Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:557 (2021-2022)
Innlevert: 02.12.2021
Sendt: 03.12.2021
Besvart: 08.12.2021 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Ingrid Fiskaa (SV)

Spørsmål

Ingrid Fiskaa (SV): Meiner samferdselsministeren prinsipielt at det er rett av fylkeskommunen å legga til rette for bompengefinansierte vegprosjekt som både manglar oppdaterte samfunnsøkonomiske analysar, og som berre har blitt aktualiserte gjennom lokale bompengepakkar – etter kommunens ønske – og ikkje gjennom fylkeskommunale planar for transport?

Begrunnelse

Åkra sør – Veakrossen (omkøyringsvegen) er eit omstridd vegprosjekt på Karmøy som lenge har vore under planlegging. Det har berre blitt aktuelt gjennom Haugalandspakken (2009–2023), men er nå ute av bompengepakken.
Omkøyringsvegen har i år blitt aktualisert i samband med planar om ein ny bompengepakke på Karmøy ein gong etter 2023. Fleirtalet i Rogaland fylkeskommune vedtok derfor den 26. oktober å løyva 10 millioner kroner til vidare utgreiingar av omkøyringsvegen.
Saman med mellom anna ein planlagt bypakke i Haugesundsområdet, vil omkøyringsvegen medføra eit svært høgt bompengenivå for mange på Karmøy – dersom fylkeskommunen landar på dette alternativet.
Omkøyringsvegen har aldri vore del av ein fylkeskommunal transportplan, og har berre blitt aktuell gjennom Haugalandspakken – den gongen etter eit ønske frå Karmøy kommunestyre. Oppslutninga om prosjektet har samtidig vore dalande også i kommunestyret.
Sist det vart offentleggjort ein nytte-/kostnadsanalyse av prosjektet var i 2010. Prosjektet har sidan den gongen tredobla seg i pris, og har nå etter alt å dømma ein høg negativ samfunnsøkonomisk nytteverdi. Fylkeskommunen har altså vedtatt å løyva pengar til vidare utgreiingar utan å kjenna den kalkulerte nytteverdien av prosjektet.
Arbeidet med omkøyringsvegen starta openbart i feil ende. Ei oppgradering av eksisterande veg gjennom Åkra vart aldri vurdert, til trass for at det aller meste av trafikken ikkje er gjennomgangstrafikk. Omkøyringsveien vart truleg brukt som eit slags «lokkemiddel» for å få Karmøy med i Haugalandspakken.
Fylkesvegane er fylkeskommunens ansvar, og det kan ikkje vera slik at eit kvart prosjekt som kan realiserast med bompengar, skal gjennomførast berre fordi eit kommunestyrefleirtal ønskjer det – heilt uavhengig av samfunnsnytten og bompengebelastninga til prosjektet. I så måte peikar omkøyringsvegen på ei viktig prinsipiell problemstilling som samferdselsministeren bør ta stilling til.
Omkøyringsvegen har også svært mange negative sider knytt til både jordvern, naturmangfald, friluftsliv og landskapsverdiar. Av den grunnen har det kome mange motsegner, og sjølv etter fire departementsbehandlingar er prosjektet ikkje planavklart.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Gjennom bompengar bidreg bilistane til å finansiere mange viktige samferdselsprosjekt. Det er eit sentralt prinsipp om at bompengeinnkrevjing skal vere lokalt forankra. Innkrevjing av bompengar skjer altså på bakgrunn av lokalpolitisk initiativ og tilslutning frå lokale styresmakter. Det må føreliggje lokalpolitiske vedtak i aktuelle kommunar og i fylkeskommunen. Bompengeinnkrevjing på det offentlege vegnettet krev òg samtykke frå Stortinget, jf. veglova § 27.
Bompengefinansierte pakker skal ivareta einskilde satte krav, prinsipp og føringar som gjeld slike pakker. Retningslinene for porteføljestyrte bompengepakker er i dei seinare år blitt stramma inn. Det blir stilt krav om at det skal vere balanse mellom utgifter og inntekter før ei sak kan leggjast fram for Stortinget. Dette inneber at det ikkje lenger vil være mogleg å leggje fram ei prosjektliste utan kostnadsoverslag for konkrete prosjekt. Det blir vidare stilt krav til at prosjekta skal kunne gjennomførast innanfor den økonomiske ramma, og at det skal være god kostnadskontroll i prosjekta. Det er avgrensa handlingsrom til å endre bompengeopplegget undervegs.
Saka som spørsmålet er relatert til, gjeld Haugalandspakka. Det pågår her ein lokal prosess, og eg går derfor ikkje inn i denne saka på noverande tidspunkt.