Spørretimespørsmål m.m.

Liste over muntlige spørsmål og spørretimespørsmål fra representantene til statsrådene, spørsmål til presidentskapet og spørsmål ved møtets slutt.

Avgrens utvalget

Finn spørretimespørsmål etter

Giil, Håkon Steinar (1 - 7 av 7)

  • Spørretimespørsmål fra Håkon Steinar Giil (Sp) til miljøvernministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 31.05.1996

    Besvart: 05.06.1996 av miljøvernminister Thorbjørn Berntsen

    "Vingen-feltet i Sogn og Fjordane høyrer med til dei største og mest verneverdige helleristningsfelta i Norden. Eg har fått opplyst at dette feltet likevel ikkje er med på femårsprosjektet som Riksantikvaren set i gang i 1996 der målet er å sikre 300 felt før år 2000. Det er vidare gitt avslag på ein søknad om forskingsmidlar for å utprøve nye måtar å sikre slike felt på. Vil statsråden medverke til at dette feltet, som står i fare for å verte sterkt forringa innan kort tid, kan verte sikra?"
  • Spørretimespørsmål fra Håkon Steinar Giil (Sp) til kirke-, utdannings- og forskningsministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 10.05.1996

    Besvart: 15.05.1996 av kirke-, utdannings- og forskningsminister Reidar Sandal

    "Studentar opplyser at høgskolen i Bergen, avdeling for helse og funksjon, får studentane nedsett karakter dersom gruppearbeid og gruppe- eksamenar er skrivne på begge målformene. Kva tiltak vil statsråden setje i verk for å sikre studentane sin rett til fritt å kunne velje målform i alt skriftleg arbeid?"
  • Spørretimespørsmål fra Håkon Steinar Giil (Sp) til kommunal- og arbeidsministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 19.01.1996

    Besvart: 24.01.1996 av kommunal- og arbeidsminister Gunnar Berge

    "Rattsø-utvalet si innstilling vart avgitt 11. januar 1996. Høyringsfristen er kort, 15. mars 1996. Fylkesmennene skal uttale seg og i tillegg er KS, NHO, LO, YS, AF og Norsk Lærarlag høyringsinstans. Dei einskilde fylkeskommunane og kommunane har ikkje høve til å uttale seg. Meiner kommunal- og arbeidsministeren at dette er eit demokratisk forsvarleg høyringsopplegg i ei sak som har så alvorlege konsekvensar for fylka, kommunane og menneska som bur der?"
  • Spørretimespørsmål fra Håkon Steinar Giil (Sp) til kirke-, utdannings- og forskningsministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 24.05.1995

    Besvart: 31.05.1995 av kirke-, utdannings- og forskningsminister Gudmund Hernes

    "Gjennom mange år har mange nynorske lærebøker mangla ved skulestart. I 1994 gav Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet heile 34 dispensasjonar frå regelverket. Kva tiltak vil statsråden setje i verk for å sikre at forlaga produserer lærebøker i begge målformer, og at dei ligg føre samstundes og til skulestart?"
  • Spørretimespørsmål fra Håkon Steinar Giil (Sp) til kirke-, utdannings- og forskningsministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 24.05.1995

    Besvart: 31.05.1995 av kirke-, utdannings- og forskningsminister Gudmund Hernes

    "Frå fleire nynorskkommunar har det kome protestar mot at læretilfang i norsk for framandspråklege berre finst på bokmål. Dette skapar vanskar for integreringa av flyktningar i lokalmiljøa. Vil statsråden gjere noko for at det vert utvikla undervisnings- materiell for framandspråklege på nynorsk?"
  • Spørretimespørsmål fra Håkon Steinar Giil (Sp) til handelsministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 21.10.1994

    Besvart: 26.10.1994 av handelsminister Grete Knudsen

    "Korleis vurderer Regjeringa utviklinga som har vore i den siste tida i bruken av miljøgarantien?"
  • Spørretimespørsmål fra Håkon Steinar Giil (Sp) til kommunal- og arbeidsministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 03.05.1994

    Besvart: 11.05.1994 av kommunal- og arbeidsminister Gunnar Berge

    "Som ei følgje av EØS-avtalen har næringsmiddelindustrien fått skjerpa krav til vasskvaliteten. Det er opplyst at overgangsordningane tek til å gå ut frå og med 1. juli 1994 og sidan kjem nye fristar til etter kvart. Kva vil kommunal- og arbeidsministeren føreta seg for at bedrifter som vert råka av dei nye krava og som så langt ikkje har makta å få til tilfreds- stillande vasskvalitet, skal kunne halde fram med produksjonen etter at over- gangstida er ute?"