Spørsmål
Hallgeir H. Langeland (SV): Den svenske Riksdagen har vedtatt store reduksjonar i størrelsen på forsvaret, samstundes som det skal reorganiserast. Det same vil truleg også skje i Noreg. Vi har interesse av og som mål å ha eit godt forsvarspolitisk samarbeid med Sverige.
Vil statsråden, i samband med vedtaket i Riksdagen, sørga for at dette arbeidet nå blir styrkja og meir konkret til dømes på øvingssida, eventuelt også i forhold til å kunne ha felles nordiske FN-styrkar?