Skriftlig spørsmål fra Kirsti Bergstø (SV) til arbeids- og inkluderingsministeren

Dokument nr. 15:679 (2021-2022)
Innlevert: 14.12.2021
Sendt: 15.12.2021
Besvart: 22.12.2021 av arbeids- og inkluderingsminister Hadia Tajik

Kirsti Bergstø (SV)

Spørsmål

Kirsti Bergstø (SV): Vil statsråden sikre at de som nådde sin makstid på AAP og gikk ut i karensåret mellom 1. november 2020 og frem til 1. juli 2021 kan søke seg inn i AAP-ordningen uten å måtte vente i 52 uker?

Begrunnelse

Regjeringen Solberg innførte det såkalte karensåret i ordningen med AAP. De som gikk ut i karensåret fra november 2020 frem til 1. juli 2021 er ikke omfattet av forlengelsene som er iverksatt når det gjelder arbeidsavklaringspenger. Mange av disse menneskene er ikke ferdig avklarte, og de kan i dag leve på sosialstønad eller privat forsørgelse/oppsparte midler.

Hadia Tajik (A)

Svar

Hadia Tajik: Som det også går fram av Hurdalsplattforma, vil Regjeringa sørgje for at personar som har AAP får forlenga stønadsperiode dersom dei ikkje er ferdig avklart frå NAV eller helse-vesenet. Departementet har starta eit arbeid med å vurdere ulike tiltak retta mot denne gruppa. Dette er også varsla i Regjeringa sin tilleggsproposisjon til statsbudsjett for 2022 som vart lagt fram for Stortinget 8. november. Det vil vere naudsynt med endringar i lova for å følgje opp punktet i Hurdalsplattforma. Me tek sikte på å fremje framlegg til endringar i lova for Stortinget så snart som mogeleg, med sikte på at endringane skal tre i kraft frå 1. juli 2022. Me har allereie fremja framlegg som sikrer at det fram til 1. juli 2022 ikkje skal vere nokon som kan falle ut av ordninga utan å vere avklart.
Den gruppa som representanten Bergstø stiller spørsmål om var omfatta av dei første koronatiltaka i 2020 og fekk då forlenga si stønadstid med 6 måneder, men dei vart ikkje omfatta av dei seinare tiltaka som ga forlenga støndsperiode grunna korona under regjeringa Solberg. Denne gruppa er difor omfatta av karensperioda på 52 veker som vart innført i 2018 før dei kan søkje om ny rett til AAP. Me har ikkje tilgjengeleg informasjon er om kor mange av desse som i dag er i ein slik situasjon og som vil søkje om ein ny periode på AAP. Dei første som gjekk ut av AAP-ordninga mellom 1. november 2020 og 1. juli 2021 er no ferdige med karensperioda, og kan dermed ev. søkje på nytt. Før 1. juli 2022 vil alle som gjekk ut av AAP-ordninga i denne perioden vere ferdige med karensperioda.
Eg viser vider til at det ikkje finnes ei enkel måte identifisere disse personane på. Skulle ein tenke seg særskilte tiltak retta mot denne gruppa, så vil det ha budsjettkonsekvensar for 2022-budsjettet.
Regjeringa har no fokus på arbeidet som tek sikte på å endre reglane for AAP frå 1. juli 2022. Desse endringane vil sikre at folk får forlenga stønadsperiode i tilfelle der dei ikkje er ferdig avklart når stønadsperioda går ut.