Spørretimespørsmål m.m.

Liste over muntlige spørsmål og spørretimespørsmål fra representantene til statsrådene, spørsmål til presidentskapet og spørsmål ved møtets slutt.

Avgrens utvalget

Finn spørretimespørsmål etter

Vereide, Oddlaug (1 - 7 av 7)

  • Spørretimespørsmål fra Oddlaug Vereide (KrF) til kultur- og kirkeministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 10.10.1990

    Besvart: 17.10.1990 av kultur- og kirkeminister Eleonore Bjartveit

    "Vil Kyrkje- og kulturdepartementet sørgje for at alle statsetatane tek inn i stillingsutlysingane sine eit krav om at søkjarane lyt seie frå om dei kan begge målformene, på same måte som er gjort i den store samle- lysinga "Ledige stillingar i Staten"?"
  • Spørretimespørsmål fra Oddlaug Vereide (KrF) til familie- og forbrukerministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 01.06.1990

    Besvart: 06.06.1990 av familie- og forbrukerminister Solveig Sollie

    "Norges Bondekvinnelag viser til at gardbrukarar som søkjer plass for barna sine i barnehagar, opplever at opptaksutvala begrunnar avslag med at eit årsverk i landbruket ikkje kan sidestillast med heildagsarbeid utanfor heimen. Er familie- og forbrukarministeren samd i ei slik forståing, og vil statsråden bidra til at bønder får høve til barnehageplass på linje med andre?"
  • Spørretimespørsmål fra Oddlaug Vereide (KrF) til forsvarsministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 30.05.1990

    Besvart: 06.06.1990 av forsvarsminister Per Ditlev-Simonsen

    "Forsvarets overkommando, Heimevernstaben, planlegg ei grensejustering mellom Fjordane HV-distrikt 10 og Hordaland HV-distrikt 09. Planen synest å vere i strid med Stortinget sitt vedtak ved handsaminga av St.prp. nr. 85 for 1986-87, og vil ramme distriktsarbeidsplassar i Jølster. Kva vil statsråden gjere for å sikre at Stortinget sine intensjonar vert følgde opp i denne saka?"
  • Spørretimespørsmål fra Oddlaug Vereide (KrF) til sosialministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 20.04.1990

    Besvart: 25.04.1990 av sosialminister Wenche Frogn Sellæg

    "Framlegget til ny landsplan for Vinmonopolet legg opp til ei auke i polutsala frå 106 til 110. Meiner statsråden at dette er i tråd med Regjeringa si erklæring om å arbeide for å nå Verdens Helseorganisasjon sitt mål om reduksjon av alkohol- forbruket innan år 2000?"
  • Spørretimespørsmål fra Oddlaug Vereide (KrF) til olje- og energiministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 16.03.1990

    Besvart: 21.03.1990 av olje- og energiminister Eivind Reiten

    "I mange kystområde er krafttilføringa ustabil som følge av vanskelege vertilhøve og stor slitasje på eksisterande el-anlegg. Vindkraft er eit alternativ til vanleg el-forsyning. I kva omfang vil det i slike område vera aktuelt å byggja ut vindkraft- anlegg til erstatning for vanleg el-forsyning, og vil statsråden vurdera slik utbygging i Sogn og Fjordane?"
  • Spørretimespørsmål fra Oddlaug Vereide (KrF) til fiskeriministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 09.02.1990

    Besvart: 14.02.1990 av fiskeriminister Svein Magnus Munkejord

    "Ved fordeling av fartøykvotar til kystfiskeflåten har Sogn og Fjordane fått ein svært låg andel i høve til andre fylke. Meiner statsråden det er rimeleg at kystfiskeflåten i Sogn og Fjordane får så låg kvotetildeling, og vil statsråden bidra til ei ny tildeling for Sogn og Fjordane?"
  • Spørretimespørsmål fra Oddlaug Vereide (KrF) til finansministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 02.02.1990

    Besvart: 07.02.1990 av finansminister Arne Skauge

    "Føresegnene i skattelova inneber at frådragsrett for dokumenterte utgifter til pass av barn ikkje gjeld inntekt frå felles bedrift for ektefeller, til dømes gardsbruk. Kva er årsaken til forskjellsbehandling mellom sjølvstendig nærings- drivande og anna inntektsgjevande arbeid, og vil finansministeren bidra til lik frådragsrett for pass av barn?"