Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til utenriksministeren

Dokument nr. 15:1000 (2021-2022)
Innlevert: 21.01.2022
Sendt: 24.01.2022
Besvart: 28.01.2022 av utenriksminister Anniken Huitfeldt

Ingrid Fiskaa (SV)

Spørsmål

Ingrid Fiskaa (SV): Har regjeringa gitt nye mandat til dei norske forhandlarane som representerer Noreg i forhandlingane om eit regelverk for e-handel i Verdas handelsorganisasjon, og er regjeringa einig i at forhandlingane er ein viktig arena for å sikra demokratisk kontroll over digitaliseringa?

Begrunnelse

14. desember vart det sendt ut ein ministeruttale som viser til kva for område det no er einigheit om og kva som gjenstår for dei plurilaterale forhandlingane om e-handel i WTO. Mykje av det som gjenstår er dei store linjene som har fått mykje kritikk frå sivilsamfunn både internasjonalt og nasjonalt, mellom anna forbod mot lokaliseringskrav, fri flyt av data, toll på elektroniske overføringar og innsyn i kjeldekodar. Mykje av kritikken er grunna i potensialet for å mista demokratisk kontroll over data, digital infrastruktur og industri.
Høgreregjeringa har forhandla om reglar som gir «fri flyt av data». Dette står i direkte motsetning til å sikra at norske data gir verdiskaping i Noreg. Vidare gjer eit forbod mot lokaliseringskrav, som Solberg-regjeringa var positiv til, det vanskeleg å sikra demokratisk kontroll over digitaliseringa av samfunnet. Det er fordi data skapt av det offentlege i bruk av digital infrastruktur vert lagra i andre land med dårlegare personvernlovgiving, eller av teknologigigantane for deira eiga vinning. Med forbod mot lokaliseringskrav vil det også vera vanskeleg å sikra ei statleg skyløysing for lagring av offentlege data.
Dersom det mellombelse moratoriet på toll på elektroniske overføringar vert permanent, vil det fråta låginntektsland i det globale Sør viktige inntektskjelder. For å sikra effektiv skattlegging av plattformselskapa må den nye regjeringa gå imot oppretthaldinga av moratoriet.

Anniken Huitfeldt (A)

Svar

Anniken Huitfeldt: Mandatet som Solberg-regjeringa gav i februar 2019, er etter måten generelt og inneheld utgangspunkt som det har vore brei semje om i Noreg. Regjeringa har ikkje gjeve nye mandat i forhandlingane om elektronisk handel. Det har ikkje vore så stor framgang i forhandlingane som ein venta då dei starta i 2019. Eg er samd i at mykje står att å einast om, særleg gjeld dette vanskelege tema som til dømes dataflyt, lokaliseringskrav og personvern. Fråvær av fysiske forhandlingsmøte og andre komplikasjonar som følgje av pandemien har vist seg å gjere det krevjande å halde god framdrift.
Regjeringa meiner at e-handelsforhandlingane er viktige, fordi verda verkeleg treng eit internasjonalt regelverk for den digitaliserte handelen, eit regelverk der ein finn løysingar på dei særskilde utfordringane som følgjer den digitaliserte økonomien. Både næringane og styresmaktene i verdas land treng gode løysingar som vil gje grunnlag for føreseielege ordningar. For å få dette til er det avgjerande at ein vurderer alle relevante omsyn som ligg føre når løysingane vert skapte – og ikkje minst at ein tek omsyn til at det er store skilnader mellom verdas land i kor langt digitaliseringa har kome.
Det er òg store skilnader på i kor stor mon WTO-medlemmene har sett i verk nasjonale reguleringar som femner dei problema som kjem med digitalisering. Dette gjeld på viktige politikkområde som konkurranse, forbrukarvern, skatt og personvern. Her ligg Noreg og EU framme i utviklinga samanlikna med mange andre medlemmer. Eit regelverk for å gjere vilkåra for handel meir føreseielege er viktig, anten ein medlem har mykje eller lite nasjonal regulering. Regjeringa meiner det nye regelverket for elektronisk handel må tilpassast slik at kvar medlem får høve til å regulere dei politikkområda som er naudsynte og viktige for dei. Her vil ein byggje på dei WTO-avtalene som gjeld i dag.
Dataflyt er av dei viktigaste og vanskelegaste av spørsmåla som står att, og heng nært saman med lokaliseringskrav og personvern. Her er fokuset på data som vert genererte når produkta som det blir handla med, er digitaliserte. Data som offentlege verksemder genererer som del av eiga verksemd i Noreg, vil ikkje vere i fokus, då dei ikkje driv kommersiell verksemd. Det inneber at verksemdene sine avgjerder om kor dei vil lagre eller prosessere eigne data ikkje vert rekna som digitalisert handel.