Spørretimespørsmål m.m.

Liste over muntlige spørsmål og spørretimespørsmål fra representantene til statsrådene, spørsmål til presidentskapet og spørsmål ved møtets slutt.

Avgrens utvalget

Finn spørretimespørsmål etter

Fiskaa, Ingrid (1 - 20 av 20)

  • Muntlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til finansministeren

    Muntlig spørsmål

    Datert: 21.05.2025

    Besvart: 21.05.2025 av finansminister Jens Stoltenberg

    Regjeringa har lenge lagt stor vekt på kvifor Noreg ikkje skal innføra sanksjonar mot Israels krig mot og okkupasjonen av Palestina. Argumenta handlar ofte om at Noreg ikkje skal gjera noko på eiga hand. Det argumentet er i ferd med å forsvinne no når sentrale NATO-land, som Storbritannia, Frankrike og Canada, omsider har mista tolmodet med Israel og trugar med straffetiltak. Dette spørjetimespørsmålet skal likevel ikkje handla om sanksjonar, og finansministeren kan slik sett pusta letta ut. Derimot vil eg gjerne prøva å få klarheit i kvifor regjeringa tviheld på det særnorske bidraget til Israels krigsbrotsverk og okkupasjonen. Det norske oljefondet er den største europeiske investoren på israelsk okkupert område og har i tillegg store investeringar i våpenselskap som forsyner Israel med våpen. Norske sparepengar gjer det altså mogleg å fortsetja – og no intensivera – øydelegginga av Palestina og tvangsfordrivinga av palestinarar. Utan norske oljefondspengar ville det blitt vanskelegare for israelske styresmakter å riva heimane til palestinske familiar, vanskelegare å gjera Gaza til ein ruinhaug og vanskelegare å tvinga folk til å forlata heimlandet sitt. Dette står i skarp kontrast til både offisiell norsk politikk og innstendige oppfordringar frå FN, ekspertar og 50 norske organisasjonar, som ber om at Noreg følgjer folkeretten og trekkjer ut alle investeringar i selskap som medverkar til folkerettsbrota. Når vil finansministeren få orden i dette og sørgja for at investeringane til oljefondet ikkje gjer oss medansvarlege for okkupasjon og krigsbrotsverk?
  • Muntlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til utenriksministeren

    Muntlig spørsmål

    Datert: 05.03.2025

    Besvart: 05.03.2025 av utenriksminister Espen Barth Eide

    Då skal utanriksministeren få svinga seg igjen. Vår såkalla nærmaste allierte og leiar for den frie verda, USA, er ikkje lenger leiar for den frie verda. Trump-administrasjonen har stilt seg i spissen for demonteringa av internasjonal rett og internasjonalt samarbeid, gjentek russisk propaganda om krigen i Ukraina, går til angrep på demokrati og ytringsfridom, trugar allierte med militær maktbruk og heiar fram den ytre, autoritære høgresida i Europa. Spørsmålet er: Er USA framleis vår nærmaste allierte? Trump har gjort det klart at dei set «America first». Det er sjølvsagt USA sine eigne interesser som vil avgjera om dei eventuelt vil koma andre til unnsetning. Sviket mot Ukraina og trugslane om å ta Grønland med militærmakt peiker i ei heilt anna retning. For norsk utanriks- og sikkerheitspolitikk må dette bety ei realitetsorientering. I årevis har førestillinga om at USA uansett vil forsvara oss, vore som eit religiøst dogme. Det skulle ikkje stillast spørsmål ved, samtidig som det har lagt sterke føringar på innretninga av vårt eige forsvar og på norsk utanrikspolitikk. Noreg har stilt lojalt opp for USA på krigsoppdrag, og norske regjeringar har tilpassa seg til det USA kan akseptera, i håp om at det vil koma oss til gode ein annan gong. Om det i det heile var ein brukbar strategi før, er det i alle fall ikkje det lenger. Det vil ta tid å gjera oss mindre avhengige av USA, og det er eit arbeid som må starta no. Er utanriksministeren einig i at me gjer klokt i å setja norske interesser fyrst, byggja alliansar som faktisk er bygde på felles interesser, og bli meir uavhengige av USA?
  • Spørretimespørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til kunnskapsministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 21.11.2024

    Besvart: 27.11.2024 av kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun

    Om korleis statsråden vil arbeida for å skapa felles referansepunkt for ungane i skulen
  • Muntlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til finansministeren

    Muntlig spørsmål

    Datert: 15.05.2024

    Besvart: 15.05.2024 av finansminister Trygve Slagsvold Vedum

    Om kva regjeringa vil gjera med Oljefondets invisteringar i våpenselskap som leverer våpen til Israels folkerettsstridige krig i Gaza
  • Muntlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til forsvarsministeren

    Muntlig spørsmål

    Datert: 24.04.2024

    Besvart: 24.04.2024 av forsvarsminister Bjørn Arild Gram

    Om forsvarsministeren meiner at dei tiltaka regjeringa har sett i verk så langt, er tilstrekkelege for å stoppa personellflukta i Forsvaret
  • Spørretimespørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til utenriksministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 18.01.2024

    Besvart på vegne av: Utenriksministeren

    Besvart: 31.01.2024 av arbeids- og inkluderingsminister Espen Barth Eide

    Om at Israels brutale krig mot Gaza har eskalert til regionalt nivå og kva Noreg gjer for å roa situasjonen, og om utanriksministeren vil be USA om å besinna seg og tilby bistand til mekling
  • Muntlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til utenriksministeren

    Muntlig spørsmål

    Datert: 03.01.2024

    Besvart: 03.01.2024 av utenriksminister Espen Barth Eide

    Om kva som er regjeringa sin strategi for å leggja press på Israel for å stoppa tvangsfordrivinga av palestinarane frå Gaza
  • Spørretimespørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til utenriksministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 23.11.2023

    Besvart på vegne av: Utenriksministeren

    Besvart: 29.11.2023 av utviklingsminister Anne Beathe Kristiansen Tvinnereim

    Om kva som er regjeringa sin plan for at anerkjenning av Palestina som ein eigen stat kan skje, og kva for argument utanriksministeren har for at ei anerkjenning kan ha positiv innverknad på ein fredsprosess
  • Muntlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til utenriksministeren

    Muntlig spørsmål

    Datert: 08.11.2023

    Besvart: 08.11.2023 av utenriksminister Espen Barth Eide

    Om kva som er utanriksministerens beskjed til alle dei som hever stemmen og vil bidra til å stoppe den meiningslause bombinga av uskuldige ungar og vaksne i Gaza, men som ikkje ser noko håp
  • Spørretimespørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til utenriksministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 02.11.2023

    Spørsmålet er trukket tilbake

    I fire veker har 2,3 millionar menneske innesperra på eit lite område utan tilgang til vatn, mat, medisinar eller straum vore utsette for eit bomberegn. Regjeringa har stadfesta at Israel bryt humanitærretten, og saman med fleirtalet i FNs generalforsamling tatt til orde for ei våpenkvile. Men Israel viser ingen vilje til å legga band på seg. Det må leggast makt bak kravet. Kva initiativ har regjeringa tatt for å legga press på israelske styresmakter, og kva konsekvensar vil krigsbrotsverka ha for forholdet mellom Noreg og Israel?
  • Spørretimespørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til utenriksministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 05.10.2023

    Besvart på vegne av: Utenriksministeren

    Besvart: 11.10.2023 av justis- og beredskapsminister Emilie Mehl

    Om utenriksministeren synes Norges engasjementet for menneskerettigheter står i stil med bruddet på samenes menneskerettigheter etter Høyesteretts dom i Fosen-saken
  • Spørretimespørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til utenriksministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 19.04.2023

    Rette vedkommende: Justis- og beredskapsministeren

    Besvart: 26.04.2023 av justis- og beredskapsminister Emilie Mehl

    Om utanriksministeren er trygg på at hazaraar som no vert utviste ikkje vil bli drepne for å vere hazaraar
  • Spørretimespørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til justis- og beredskapsministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 16.02.2023

    Besvart: 22.02.2023 av justis- og beredskapsminister Emilie Mehl

    Om regjeringa vil evakuera flyktningar frå dei jordskjelvramma områda i Tyrkia og Syria, og ta initiativ til å få med andre land på dette
  • Muntlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til utviklingsministeren

    Muntlig spørsmål

    Datert: 30.11.2022

    Besvart: 30.11.2022 av utviklingsminister Anne Beathe Kristiansen Tvinnereim

    Om statsråden er einig i at gjenoppbygging og støtte til Ukraina, auka bistand og humanitær hjelp til område som er ramma av konsekvensane av krigen og strategi for matsikkerheit i utviklingspolitikken er ei eineståande moglegheit til kraftig å auka innsatsen for auka matsikkerheit i verda
  • Muntlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til forsvarsministeren

    Muntlig spørsmål

    Datert: 19.10.2022

    Besvart: 19.10.2022 av forsvarsminister Bjørn Arild Gram

    Om når regjeringa vil fylgje opp målsetningane i Hurdalsplattformen med å starta arbeidet for å innkontraktera reinhaldet i Forsvaret
  • Spørretimespørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til utenriksministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 06.10.2022

    Besvart på vegne av: Utenriksministeren

    Besvart: 12.10.2022 av kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik

    Om utenriksministeren synes bruddet på samenes menneskerettigheter på Fosen står i stil med det internasjonale engasjementet Norge har for folks menneskerettigheter rundt om i verden
  • Muntlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til utenriksministeren

    Muntlig spørsmål

    Datert: 04.05.2022

    Besvart: 04.05.2022 av utenriksminister Anniken Huitfeldt

    Om å gå inn for at ikkje-fyrstebruk av atomvåpen blir ein del av NATOs strategiske konsept
  • Spørretimespørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til forsvarsministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 24.03.2022

    Besvart: 06.04.2022 av forsvarsminister Odd Roger Enoksen

    Om statsråden kan fortelja kor langt arbeidet med ein ekstern gjennomgang av både økonomi og andre utfordringar knytt til etableringa av Evenes som ny base for P-8 maritime overvakingsfly har kome, kva som er avklart, og kva som eventuelt står att å avklara i saka
  • Spørretimespørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til næringsministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 10.02.2022

    Besvart: 16.02.2022 av næringsminister Jan Christian Vestre

    Om statsråden mener at tillatelsene til gruvedrift i Repparfjorden er i tråd med statens forpliktelser overfor samene etter Fosen-dommen i Høyesterett, og hvis ikke, vil statsråden omgjøre tillatelsene
  • Muntlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til forsvarsministeren

    Muntlig spørsmål

    Datert: 01.12.2021

    Besvart: 01.12.2021 av forsvarsminister Odd Roger Enoksen

    Om korleis statsråden synest det går med framdrifta på Evenes, og om statsråden meiner at Evenes vil kunna bli ein fullgod base for dei maritime overvakingsflya våre