Spørretimespørsmål fra Hallgeir H. Langeland (SV) til olje- og energiministeren

Om kva som er gjort for å auka bruken av _varmepumpeteknologi_, og eventuelt å påleggja eigarane av Naturkraft å gjera noko

Datert: 20.10.2000
Besvart: 25.10.2000 av olje- og energiminister Olav Akselsen

Hallgeir H. Langeland (SV)

Spørsmål

Hallgeir H. Langeland (SV): Klimagassutsleppa og klimaproblema er aukande. Og me kan nå la vere å bruke mykje energi og tid på diskusjonar om gasskraftverk som likevel ikkje blir bygd. I Norge finn me omlag 25 000 varmepumpeanlegg. Det er like mange som det årleg blir installert i Sverige. Når me veit at det er eit potensiale på omlag 25 TWh, må det nå bli fart i installering av slike anlegg.
Kva har statsråden gjort for å auke bruken av varmepumpeteknologi, eventuelt kan han tenke seg å påleggje eigarane av Naturkraft å gjere noko?


Les hele debatten