Spørretimespørsmål m.m.

Liste over muntlige spørsmål og spørretimespørsmål fra representantene til statsrådene, spørsmål til presidentskapet og spørsmål ved møtets slutt.

Avgrens utvalget

Finn spørretimespørsmål etter

Berge, Syver (1 - 20 av 90)

  • Spørretimespørsmål fra Syver Berge (Sp) til landbruksministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 30.05.1997

    Besvart: 04.06.1997 av landbruksminister Dag Terje Andersen

    Intensjonsavtalen Statens næringsmiddeltilsyn hadde med dei 6 regionale næringslaboratoria som vart oppstarta i 1992, er oppsagt med verknad frå 1. januar 1998. Har staten gått bort frå det Stortinget fastla i 1992 med eit desentralisert laboratoriumsystem?
  • Spørretimespørsmål fra Syver Berge (Sp) til finansministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 14.05.1997

    Besvart: 21.05.1997 av finansminister Jens Stoltenberg

    Oppland fylkesskattekontor arbeider for samlokalisering av likningskontora i kommunane Dovre og Lesja i Oppland. Er dette i tråd med det Regjeringa la opp til i St.prp. nr. 44 (1993-94), som og Stortinget slutta seg til, at det skal vera eit statleg likningskontor i kvar kommune, mellom anna for å sikre nærleik for skattytarane?
  • Spørretimespørsmål fra Syver Berge (Sp) til kulturministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 13.03.1997

    Besvart: 09.04.1997 av kulturminister Turid Birkeland

    I §10 i lov om offentleg målbruk heiter det: «Kongen skal minst kvart fjerde år leggja fram for Stortinget ei melding om målbruk i offentleg teneste.» Den førre meldinga kom i 1992, og Regjeringa har alt forsømt seg i høve til lova. Intensjonen med lovregelen er naturlegvis at det i kvar stortingsperiode skal vera høve til å kontrollera korleis lova vert etterlevd. Kva tid vil Regjeringa leggja fram stortingsmelding om målbrukslova?
  • Spørretimespørsmål fra Syver Berge (Sp) til landbruksministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 04.10.1996

    Besvart: 09.10.1996 av landbruksminister Gunhild Elise Øyangen

    Om det registrerte jordbruksarealet gjev eit sant bilete av _norsk jordbruk si evne til å produsere mat_
  • Spørretimespørsmål fra Syver Berge (Sp) til nærings- og energiministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 31.05.1996

    Besvart: 05.06.1996 av nærings- og energiminister Jens Stoltenberg

    "Offentlege innkjøp favoriserer dei største bedriftene. Eit nytt regelverk for offentlege innkjøp som er under arbeid, kan gjere det endå vanskelegare for små bedrifter å delta i anbudskonkurransen. Kva vil statsråden gjera for at det skal bli lettare for småbedriftene å hevda seg i denne konkurransen?"
  • Spørretimespørsmål fra Syver Berge (Sp) til kommunal- og arbeidsministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 23.05.1996

    Besvart: 29.05.1996 av kommunal- og arbeidsminister Gunnar Berge

    "I mange distrikter når ein ikkje målsetjinga om å få dei langtids- ledige i arbeid. I Oppland fekk i 1995 45% (512 personer) av dei som passerte 80 veker, innvilga dispensasjon på grunn av at arbeidsmarknads- etaten ikkje klarte å skaffe arbeid til desse. Er kommunal- og arbeidsministeren tilfreds med situasjonen slik den er, eller blir det sett i gang tiltak som vil betra tilhøva for dei langtids- ledige?"
  • Spørretimespørsmål fra Syver Berge (Sp) til landbruksministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 10.05.1996

    Besvart: 15.05.1996 av landbruksminister Gunhild Elise Øyangen

    "Inntektsnivået i jordbruket er omlag 55% av gjennomsnittet for andre grupper. Regjeringa meiner jordbruket gjennom effektivisering skal oppfylle Stortinget sine forventningar om inntekter og levekår på line med den "øvrige befolkning". Kor mange gardsbruk meiner statsråden det må leggjast ned kvart år, for at jordbruket kan oppnå eit inntektsgrunnlag som er på line med den "øvrige befolkning"?"
  • Spørretimespørsmål fra Syver Berge (Sp) til miljøvernministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 17.04.1996

    Besvart: 24.04.1996 av miljøvernminister Thorbjørn Berntsen

    "I forskrift frå Direktoratet for naturforvaltning om korttypar og prisar for fiske, småvilt og villreinjakt i statsallmenning, er prisforholdet mellom innanbygdsbuande og utanbygdsbuande endra når det gjeld pris på småviltjaktkort. Er dette ei bevisst politisk handling for å svekkje fortrinnsretten innanbygdsbuande har når det gjeld jakt og fiske i statsallmenning?"
  • Spørretimespørsmål fra Syver Berge (Sp) til miljøvernministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 26.03.1996

    Bortfaller grunnet spørrers forfall/spørrer ikke til stede

    "I forskrift frå Direktoratet for naturforvaltning om korttypar og prisar for fiske, småvilt og villreinjakt i statsallmenning, er pris- forholdet mellom innanbygdsbuande og utanbygdsbuande endra når det gjeld pris på småviltjaktkort. Er dette ei bevisst politisk handling for å svekkje fortrinnsretten innanbygdsbuande har når det gjeld jakt og fiske i statsallmenning?"
  • Spørretimespørsmål fra Syver Berge (Sp) til landbruksministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 13.03.1996

    Besvart: 20.03.1996 av landbruksminister Gunhild Elise Øyangen

    "Innafor kjerneområdet for jerv i Oppland har ein 920 gardsbruk med sauehald. Desse gardsbruka sysselset 520 årsverk, og produksjonen har ei bruttoverdi årleg på ca. 60 mill. kroner. Er målsettinga for Regjeringa og statsråden at denne produksjonen på sikt skal leggast ned?"
  • Spørretimespørsmål fra Syver Berge (Sp) til finansministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 07.03.1996

    Besvart: 13.03.1996 av finansminister Sigbjørn Johnsen

    "Det er ulik praktisering når det gjeld regelverket som regulerer tilhøvet mellom sjølvstendige næringsdrivande og tilsette skogsarbeidarar med omsyn til utføring av manuelle arbeidsoppgåver i skogen. Er det rimeleg at det er forskjell på ein snekker med hammar og ein skogsarbeidar med rydningssag når det gjeld moglegheit for å registrere seg som sjølvstendig næringsdrivande?"
  • Spørretimespørsmål fra Syver Berge (Sp) til miljøvernministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 07.03.1996

    Besvart: 13.03.1996 av miljøvernminister Thorbjørn Berntsen

    "Naturvernforbundet i Oslo og Akershus har på eige grunnlag registrert biologiske verdiar i skogområde utanom tidlegare freda område. Dei trugar med å rapportera skogeigarane inn for miljøstyremaktene om dei set i gang hogst i områda. Er dette ein del av den offentlege skogfredningsprosessen, eller tek statsråden avstand frå ein slik framgangsmåte?"
  • Spørretimespørsmål fra Syver Berge (Sp) til landbruksministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 15.02.1996

    Besvart: 21.02.1996 av landbruksminister Gunhild Elise Øyangen

    "Departementsråden i Landbruksdepartementet avviser World Watch Institute sine rapportar og analysar som skremselspropaganda og dommedags- profetiar. Er statsråden samd i desse synspunkta?"
  • Spørretimespørsmål fra Syver Berge (Sp) til landbruksministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 08.02.1996

    Besvart: 14.02.1996 av landbruksminister Gunhild Elise Øyangen

    "Landbruksministeren meiner ifølgje oppslag på TV2 laurdag 13. januar 1996 at norske bønder er altfor slepphendte med antibiotika i husdyr- produksjonen. Veterinærdirektøren vedgår at veterinærmyndigheitene har for dårleg oversikt over bruken av antibiotika. Kva grunnlag har statsråden for sin påstand?"
  • Spørretimespørsmål fra Syver Berge (Sp) til kulturministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 02.02.1996

    Besvart: 07.02.1996 av kulturminister Åse Kleveland

    "Ut fra oppslag i pressa skal det her i landet prioriterast eit skianlegg med status "Nasjonalt anlegg for vinteridrett". Kva vert lagt til grunn når dette valet skal takast, og når vil avgjerda verta teken?"
  • Spørretimespørsmål fra Syver Berge (Sp) til landbruksministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 02.02.1996

    Rette vedkommende: Miljøvernministeren

    Besvart: 07.02.1996 av miljøvernminister Thorbjørn Berntsen

    "I samband med jordbruksoppgjøret 1995/96 slutta Stortinget, alle bortsett fra Sosialistisk Venstreparti, seg til ein merknad om at vernereglane for rovvilt burde vurderast om dei vart praktisert for strengt da tapet av bufe syntes for stort. Vidare at det burde vurderast å byggje opp ein meire desentralisert og samla forvaltningsmodell. Kva har statsråden gjort for å etterkoma ynskja frå Stortinget?"
  • Spørretimespørsmål fra Syver Berge (Sp) til landbruksministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 12.01.1996

    Besvart: 17.01.1996 av landbruksminister Gunhild Elise Øyangen

    "Statsråd Øyangen uttala på sin pressefrokost 20. desember 1995 følgjande i samband med at ho meinte at ei modernisering av meierisektoren var heilt nødvendig: "I tillegg er det et sterkt press fra krefter innenfor landbruket for å oppløse monopolet og sørge for at det blir mer konkurranse." Er dette berre ein påstand frå statsråden, eller kan statsråden gjera greie for kvar det sterke presset innafor landbruket kjem frå?"
  • Spørretimespørsmål fra Syver Berge (Sp) til samferdselsministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 20.12.1995

    Besvart: 10.01.1996 av samferdselsminister Kjell Opseth

    "Ved makeskifte på Gardermoen, der areal tilhøyrande Opplysningvesenets fond vert nytta, er det sett ei bindingstid på 90 år før grunneigaren får full uinnskrenka råderett over eigedomen. Meiner statsråden at ei slik bindingstid er nødvendig?"
  • Spørretimespørsmål fra Syver Berge (Sp) til landbruksministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 09.11.1995

    Besvart på vegne av: Landbruksministeren

    Besvart: 15.11.1995 av fiskeriminister Jan Henry T. Olsen

    "Staten sitt heileigde selskap, Stormøllen, har gjennom Norgesmøllene kjøpt NKL sin matmjøldivisjon, Nordkronen. I grunngjevinga for kjøpet vert det lagt vekt på at det vil utvikla seg ein nordisk matmjølmarknad. Inneber desse signala frå Stormøllen ei landbrukspolitisk kursendring?"
  • Spørretimespørsmål fra Syver Berge (Sp) til landbruksministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 02.11.1995

    Besvart på vegne av: Landbruksministeren

    Besvart: 15.11.1995 av fiskeriminister Jan Henry T. Olsen

    "Har Landbruksdepartementet etterprøving av kva for resultat investeringane med bygdeutviklingsmidlar gjev?"