Spørretimespørsmål m.m.

Liste over muntlige spørsmål og spørretimespørsmål fra representantene til statsrådene, spørsmål til presidentskapet og spørsmål ved møtets slutt.

Avgrens utvalget

Finn spørretimespørsmål etter

Berg, Hallgrim (1 - 20 av 64)

  • Spørretimespørsmål fra Hallgrim Berg (H) til kulturministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 30.05.1997

    Besvart: 04.06.1997 av kulturminister Turid Birkeland

    Stortinget vedtok 6. mars 1997 at lokalradioane skal kunne sende inntil 25 pst. av programstoffet frå sentral leverandør. Kvifor går det så seint å få sette dette vedtaket ut i livet?
  • Spørretimespørsmål fra Hallgrim Berg (H) til samferdselsministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 04.04.1997

    Besvart: 09.04.1997 av samferdselsminister Sissel Rønbeck

    1. og 2. påskedag vart det gitt beskjed om at rv 50 Aurland - Hol skulle haldast stengt, trass i at vegen var fysisk open og godt køyrande. Tusenvis av menneske måtte køyre lange omvegar og stille i fergekø opptil 6-7 timar i Lærdal og Gudvangen. Kjenner statsråden ansvaret for dette?
  • Spørretimespørsmål fra Hallgrim Berg (H) til helseministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 17.02.1997

    Besvart: 05.03.1997 av helseminister Gudmund Hernes

    Mange mennesker er urolege over moglege samanhengar mellom elektronisk stråling og utbreidde helseproblem som t.d. allergiar, astma, epilepsi og kreft. Sider ved dette er omtalt i NOU 1995:20 Elektromagnetiske felt og helse. Meiner statsråden at dagens opplysningsnivå er godt nok til å førebygge etter føre-var-prinsippet, og er innsatsen på forskningssida tilstrekkeleg til å klarlegge tvil og fakta omkring desse sterkt aukande problems?
  • Spørretimespørsmål fra Hallgrim Berg (H) til samferdselsministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 30.05.1996

    Besvart: 05.06.1996 av samferdselsminister Kjell Opseth

    "Kan me framleis rekna med at proposisjonen om rv 23, Oslofjord- sambandet, vert lagt fram i vår slik at Stortinget får høve til å handsama dette viktige prosjektet så snart som mogleg?"
  • Spørretimespørsmål fra Hallgrim Berg (H) til miljøvernministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 30.05.1996

    Besvart: 05.06.1996 av miljøvernminister Thorbjørn Berntsen

    "Kvar er dei 22 000 reinsdyra som Direktoratet for naturforvaltning legg til grunn i si forvaltning av Hardangervidda, og kor mange av desse må krysse rv 7 for å få vinterbeite?"
  • Spørretimespørsmål fra Hallgrim Berg (H) til kulturministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 09.05.1996

    Besvart: 15.05.1996 av kulturminister Åse Kleveland

    "NRK P2 sender for tida ein serie om norsk nasjonalisme. Første programmet blir oppfatta som rasistisk og blasfemisk, injurierande mot regjeringsmedlemmer, kyrkja, Heimefronten m.fl., og bryt med fleire presseetiske grunnreglar, irekna programreglane for NRK. Korleis ser statsråden på oppmodingar om lovbrot i norske kringkastings- sendingar, og kven har ansvaret for at slike program blir sende?"
  • Spørretimespørsmål fra Hallgrim Berg (H) til kulturministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 09.05.1996

    Rette vedkommende: Kirke-, utdannings- og forskningsministeren

    Besvart: 15.05.1996 av kirke-, utdannings- og forskningsminister Reidar Sandal

    "Det største barokkorgelet i verda nord for Hamburg finst på Kongsberg, men har etter skade vore ute av bruk sidan 1880. Restaureringa av dette eineståande klenodiet er ei nasjonal sak og har utløyst eit breitt engasjement frå kyrkja, private lag, organisasjonar og offentlege instansar med sikte på ferdigstilling 31. desember 1999. Kan ein rekne med at også departementet vil ta sin del av ansvaret for at dette målet vert nådd i tide?"
  • Spørretimespørsmål fra Hallgrim Berg (H) til kulturministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 12.04.1996

    Besvart: 17.04.1996 av kulturminister Åse Kleveland

    "Distriktssjefen ved Austlandssendinga i NRK, Arne Wam, sa på eit ope møte 26. mars 1996 at Ingvild Bryn var velkomen til jobb ved dette kontoret, men på det vilkåret at ho måtte skifte språk frå nynorsk til bokmål. Korleis vurderer statsråden prinsippet om innføring av yrkesforbod på språkleg grunnlag?"
  • Spørretimespørsmål fra Hallgrim Berg (H) til samferdselsministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 12.04.1996

    Besvart: 17.04.1996 av samferdselsminister Kjell Opseth

    "På ein pressekonferanse i Bergen 8. mars 1996 signaliserte statsråd Opseth at så snart Lærdalstunnelen opnar, bør det vurderast å stengje rv 7 over Hardangervidda og rv 50 Aurland-Hol på vinterstid. Meiner statsråden dette på alvor?"
  • Spørretimespørsmål fra Hallgrim Berg (H) til kulturministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 01.03.1996

    Besvart: 06.03.1996 av kulturminister Åse Kleveland

    "Noreg har eit stort potensial som opptaksland for utanlandsk film- og fjernsynsproduksjon. Natur, klima, bygningsmiljø, osv. kan gjennom målretta presentasjon føre til etterspurnad av lokalitetar, tekniske produksjonstenester, mm. Vil departementet ta initiativ til å utvikle eit handlingsprogram og maknadsføre konseptet, slik at det kan bli skapt ei audiovisuell eksportnæring?"
  • Spørretimespørsmål fra Hallgrim Berg (H) til kulturministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 01.03.1996

    Besvart: 06.03.1996 av kulturminister Åse Kleveland

    "Kvifor går det så skrekkeleg seint med oppnemning av statens representantar til styret for diverse kulturelle knutepunktinstitusjonar, til dømes Festspillene i Nord-Norge?"
  • Spørretimespørsmål fra Hallgrim Berg (H) til miljøvernministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 19.10.1995

    Besvart: 25.10.1995 av miljøvernminister Thorbjørn Berntsen

    "Holtefjell i Buskerud vart 12. juli 1995 underlagt mellombels vern, trass i at miljøstyresmaktene og skogeigarane var samde om å arbeide fram ein fleirbruksplan. Meiner statsråden det er korrekt sakshandsaming med mellombels vern når det vert arbeidd med alternative løysingar, og korleis skal grunn- og skogeigarar bera seg åt i ei næringsdrift som er suspendert på ubestemt tid?"
  • Spørretimespørsmål fra Hallgrim Berg (H) til kulturministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 11.05.1995

    Besvart: 31.05.1995 av kulturminister Åse Kleveland

    "Den Norske Opera treng nybygg snarast. Kva vil statsråden gjera for å motverka at ein lokaliseringsstrid internt i Oslo by skal hindra eller utsetja gjennomføringa av denne viktige nasjonale kulturoppgåva?"
  • Spørretimespørsmål fra Hallgrim Berg (H) til kulturministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 11.05.1995

    Besvart: 31.05.1995 av kulturminister Åse Kleveland

    "Dei første rockemillionane legg på seg. Gjennom kritiske reportasjar i Klassekampen går det fram at rockarane i og nær regjeringspartiet legg opp til ein "infrastruktur" for rock landet rundt som skal utløysa 300 mill. kroner i statstilskott. Korleis vurderer statsråden dette?"
  • Spørretimespørsmål fra Hallgrim Berg (H) til kulturministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 09.03.1995

    Besvart: 22.03.1995 av kulturminister Åse Kleveland

    "Er det verkeleg rett at departementet planlegg endring av forskrifter til lova om pressestøtte, slik at A-pressekonsernet skal kunne få oppfylt ønskjet sitt om å betala ut aksjeutbytte samtidig som konsernet mottek nær 100 mill. kroner i pressestøtte?"
  • Spørretimespørsmål fra Hallgrim Berg (H) til kulturministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 09.02.1995

    Besvart: 15.02.1995 av kulturminister Åse Kleveland

    "10. juni 1994 bad Stortinget om at departementet måtte arbeide ut ei tilleggsmelding til St.meld. nr. 42 for 1993-94 om den rolle og finansiering nærkringkastinga skal ha i framtida. Vil statsråden sjå til at styresmaktene ikkje grip inn med politimakt mot lokal-TV, slik Statens medieforvaltning trugar med, men let selskapa få vera i fred inntil meldinga er handsama i Stortinget?"
  • Spørretimespørsmål fra Hallgrim Berg (H) til kulturministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 12.01.1995

    Besvart: 18.01.1995 av kulturminister Åse Kleveland

    "Både Bergen og Trondheim har levert sterke søknader om å bli nominert som "europeisk kulturhovedstad" i 2001. Kva er det som gjer at statsråden ikkje får bestemt seg?"
  • Spørretimespørsmål fra Hallgrim Berg (H) til kulturministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 10.03.1994

    Besvart: 16.03.1994 av kulturminister Åse Kleveland

    "Då Stortinget i 1993 gav klarsignal for start av nye rikskanalar, var det ein føresetnad at nærradioane ikkje skulle bli skadelidande. Mange nærradioar melder no om sterkt forverra konkurransevilkår, også av tekniske grunnar som "overdøving" og frekvensvanskar. Kva vil statsråden gjera for å følgja opp Stortingets intensjon?"
  • Spørretimespørsmål fra Hallgrim Berg (H) til kulturministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 24.02.1994

    Besvart: 16.03.1994 av kulturminister Åse Kleveland

    "I Innst. S. nr. 115 for 1992-93 om kulturmeldinga vart det peika på at Riksteatret i dag har lite tenlege lokale for si verksemd. Kor langt har departementet kome i oppfølginga, og når kjem saka til Stortinget?"
  • Spørretimespørsmål fra Hallgrim Berg (H) til samferdselsministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 11.11.1993

    Besvart: 17.11.1993 av samferdselsminister Kjell Opseth

    "Det Kgl. Magazinhus, bygd på Kongsberg 1720, flytta til Gardermoen i 1913, må fjernast innan 1996. Korleis vil statsråden gå fram for å bevara dette minnesmerket for ettertida, og kan det tilbakeførast til heimstaden for å bli sett inn i ei naturleg sosial- og kulturhistorisk ramme?"