Liv Signe Navarsete (Sp): Meiner statsråden at lokalt brannvesen bør ha tilgang til å øve på ferjene i samarbeid med ferjemannskapa, og vil statsråden sørgje for tydlegare reglerverk, betre opplæring og naudsynt utstyr for lokalt brannvesen som må handtere hendingar på elektriske ferjer?
Begrunnelse
Dei siste åra har det blitt fleire og fleire ferjesamband som har gått over til elektrisk framdrift. Store batteripakker er installert i ferjene, og me kjenner frå fleire hendingar på vegnettet at brann i slike batteripakker er krevjande og sløkkje, og ein slik brann avgir farlege avgassar. Rederia har ansvar for tryggleik og beredskap under segling, men det har vore hendingar der lokalt brannvesen har blitt kalla ut ved fare for brann. I tillegg er det mange stader installert store batteripakker på kai.
Underteikna har motteke informasjon om at lokalt brannvesen ikkje har fått tilgang til å øve på hendingar som brann i batteripakker på ferjer, både på ferjene og på kai. Dette til tross for at dei blir utkalla av alarmsentralane ved hendingar.