Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:3476 (2025-2026)
Innlevert: 11.08.2026
Sendt: 12.08.2026
Besvart: 18.08.2026 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Erling Sande (Sp): Kva har blitt gjort for å følgje opp stortingsfleirtalet sin merknad og kva vil regjeringa gjere framover for å løyse denne krevjande flaskehalsen på E39?
Den korte strekninga gjennom Gullkista på E39 i Gloppen har svært dårleg standard og det oppstår jamnleg trafikkfarlege situasjonar og vegstengingar på strekninga. SVV har peika på at ein ny tunnel på 650 meter og omlag 850 meter veg i dagen er svaret på utfordringane. Stortinget viste så tidleg som i 2015 til følgjande i merknad «komiteens flertall har merka seg behovet for utbetring av strekningen Sandane -Byrkjelo på E 39. Flertallet ber regjeringen arbeide for at planarbeidet ferdigstilles slik at utbetring av flaskehalser kan igangsettes."
I dokumentet Handlingsprogram 2018 til 2023 frå SVV står det: « Det settes også av midler til å gjennomføre utbetring av delstrekninger på E 39 mellom Sandane og Byrkjelo i Sogn og Fjordane»
I mars 2021 varsla regjeringa at det var sett av 5 mill i statsbudsjettet for 2021 til arbeidet på utbetring av vegen Sandane - Byrkjelo og at SVV ville starte reguleringsarbeidet i 2021 i tråd med føringane i statsbudsjettet.

Jon-Ivar Nygård: Reguleringsplan for E39 Gullkista i Gloppen kommune er under utarbeiding av Statens vegvesen i samarbeid med kommunen. Løysinga er, som representanten omtalar i spørsmålet sitt, ein relativt kort tunnel, og tilhøyrande dagsoner for å knyte seg til eksisterande veg på ein trafikksikker og elles god måte. Det er snart klart for å legge planforslaget ut til offentleg ettersyn.
Prosjektet har ein venta kostnad under 1 mrd. kroner. For slike mindre prosjekter er det ikkje krav om omtale av kostnadsramme for Stortinget, og Statens vegvesen vil difor vurdere prosjektet innanfor tildelte økonomiske rammer og fullmakter i det enkelte budsjettår.