Spørretimespørsmål m.m.

Liste over muntlige spørsmål og spørretimespørsmål fra representantene til statsrådene, spørsmål til presidentskapet og spørsmål ved møtets slutt.

Avgrens utvalget

Finn spørretimespørsmål etter

Widnes, Marie Lovise (1 - 20 av 73)

  • Spørretimespørsmål fra Marie Lovise Widnes (SV) til kommunal- og arbeidsministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 22.04.1993

    Rette vedkommende: Justisministeren

    Besvart: 28.04.1993 av justisminister Grete Faremo

    "Mange grunneigarar set opp bygsleavgiftene til det urimelege, når gamle kontraktar går ut. Folk som har kjøpt seg hus, har brått fått tilsendt nye kontraktar, der bygsleprisen stig med store summar. Mange har kjend seg pressa til anten å betale eller å kjøpe tomta til ein særs høg pris. Kva vert gjort for å betre rettstryggleiken for bygslarar når kontraktane går ut?"
  • Spørretimespørsmål fra Marie Lovise Widnes (SV) til barne- og familieministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 01.04.1993

    Besvart: 28.04.1993 av barne- og familieminister Grete Berget

    "Dei statlege fylkesnemndene for sosialsaker skulle styrkje rettstrygg- leiken for born og pårørande. No viser det seg at dei kan verte ein flaskehals, der sakene vert liggjande ubehandla i lang tid. I lov om barne- vernsaker er det innført strenge tidsfristar. Den lange handsamingstida er såleis i strid med lova. Kva vil statsråden gjere for å endre dei uheldige tilhøva?"
  • Spørretimespørsmål fra Marie Lovise Widnes (SV) til kirke-, utdannings- og forskningsministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 01.04.1993

    Besvart: 21.04.1993 av kirke-, utdannings- og forskningsminister Gudmund Hernes

    "Innvandrarar og andre som av ymse grunnar får opphald i Noreg møter berre bokmål i opplæringa, jamvel om dei bur i typiske nynorskdistrikt. Noko som fører til ytterlegare framandgjering i miljøet. Korleis vurderer statsråden dette prinsipielt, og kva vil han gjere med det?"
  • Spørretimespørsmål fra Marie Lovise Widnes (SV) til helseministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 11.03.1993

    Besvart: 17.03.1993 av helseminister Werner Christie

    "Mange ryggpasientar har slite med plager i årrekkjer utan å få hjelp. Feilbehandling, manglande vilje til å ta slike sjukdomar på alvor og manglande diagnosar har gjort mange uføre i ung alder. Utan tilvising og diagnose får dei heller ikkje refusjon om dei søkjer hjelp i utlandet. Noreg manglar kompetansesenter og kapasiteten er for dårleg. Kva vil helseministeren gjere for å avhjelpe situasjonen?"
  • Spørretimespørsmål fra Marie Lovise Widnes (SV) til justisministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 18.02.1993

    Besvart: 24.02.1993 av justisminister Grete Faremo

    "Gjennom pressa har det kome påstandar om at politiet er svært passive i saker som gjeld fiskeriforvaltninga. Lensmannen i ei stor fiskerikommune har nyleg skriftleg vegra seg for å ta imot anmelding eller drive etterforsking. Finst det reglar som unntek fiskeriforvaltninga frå politietter- forsking, eller er manglande kompetanse hos politietaten på slike saker årsak til passiviteten?"
  • Spørretimespørsmål fra Marie Lovise Widnes (SV) til kulturministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 18.02.1993

    Besvart: 24.02.1993 av kulturminister Åse Kleveland

    "Teksting av TV-program for døve er sjeldan vare. Foreldre til døve born må sitje ved fjernsynsapparatet og tolke for borna. Undervisnings- program vert utilgjengelege for høyrselshemma utan teksting. Høyrselshemma sine organisasjonar har lenge kjempa for teksting utan å verte høyrde. Vil kulturministeren ta noko initiativ i denne saka?"
  • Spørretimespørsmål fra Marie Lovise Widnes (SV) til fiskeriministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 11.02.1993

    Besvart: 17.02.1993 av fiskeriminister Jan Henry T. Olsen

    "Etter reglar om fritidsfiske er det inga reiskapsavgrensing unnateke helgane for andre arter enn torsk, hyse, sild og rognkjeks. Fiskerisjefen i Møre og Romsdal har i brev til Fritids- og småfiskeforbundet gjeve uttrykk for at bifangst av til dømes torsk ikkje er tillate utan ved avgrensing på eitt garn etter § 11. Er dette feilinformasjon og korleis skal det forståast og overhaldast av fritidsfiskarane?"
  • Spørretimespørsmål fra Marie Lovise Widnes (SV) til landbruksministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 21.01.1993

    Besvart: 27.01.1993 av landbruksminister Gunhild Elise Øyangen

    "I ei sak der ein avdød var eigar av jordbrukseigedom, og det ikkje finst livsarvingar eller andre med odelsrett, har vedkomande testamentert ein del av eigedomen til den som har brukt dette stykket. Kommunen er ikkje samd i dette, men vil dele opp på ein annan måte for å skaffe andre gards- bruk tilleggsjord. Dei viser til statens forkjøpsrett. Kan eit lovleg oppsett testament gjerast ugyldig i slike høve?"
  • Spørretimespørsmål fra Marie Lovise Widnes (SV) til justisministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 13.01.1993

    Rette vedkommende: Barne- og familieministeren

    Besvart: 20.01.1993 av barne- og familieminister Grete Berget

    "Adopsjon er i dag ugjenkalleleg. I høve der eit adoptert barn til dømes er blitt seksuelt misbrukt av adoptivfaren, ynskjer barnet i vaksen alder å oppheve adopsjonen. Det er fleire døme på dette. Meiner justisministeren at adopsjonslova i slike høve burde gje rom for dette?"
  • Spørretimespørsmål fra Marie Lovise Widnes (SV) til helseministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 04.12.1992

    Besvart: 09.12.1992 av helseminister Werner Christie

    "Etter EØS-direktiv om merking av tobakksvarer skal åtvaringsmerking dekkje ein viss prosent av overflata på pakkane, etter kor mange offisielle språk eit land har. Helsedirektoratet og Utanriksdepartementet hevdar at vi har berre eitt offisielt språk i Noreg, og at dette språket er norsk. Kan Helsedirektoratet og Utanriksdepartementet bryte mållova og diskriminere både nynorsk og samisk?"
  • Spørretimespørsmål fra Marie Lovise Widnes (SV) til samferdselsministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 03.12.1992

    Besvart: 09.12.1992 av samferdselsminister Kjell Opseth

    "Billettreduksjonar i form av "honnørbillettar" er heimla i samferdsels- lov og forskrifter på lokale bil og båtruter, jarnbane og liknande. Ved fleire nye bompengeselskap, mellom anna Krifast, må både eldre og funksjons- hemma betale full pris. Er dette ei friviljug ordning, som bompengeselskapa kan praktisere som dei vil?"
  • Spørretimespørsmål fra Marie Lovise Widnes (SV) til kommunalministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 29.10.1992

    Bortfaller grunnet spørrers forfall/spørrer ikke til stede

    "Ei opprivande sak frå Vardø viser korleis folk som er blitt arbeids- lause kjem i store vanskar og gjeldskrise. Ein mann vert kasta ut av huset, på grunn av ei gjeld på kr 65 000 han i augneblinken ikkje greier å svare. Korkje kommune eller bank er viljuge til å hjelpe. Etableringslån er nekta for di han fekk eit lån i 1986 på kr 14 000. Har stat eller kommune plikter overfor eit slikt tilfelle?"
  • Spørretimespørsmål fra Marie Lovise Widnes (SV) til helseministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 06.10.1992

    Besvart: 14.10.1992 av helseminister Werner Christie

    "Miacalsik nasespray er ein anerkjend medisin mot osteoporose som stansar beintap og stiller smerter. Sidan den ikkje no kan fåast på blå resept for nemnde pasientgruppe, må mange slutte å bruke den, grunna prisen. Utgangen vert då i tillegg til lidinga, uføretrygd og pleie for desse pasientane. Er dette god rehabiliteringspolitikk og god samfunnsøkonomi?"
  • Spørretimespørsmål fra Marie Lovise Widnes (SV) til sosialministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 26.05.1992

    Besvart: 03.06.1992 av sosialminister Tove Liv Besstun Veierød

    "Forsikringsselskapet Vesta og eit privat medisinsk senter sikrar no behandling til folk i høge stillingar utanom dei vanlege helsekøane. Dette tyder frynsegode og ei rangering etter posisjon og økonomisk evne som set likeverdsprinsippa i helsevesenet ut av spel. Kva slags tiltak vil sosialministeren kome med for å råde bot med slike utvekstar på samfunnet?"
  • Spørretimespørsmål fra Marie Lovise Widnes (SV) til sosialministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 13.05.1992

    Besvart: 20.05.1992 av sosialminister Tove Liv Besstun Veierød

    "Eigendelar på heimesjukepleie er vanskeleg å handheve overfor psykiatriske pasientar. Tilbodet i psykiatriske institusjonar er redusert, fleire og fleire vert poliklinisk behandla og overført til primærhelse- tenesta. Påbode ettervern, førebyggjing og oppfylgjing vert vanskeleggjort, fordi pasientane ofte ikkje har innsikt i eigen situasjon. Vil statsråden vurdere å fristille denne gruppa?"
  • Spørretimespørsmål fra Marie Lovise Widnes (SV) til sosialministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 30.04.1992

    Besvart: 06.05.1992 av sosialminister Tove Liv Besstun Veierød

    "Mange menneskje med medfødde misdanningar, med alvorlege sjukdomar i munn/gane eller som fylgje av ulykke, har tanninnplantering som den einaste redning for å kunne fungere som menneskje. Rikstrygdeverket dekkjer ikkje slike innplantasjonar. Fortvila menneskje ventar på ei avklaring fort. Kor lenge skal desse menneskja vente?"
  • Spørretimespørsmål fra Marie Lovise Widnes (SV) til fiskeriministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 24.04.1992

    Besvart: 29.04.1992 av fiskeriminister Oddrunn Pettersen

    "Ved registrering av fiskefarty for deltaking i torskefisket vart ein båt påmeld den 28. desember 1990, men Skipskontrollen møtte ikkje opp før 3. januar 1991. På dette grunnlag fekk fiskaren avslag på tildeling av fartykvote, fordi båten var for seint registrert. Er det datoen for Skipskontrollens frammøte som gjeld, og kvifor kan dispensasjon frå reglane berre gjevast fiskarar frå Nord-Troms og Finnmark?"
  • Spørretimespørsmål fra Marie Lovise Widnes (SV) til kommunalministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 10.04.1992

    Besvart: 29.04.1992 av kommunalminister Kjell Borgen

    "Mange familiar med sterkt funksjonshemma born må byggje om husa for å kunne ha dei heime. For familiar med store lån frå før er dette eit stort problem, då reglane for etableringstilskot hindrar folk med over 11 000 kroner i inntekt pr. månad å få slike tilskot. Vil statsråden vurdere endring av regelverket når det gjeld bustader for funksjonshemma?"
  • Spørretimespørsmål fra Marie Lovise Widnes (SV) til sosialministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 24.03.1992

    Besvart: 01.04.1992 av sosialminister Tove Liv Besstun Veierød

    "Utbetaling til pensjonsmottakarar skjer den 20. i kvar månad. Dei fleste rekningar kjem no med ein siste betalingsfrist påført. Oftast er betalingsfristen den 15., med bod om morarente ved for sein betaling. Dette er blitt eit problem for mange trygda. Kva kan gjerast for å lage eit betre system, især for dei som ikkje har pengereservar å ta av?"
  • Spørretimespørsmål fra Marie Lovise Widnes (SV) til arbeids- og administrasjonsministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 24.03.1992

    Besvart: 01.04.1992 av arbeids- og administrasjonsminister Tove Strand

    "Ved fylkestingsvalget vart det i Møre og Romsdal stilt fleire upolitiske eller tverrpolitiske lister. Dei som vert innvalde på same liste vert rekna som ei gruppe, og får gruppestønad og stønad pr. representant. Kan eit medlem av gruppa verte nekta gruppestønad når dette medlem ufriviljug vert sett utafor gruppemøte og samarbeid?"