Skriftlig spørsmål fra Liv Kari Eskeland (H) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:306 (2021-2022)
Innlevert: 09.11.2021
Sendt: 10.11.2021
Besvart: 15.11.2021 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Liv Kari Eskeland (H)

Spørsmål

Liv Kari Eskeland (H): Med bakgrunn i takstreduksjonen som vart gjennomført av regjeringa Solberg i inneverande år på 25 %, er det interessant å få klarheit i kva den reelle takstreduksjonen frå dagens nivå faktisk vert.
Kan eg be om svar på kva den reelle takstreduksjonen vert med dette forslaget ut frå dagens nivå, der også moms vert reflektert?

Begrunnelse

Prop. 1S Tillegg 1 (2021-2022) angir at ferjetakstar på riks- og fylkesvegsferjer vil bli redusert frå 01 jan 2022. Det framstår uklart kva den reelle takstreduksjonen vil bli, ettersom ein set reduksjonen frå 01.01.21. Solberg-regjeringa foretok ein reduksjon med verknad frå 01.07.21 og ein bør difor oppgi ein reduksjon i forhold til dagens nivå.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: I Prop. 1 S (2021–2022) foreslo regjeringa Solberg å setje av 483 mill. kr til reduserte ferjetakstar på riks- og fylkesvegferjene. I Prop. 1 S Tillegg 1 (2021–2022) foreslår regjeringa å setje av ytterlegare 489,8 mill. kr til reduserte ferjetakstar. Samla sett er det foreslått å setje av 972,8 mill. kr. Framlegget legg til rette for at takstane for reisande vil liggje 30 pst. under takstnivået som galdt 1. januar 2021 i både riks- og fylkesvegferjedrifta. I tillegg foreslår regjeringa 30 mill. kr til gratis ferjer i trafikksvake samband.
Regjeringa sitt framlegg legg til rette for ein takstreduksjon for den reisande på 11,7 pst. frå dagens nivå til 1. januar 2022. Regjeringa Solberg sitt framlegg ville gitt ein takstauke for den reisande på 12,7 pst. frå dagens nivå til 1. januar 2022.
Den mellombels låge mva-satsen vart tilbakeført frå 6 pst. til 12 pst. med verknad 1. oktober 2021. Dette er reflektert i dei prosentvise samanlikningane i svaret.