eksempel tilskott til tilrettelegging frå Nav, berre er tilgjengelege for enkelte bedrifter og ikkje for alle bedrifter. Det gjeld også mange andre gode verkemiddel som burde ha vore tilgjengelege for alle, og som det går ut over småbedrifter at ikkje er det.
Ei anna utfordring er at vi framleis har eit betydeleg høgare sjukefråvær enn nabolanda våre, og at det har skjedd lite i så måte. I sommar kom ei evaluering frå SINTEF som langt på veg konkluderte med at IA-avtalen ikkje har fungert etter hensikta.
Kan statsråden gi ei løypemelding om korleis ein ligg an i arbeidet med å få på plass ein ny IA-avtale? Og kva vil ein gjere for å sørgje for at avtalen vil fungere etter hensikta denne gongen?


Les hele debatten