Spørretimespørsmål m.m.

Liste over muntlige spørsmål og spørretimespørsmål fra representantene til statsrådene, spørsmål til presidentskapet og spørsmål ved møtets slutt.

Avgrens utvalget

Finn spørretimespørsmål etter

Blakset, Leiv (1 - 20 av 36)

  • Spørretimespørsmål fra Leiv Blakset (Sp) til nærings- og energiministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 19.05.1993

    Besvart: 26.05.1993 av nærings- og energiminister Finn Kristensen

    "Overgang til meir miljøvenleg bensin på Statoil sine bensinstasjonar inneber at gamle tankar på den einskilde stasjon må skiftast ut. I samband med dette vurderer Statoil å leggje ned fleire mindre bensinstasjonar i distrikta. Kva vil statsråden gjere for å medverke til at ei modernisering av tanksystema ikkje fører til nedleggjing av bensinstasjonar i distrikta?"
  • Spørretimespørsmål fra Leiv Blakset (Sp) til fiskeriministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 18.05.1993

    Besvart: 26.05.1993 av fiskeriminister Jan Henry T. Olsen

    "Stortinget har bede Regjeringa føreta ei nærare avklaring av staten sitt ansvar for søk etter bortkomne på havet, jf. Innst. S. nr. 50 for 1992-93. Kor langt er dette arbeidet kome?"
  • Spørretimespørsmål fra Leiv Blakset (Sp) til kulturministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 26.03.1993

    Besvart: 31.03.1993 av kulturminister Åse Kleveland

    "Kulturdepartementet har fastslege at Noregs eksportråd er underlagt mållova. Kvifor dispenserer då departementet frå regelverket til skade for nynorsk når departementet sjølv i si siste melding om målbruk i statstenesta peika på at det bør vurderast å leggje prinsippet om "positiv forskjell- behandling" til grunn i saksførehavinga?"
  • Spørretimespørsmål fra Leiv Blakset (Sp) til finansministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 26.02.1993

    Besvart: 17.03.1993 av finansminister Sigbjørn Johnsen

    "Forbrukarkontoret i Sogn og Fjordane har i brev til Norsk Tipping A/S peika på at utbygginga av online-terminalar har ført til at folk spelar meir enn nokon gong, men at det kan gje ei svært negativ utvikling for nær- butikkane i utkantstrok. Støttar statsråden synet som kjem fram i brevet om at det må takast distriktspolitiske omsyn ved utplasseringa av terminalar?"
  • Spørretimespørsmål fra Leiv Blakset (Sp) til finansministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 26.02.1993

    Rette vedkommende: Kulturministeren

    Bortfaller grunnet spørrers forfall/spørrer ikke til stede

    "Forbrukarkontoret i Sogn og Fjordane har i brev til Norsk Tipping A/S peika på at utbygginga av online-terminalar har ført til at folk spelar meir enn nokon gong, men at det kan gje ei svært negativ utvikling for nærbutikkane i utkantstrok. Støttar statsråden synet som kjem fram i brevet om at det må takast distriktspolitiske omsyn ved utplasseringa av terminalar?"
  • Spørretimespørsmål fra Leiv Blakset (Sp) til kirke-, utdannings- og forskningsministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 22.01.1993

    Besvart: 03.02.1993 av kirke-, utdannings- og forskningsminister Gudmund Hernes

    "Ved siste budsjetthandsaming føresette fleirtalet i Stortinget at ordninga med doble tilskot til lærebedrifter skulle halde fram og utvidast til å gjelde all ungdom. I debatten tok statsråden atterhald når det gjaldt gjennomføring av dette. Enno har ikkje bedriftene fått retningsliner frå departementet om kva vilkår som gjeld for inntak av lærlingar. Vil statsråden no følgje opp Stortinget sine intensjonar?"
  • Spørretimespørsmål fra Leiv Blakset (Sp) til kulturministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 22.01.1993

    Rette vedkommende: Nærings- og energiministeren

    Besvart: 27.01.1993 av nærings- og energiminister Finn Kristensen

    "Stortinget ba ved handsaminga av OL-planane (Innst. S. nr. 133 for 1989-90) utbyggjarane ta omsyn til norsk IT- og TEKO-industri. LOOC set no i eit brev til Norsk Vinterutstyr A/S krav om ei pakkeløysing der visse tilbod skal vere basert på utanlandsk produksjon. Meiner statsråden dette er i tråd med dei føresetnader Stortinget har trekt opp?"
  • Spørretimespørsmål fra Leiv Blakset (Sp) til finansministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 15.01.1993

    Besvart: 27.01.1993 av finansminister Sigbjørn Johnsen

    "Mange kommunar krev inn lågare renovasjonsavgift enn sjølvkost- prinsippet tilseier, avdi det elles ville verte urimeleg høge årsavgifter pr. husstand. Skattedirektoratet hevdar at ei slik budsjettmessig overføring fell inn under ordninga med "gåve" som det skal svarast meir- verdiavgift for. Ser finansministeren det urimelege i denne ordninga, og i så fall, kva vil han gjere for å endre dette?"
  • Spørretimespørsmål fra Leiv Blakset (Sp) til justisministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 20.10.1992

    Besvart: 28.10.1992 av justisminister Grete Faremo

    "Ved ulike bergingsaksjonar på Vestlandet i det siste, både til lands og på sjøen, har bruk av redningshelikopter vore høgst aktuelt. Då det ikkje er plassert redningshelikopter mellom Sola og Ørlandet, har det teke altfor lang tid før helikopter har vore på plass ved ulykkesstaden. Vil statsråden vurdere å plassere redningshelikopter på Vestlandet?"
  • Spørretimespørsmål fra Leiv Blakset (Sp) til justisministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 14.10.1992

    Besvart: 21.10.1992 av justisminister Grete Faremo

    "I enkelte områder av landet er tilstrøyminga av turistar så stor at lensmanns- og politietaten ikkje maktar å løyse alle dei oppgåvene som melder seg. Til dømes får Stryn og Hornindal lensmannsdistrikt ei firdobling av folketalet i sommarmånadene. Vil statsråden gå inn for å auke mannskapsstyrken i dei aktuelle områda i turistsesongen?"
  • Spørretimespørsmål fra Leiv Blakset (Sp) til samferdselsministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 07.10.1992

    Besvart: 21.10.1992 av samferdselsminister Kjell Opseth

    "Ukontrollert tømming av toalettavfall frå bubilar/campingvogner m.m. har vorte eit aukande problem. Mange kommunar har derfor etablert mottaksanlegg for å hindre negative miljømessige konsekvensar. Turistar manglar likevel informasjon om desse mottaka, då Vegdirektoratet ikkje har gjeve løyve til å setje opp skilt frå riksveg til mottaksanlegg. Vil statsråden ta initiativ til å endre dette?"
  • Spørretimespørsmål fra Leiv Blakset (Sp) til finansministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 27.05.1992

    Besvart: 03.06.1992 av finansminister Sigbjørn Johnsen

    "I Budsjett-innst. S. nr. 13 for 1991-92, under handsaming av avgift på motorvogn, meiner fleirtalet i finanskomiteen at det bør vurderast om vrakpantordninga for bil bør gjerast smidigare ved at panten kan aukast i ein periode, til dømes i samband med kampanjar for å få dei eldste og mest trafikkfarlege bilane ut av trafikken. Korleis er dette følgt opp?"
  • Spørretimespørsmål fra Leiv Blakset (Sp) til kulturministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 30.04.1992

    Besvart: 27.05.1992 av kulturminister Åse Kleveland

    "Ved forlenging av bransjeavtalen vedkomande omsetning av bøker vurderer Prisdirektoratet å setje som vilkår at det vert innført frie prisar på skule- bøker og direkte sal av skulebøker frå forlaga. Den norske Bokhandlerforening meiner forslaget vil innebere at nær 150 distriktsbokhandlarar må leggjast ned. Dette vil fråta mange lokalsamfunn eit viktig kulturtilbod. Kva vil statsråden gjere for å hindre dette?"
  • Spørretimespørsmål fra Leiv Blakset (Sp) til kirke-, utdannings- og forskningsministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 14.02.1992

    Besvart: 26.02.1992 av kirke-, utdannings- og forskningsminister Gudmund Hernes

    "Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet har vedteke at to av dei ekstra veketimane i 1.- 3. klasse skal nyttast til engelskundervisning. Kvifor har statsråden i denne saka sett bort frå samrøystes komite- merknader i Budsjett-innst. S. nr. 12 for 1991-92?"
  • Spørretimespørsmål fra Leiv Blakset (Sp) til næringsministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 14.02.1992

    Besvart: 19.02.1992 av næringsminister Ole Knapp

    "Det har dei seinare åra vore ein sterk nedgang i løyvingane til skred- forsking, jf. Ingeniørnytt for 23. januar 1992. Forskingsmiljøet er i ferd med å forsvinne, og mellom anna forskingsstasjonen i Grasdalen i Stryn kommune står i fare for å verte nedlagd. Vil statsråden ta eit initiativ for å styrkje skredforskinga?"
  • Spørretimespørsmål fra Leiv Blakset (Sp) til kirke-, utdannings- og forskningsministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 10.01.1992

    Besvart: 15.01.1992 av kirke-, utdannings- og forskningsminister Gudmund Hernes

    "Det har kome framlegg til ny fagplan i matematikk 1MA for første året i studieretninga for allmenne fag. Framlegget vil gje to planar for 1MA. Ein for dei som vil halde fram med matematikk, og ein for dei som vil slutte med faget etter eit år. Dette bryt med intensjonane om at det første året skal vere felles. Kva er departementet si haldning til dette framlegget?"
  • Spørretimespørsmål fra Leiv Blakset (Sp) til kirke-, utdannings- og forskningsministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 05.12.1991

    Besvart: 18.12.1991 av kirke-, utdannings- og forskningsminister Gudmund Hernes

    "Tal frå Statistisk Sentralbyrå syner at det i 1990 var over 24 000 elevar som bad seg fritekne frå kristendomsundervisning. Det er viktig at born får undervisning ut frå sin livssyns-ståstad, men samstundes er kristendommen ein sentral del av vår kulturarv. Vil statsråden på denne bakgrunn vurdere endringar i kriteria for fritak frå kristendomsundervisning?"
  • Spørretimespørsmål fra Leiv Blakset (Sp) til kirke-, utdannings- og forskningsministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 24.05.1991

    Besvart: 29.05.1991 av kirke-, utdannings- og forskningsminister Gudmund Hernes

    "Kyrkje-, utdannings- og forskningsdepartementet skipa i april 1991 til ein konferanse om verdiformidling i skulen. Korleis vil departementet fylgja opp dette arbeidet?"
  • Spørretimespørsmål fra Leiv Blakset (Sp) til kulturministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 23.04.1991

    Besvart: 08.05.1991 av kulturminister Åse Kleveland

    "I skriv frå Nærkringkastingsnemnda av 15. mars 1991 er det stilt krav til lokal-TV-selskapa om 50% lokalredigerte program i oppstartingsfasen. Meiner statsråden dette kravet er i samsvar med dei rammevilkår Stortinget har trekt opp for lokal-TV, med auka stoffproduksjon lokalt og samstundes kunne vere stoffleverandør til TV2, jf. Innst. O. nr. 2 for 1990-91?"
  • Spørretimespørsmål fra Leiv Blakset (Sp) til miljøvernministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 23.04.1991

    Besvart: 08.05.1991 av miljøvernminister Thorbjørn Berntsen

    "Miljøverndepartementet gjorde 10. april 1979 vedtak om mellombels freding av delar av Veslebygda/Flo i Stryn kommune som naturreservat. Det meste av området er skog som har gjeve grunneigarane inntekter. Grunn- eigarane ventar på ei avgjerd og på erstatning for tap av inntekter. Kva vil statsråden gjere for å få ordna opp i den uretten grunneigarane har vorte påførde ved ei urimeleg lang sakshandsamingstid?"