Skriftlig spørsmål fra Grunde Almeland (V) til kultur- og likestillingsministeren

Dokument nr. 15:134 (2021-2022)
Innlevert: 22.10.2021
Sendt: 25.10.2021
Besvart: 01.11.2021 av kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen

Grunde Almeland (V)

Spørsmål

Grunde Almeland (V): I Hurdalsplattforma set AP og SP fram at kulturbudsjettet skal auke til 1 % av statsbudsjettet. For 2021 er kulturbudsjettet på litt over 23,6 milliardar. Det er likevel eit ope spørsmål om kva som skal inkluderast i reknestykket når denne lovnaden skal møtast.
Skal til dømes avsetningar til mediepolitikken vere ein del av dette; for 2021 - kva prosent utgjer dei 23,6 milliardane som er sette av i år, og vil statsråden halde krisemidlar i samband med pandemien utanfor reknestykket?

Anette Trettebergstuen (A)

Svar

Anette Trettebergstuen: I Hurdalsplattforma kjem det fram at regjeringa vil gjennomføre eit nytt kulturløft, med mål om gradvis å auke kulturen sin del av statsbudsjettet til éin prosent. Regjeringa vil på høveleg vis komme tilbake til Stortinget med ei nærare konkretisering av dette målet.
Løyvingane til medieføremål under utgiftskapittel 335 på Kulturdepartementet sitt budsjett utgjorde i saldert budsjett for 2021 på 7 017,6 millionar kroner. Det utgjorde da om lag 30 prosent av dei samla løyvingane over Kulturdepartementet sitt budsjett.
Løyvingane til krisemidlar i samband med pandemien utgjorde i saldert budsjett for 2021 om lag 2,5 milliardar kroner. Regjeringas mål om eit nytt kulturløft er sett for kommande stortingsperiode.