Skriftlig spørsmål fra Geir Adelsten Iversen (Sp) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:2514 (2020-2021)
Innlevert: 18.06.2021
Sendt: 18.06.2021
Besvart: 25.06.2021 av klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn

Geir Adelsten Iversen (Sp)

Spørsmål

Geir Adelsten Iversen (Sp): Vil ministeren sette i gang et fiske for å redusere antall pukkellaks som har eksplodert i antall?

Begrunnelse

Det koker av pukkellaks på yttersiden av Sørøya og mange andre plasser langs kysten. Fiskere ønsker å kunne fiske den opp med bidrag fra staten. Jeg har aldri vært i nærheten av å ha opplevd noe slikt før. Det er veldig bekymringsfullt. Det er synd og skam at han er her, sier fiskeren. Pukkellaksen er nemlig en svartelistet art som kan utgjøre en fare for Norges sårbare bestander av atlantisk laks og sjøørret. Fiskere mener at de kan få den bort om en bruker Det er en fiskeart som ikke skal være her. Jeg hørte om noen tilfeller i fjor også. Skal man få vekk denne fisken så må det fiskes med garn.

Sveinung Rotevatn (V)

Svar

Sveinung Rotevatn: Pukkellaksen er ein framand art, som ikkje høyrer heime i norske elver og farvatn. Likevel kjem pukkellaks opp i elvene våre kvart år for å gyte. Dei bestandane som kjem i oddetalsår – oddetalsbestandane – er betydeleg større enn partalsbestandane. Pukkellaksen har ein toårig livssyklus, og stor evne til å spreie seg og etablere nye bestandar.
Vitenskapskomiteen for mat og miljø (VKM) presenterte i januar 2020 ei vurdering av kva risiko pukkellaksen utgjer for biologisk mangfald og akvakultur. I denne vurderinga blir det konkludert med at aukande bestandar av pukkellaks vil ha negative konsekvensar for det biologiske mangfaldet, produktiviteten til lokale laksebestandar og akvakultur.
På bakgrunn av denne risikovurderinga ga departementet Miljødirektoratet i oppdrag å utarbeide ein handlingsplan mot pukkellaks. Denne handlingsplanen er nett oversendt til departementet.
Det overordna målet for planen er å fjerne så mykje pukkellaks som mogleg frå norske elver. Dette vil igjen bidra til å hindre negativ påverknad på lokale laksebestandar og det biologiske mangfaldet generelt, hindre produksjon av pukkellaks i Troms og Finnmark slik at tilbakevandringa til elver lengre vest og sør og blir halde lågt dei neste åra, og sørge for at det ikkje blir produsert pukkellaks i norske elver som kan spreie seg vidare til andre land.
Handlingsplanen går gjennom kunnskapsgrunnlaget og behovet for å innhente meir kunnskap om pukkellaksen, og vurderer dei tiltaka som kan settast inn for å redusere bestanden av pukkellaks. Følgande tiltak blir vurdert som mest effektive: flyteristfeller nær elvemunningen; garn, not eller ruser langt nede i elva; drivgarn eller kastenot lengre opp i elva. Kva som gjer best resultat vil og avhenge av dei naturgitte forholda i kvar elv.
Det er planlagt utfisking av pukkellaks i ei rekke vassdrag i år. I Troms og Finnmark er det over tretti vassdrag som har søkt om, og fått løyve til, utfisking. I nokre vassdrag blir dette gjort med feller, men i dei fleste vassdrag blir pukkellaksen fiska ut med garn. Det er interesseorganisasjonar og elveeigarlag som tar initiativ til slike tiltak. Statsforvaltaren gir løyve til tiltaket, og organisasjonane kan søke om økonomisk tilskot frå Miljødirektoratet. Eg vil understreke at interesseorganisasjonane og elveeigarlaga gjer ein betydeleg innsats på dette feltet.
I handlingsplanen blir det foreslått å opprette ei nasjonal kompetansegruppe som kan ta eit overordna ansvar for organiseringa av arbeidet mot pukkellaks. Som eit ledd i vurderinga av innsatsen mot pukkellaks, vil Klima- og miljødepartementet og vurdere korleis dette arbeidet bør bli organisert for å sikre at utfiskinga av pukkellaks blir så effektiv som mogleg.