Erling Sande (Sp): Kan statsråden svare på kva som vart resultatet av møte mellom Statens Vegvesen og Helsedirektoratet i august 2025 om regelverket knytt til førarkort for personer med synsfeltutfall, korleis det vidare arbeidet er tenkt og kva tid regelverkendringar kan forventast?
Begrunnelse
I eit svar til Stortinget i juni peika statsråden på at ein studie frå 2024 som konkluderte med at dagens metodar for undersøkingar av synsfelt knytt opp mot førareigenskapar, ikkje gjev eit riktig bilde av køyreeigenskapane til personar med synsfeltutfall. Det kan føre til at praksisen for tilbakekalling av førarrett med utgangspunkt i synsfeltutfall blir for streng.
Statsråden viste til ein pågåande prosess mellom Statens Vegvesen og Helsedirektoratet der det skulle vere ein møte i august 2025 for vidare arbeid med regelverksendringar. Statsråden viste til at arbeidet har høg prioritet. For personane dette gjeld er saka særs viktig, og at regelverksendringane dreg ut i tid påverkar livskvalitet og mobilitet. Det er difor viktig å få klargjort kva som vert gjort frå regjeringa si side for å kome vidare i dette arbeidet.