Skriftlig spørsmål fra Erling Sande (Sp) til justis- og beredskapsministeren

Dokument nr. 15:376 (2025-2026)
Innlevert: 06.11.2025
Sendt: 06.11.2025
Besvart: 11.11.2025 av justis- og beredskapsminister Astri Aas-Hansen

Erling Sande (Sp)

Spørsmål

Erling Sande (Sp): Arbeiderpartiet sin ordførar i Lærdal uttalte i 2023: «No slepp folk på denne sida av fjorden å ta fri frå jobben ein heil dag for å ordna seg pass». 24. mars i år sende justisministeren eit brev til Politidirektoratet som handla om strukturtiltak i politiet, innan pass og ID. Nedleggingsavgjerda tok regjeringa ein månad før dei visste kor mange som brukte dei nye passkontora.
Meiner justisministeren det er god samfunnsøkonomi i at folk i Lærdal i framtida på nytt må ta seg fri en hel dag for å få seg pass?

Astri Aas-Hansen (A)

Svar

Astri Aas-Hansen: Med om lag 1 million ID-dokument kvart år, er utferding av pass og ID-kort ein relativt stor del av politiet si oppgåveportefølje. Det er viktig at vi prøver å tilby tenesta på ein så ressurseffektiv og føremålstenleg måte som mogleg, samstundes som vi tek vare på eit best mogleg tilbod. Løyvingane til politiet skal gi oss den polititenesta som innbyggjarane og samfunnet har behov for.
Regjeringa meiner at eit godt tilbod om pass og ID-kort kan givast både gjennom passkontor og passbussar. På bakgrunn av dei politifaglege tilrådingane foreslår vi difor å leggje ned 14 av dei 15 nye passkontora og erstatte dei med eit tilbod om passbussar. Vurderingane er mellom anna basert på oppdaterte besøkstal for dei nye kontora frå 2024 og 2025.
I framlegget til statsbudsjett er vi tydelege: kontora skal ikkje stengjast før eit tilsvarande eller betre tilbod gjennom passbussar er på plass.